Carl Fredrik Engelstad

Carl Fredrik Johan Engelstad, kjend som Carl Fredrik Engelstad, (11. november 19151. oktober 1996), var ein norsk teatersjef, forfattar, dramatikar, journalist, litteraturforskar og omsetjar fødd i Hadsel. Engelstad var utdanna magister i europeisk litteraturhistorie. I 1960-61 var han teatersjef for Nationaltheateret. Han arbeidde det meste av livet som journalist og litteraturkritikar, fyrst for Morgenbladet og sidan for Aftenposten.

Carl Fredrik Engelstad

Statsborgarskap Noreg
Fødd 11. november 1915
Hadsel
Død

1. oktober 1996 (80 år)

Yrke lingvist, journalist, skribent, omsetjar, biograf
Språk norsk
Ektefelle Vibeke Engelstad
Carl Fredrik Engelstad på Commons

Engelstad debuterte skjønnlitterært i 1949 med skodespela Pen eldre herre og Ung mann på vingene, medan den fyrste romanen hans, Gjester i mørket, kom i 1957. Han skreiv romanar, skodespel, biografiar og sakprosa om mellom anna litteraturforsking. Han vann Kritikarprisen to gonger.

Prisar

endre

Bøker

endre
  • 1940Mennesker og makter : Sigrid Undsets middelalderromaner – sakprosa
  • 1940Stadier i naturalismen : Flaubert - Zola - Strindberg
  • 1942Frans fra Assisi : trubadur og helgen – biografi
  • 1946Fredrik Ramm : en minnebok – biografi
  • 1946Ronald Fangen : en mann og hans samtid – biografi
  • 1957Gjester i mørket – roman
  • 1967Tiden og troen – sakprosa
  • 1968Kulturkollisjon i Afrika – sakprosa
  • 1970Notater underveis – artikkelsamling
  • 1972Fire norske diktere : Gunnar Heiberg, Nils Collett Vogt, Vilhelm Krag, Sigbjørn Obstfelder
  • 1973Jordbær på et strå
  • 1974Vårt århundre i speilet : 25 romaner om en kultur i krise – sakprosa
  • 1975Et ord er et under – artikkelsamling
  • 1977Størst blant dem : Peter Havigs notater – roman
  • 1981Tre Maridalsspill: Kirkebyggeren. Svartedauen. Kirkesølvet – drama
  • 1982Drømmen om mennesket : litterære essays
  • 1984Ludvig Holberg : gjøgleren, granskeren, gåten – sakprosa
  • 1986De levendes land – roman
  • 1989Anne-Lise Knoff – skriven saman med Arve Stensrud – kunstbok
  • 1990Fortid og nærhet – essaysamling
  • 1992Norske Selskabs Blomst og Krone : Johan Herman Wessel 1742-1785 – sakprosa

Kjelder

endre