Carl Geelmuyden
Carl Victor Emanuel Geelmuyden (19. mai 1859–7. juli 1942) var ein norsk skulemann, ordførar og stortingsmann for Venstre, fødd i Fredrikshald. Ivar Geelmuyden var far hans.
Carl Geelmuyden | |||
| |||
Fødd | 19. mai 1859 | ||
---|---|---|---|
Død | 7. juli 1942 (83 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Venstre | ||
Yrke | politikar | ||
Far | Ivar Geelmuyden | ||
Alle verv |
|
Geelmuyden vart student frå Bergens katedralskule i 1876, cand. mag. i 1885. Han var lærar ved Hamar skole frå 1886, og 1892-93 adjunkt i Tromsø. Perioden 1893-1908 var han overlærar ved folkeskulen i Bergen. Frå 1908 rektor ved Tanks skole i Bergen.
Geelmuyden var medlem av Bergens bystyre frå 1899, periodane 1907-10 og 1914-16 var han ordførar. Skulstyreformann i Bergen frå 1911, forlikskommissær frå 1908. Valbolken 1900-03 var han 4. representant frå Bergen og partiet Venstre på Stortinget. Han var medlem av jarnbanekomiteen og i 1903 av den utvida budsjettkomiteen. Permittert i ni veker vårsesjonen 1901 (februar-april) grunna sjukdom.
Han var medforfattar til fleire bokverk om Bergens historie.