Cathrine Evelid

Cathrine Hølmebakk Evelid (fødd 25. september 1969 i Bergen)[1] er ein norsk biletkunstnar og forfattar.

Cathrine Evelid
Nasjonalitet Norsk
Fødd 25. september 1969 (52 år)
i Bergen
Yrke Biletkunstnar, forfattar
Periode 2012-
Debut Mamma er en countrysang

Evelid er utdanna biletkunstnar frå Statens håndverks- og kunstindustriskole i Oslo, Kunsthøgskolen i Bergen og Chelsea College of Art and Design i London.[2] Ho debuterte som forfattar i 2012 med romanen Mamma er en countrysang.

Ho er oppvaksen i Feda i Kvinesdal[3] og busett i Oslo.[2]

BøkerEndra

  • 2012 – Mamma er en countrysang – Roman - Nominert til Norli debutantpris.
  • 2013 – Dinglen og Ramona – Roman - Nominert til Sørlandets litteraturpris.

ReferansarEndra

  1. ««Cathrine Hølmebakk Evelid (25.09.1969)»». forfatterkatalogen.no. Henta 16. februar 2013. 
  2. 2,0 2,1 «Presentasjon av Cathrine Evelid». Nettstaden til Aschehoug & Co. Henta 16. februar 2013. 
  3. Kurt Bakkemoen. «Livet er som en country-sang». VG. Henta 16. februar 2013. 

BakgrunnsstoffEndra