Carl Wilhelm Boeck

norsk lege og stortingsrepresentant

Carl Wilhelm Boeck (15. desember 180810. desember 1875) var ein norsk lege og stortingsrepresentant. Han var son av Cæsar Boeck.

Carl Wilhelm Boeck

Fødd15. desember 1808
Kongsberg kommune
Død10. desember 1875
Christiania
NasjonalitetNoreg
Områdemedisin
Yrkelege, professor, politikar, patolog
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
Alma materUniversitetet i Oslo
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi
Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab

Boeck kom til verda på Kongsberg. Frå 1827 var han student, og i 1831 vart han uteksaminert som cand. med. Han la deretter ut på ei vitskapleg reise til Sverige, Danmark og Tyskland. 1832 var han koleralege i Drammen, året etter var han konstituert berglege på Kongsberg. 1833-35 korpslege ved Hedemarkens nationale musketerkorps.

Boeck vart fast tilsett berglege i Kongsberg og distrikslege i Numedal og Sandsvær frå 1835. I tillegg var han Kongsberg Våpenfabrikks første lege frå 1836 fram til våren 1846. Her utmerka han seg ved å operere plastisk på augelok og for skjeling.

Boeck var lektor ved universitetet i Kristiania frå 1846, professor i medisin 1851-69. Deretter privatlege i Kristiania 1870, og overlege ved rikshospitalet si hudavdeling frå 1871. Han var elles særleg kjend for sitt arbeid med syfilis og leprasykja. Fleire gongar, over ein periode frå 1840 til -69, reiste han på studieferder til utlandet, både med offentlege stipend og på eigen kostnad. Mellom anna var han i England, Frankrike, Italia, Hellas, Austerrike og USA.

Boeck var stortingsrepresentant for Kongsberg i 1845. Han var då medlem av kyrkjekomiteen.

Boeck var i fleire år formann i 'Det medisinske selskap'. Han var æresdoktor ved Lunds Universitet, medlem av den franske Æreslegionen og kommandør av St. Olavs Orden. Boeck døydde i Kristiania.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914, Kristiania 1914

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Carl Wilhelm Boeck