Opna hovudmenyen

Memphis, Tennessee av Chuck Berry

Memphis, Tennessee
Singel av Chuck Berry
A-side «Back in the U.S.A.»
Sjanger blues, rock and roll
Lengd 2:12
Selskap Chess 1729
Låtskrivar(ar) Chuck Berry
Chuck Berry-kronologi
«Almost Grown»
(1959)
Memphis, Tennessee «Broken Arrow»
(1959)


Memphis
Singel av Johnny Rivers
frå albumet At the Whisky à Go Go
B-side «It Wouldn't Happen With Me»
Utgjeve 1964
Selskap Imperial 66032
Låtskrivar(ar) Chuck Berry
Johnny Rivers-kronologi
Memphis «Maybellene»
(1964)


«Memphis, Tennessee» er ein song av Chuck Berry som også er kjend under tittelen «Memphis». Han vart først gjeven ut i USA som B-sida til «Back in the U.S.A.» i 1959, medan han var A-side saman med «Let It Rock» i Storbritannia i 1963.[1] Her nådde songen sjetteplassen på singellista,[2] samstundes som ein coverversjon med Dave Berry and the Cruisers gjeven ut av Decca Records òg vart ein hit i USA.[3] I 1963 spelte gitaristen Lonnie Mack inn ein rask, instrumental versjon av songen. Denne nådde femteplassen på singellista i USA og fjerdeplassen på R&B-lista i USA.[4] Størst suksess med «Memphis, Tennessee» hadde Johnny Rivers, som nådde andreplassen i USA i 1964.

Den melankolske songen er ein monolog frå ein person som prøver å spora opp ei jente i Memphis ved hjelp av opplysingtenesta for rikstelefonen. I løpet av songen kjem det fram at han er blitt han er blitt skild frå denne jenta, Marie, av mor hennar, og at Marie berre er seks år gammal.[1] Chuck Berry blei inspirert til å skriva songen av forteljingar om skilsmål og barnetragediar i omgangskrinsen sin.[5] Han skreiv seinare ein oppfølgjar, «Little Marie», som kom ut i 1964 som singel og på albumet St. Louis to Liverpool.

Andre versjonarEndra

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra