Celebration Day
Song av Led Zeppelin
frå albumet Led Zeppelin III
Utgjeve 5. oktober 1970
Innspelt May–august 1970
Sjanger Hardrock
Lengd 3:29
Selskap Atlantic Records
Komponist John Paul Jones
Tekstforfattar John Paul Jones, Robert Plant, Jimmy Page
Låtskrivar(ar) Jimmy Page, Robert Plant, John Paul Jones
Produsent Jimmy Page

«Celebration Day» er ein song av det engelske rockebandet Led Zeppelin frå albumet Led Zeppelin III frå 1970.

Songen kom nesten ikkje med på albumet, sidan lydteknikaren gjorde ein tabbe og sletta dei første taktane av trommesporet til John Bonham. For å skjule dette vart ein Moog synthesizer frå slutten av den førre songen på albumet, «Friends», nytta for å dekkje over redigeringa. Dette redda songen og han kom med på albumet.[1]

«Celebration Day» består av eit skranglete gitarriff av Jimmy Page og ei hypnotisk, transeliknande stemning. I eit intervju med Guitar World i 1993, forklarer Page oppbygginga av songen:

« Det er om lag tre eller fire riff som ver spela samstundes på den der, er det ikkje. Halve vart gjort med gitaren i standard stemming, og den andre halve vart gjort med ein slide gitar stemnd i open A, trur eg. Vi sette han saman i Headley Grange. Sidan vi lånte Rolling Stones sitt mobile platestudio, kunne me slappe av og ta den tida me trong og utvikle songane under øving. Eg hugsar ikkje så mykje om songen anna enn byrjinga vart sletta.[1] »

Teksten til Robert Plant omhandlar inntrykka hans av New York. På turneen deira i USA i 1971 introduserte Robert Plant stundom songen som «The New York Song». «Celebration Day» vart ofte spela på konsertane deira frå 1971 og ut 1973, og igjen i 1979.[2] Eit konsertopptak frå 1973 finst på The Song Remains the Same. Songen vart ikkje med i den originale filmversjonen, men DVD-utgåva inneheld songen som ekstrspor.

Jimmy Page spela «Celebration Day» på turne med The Black Crowes i 1999, og ein versjon med dei finst på albumet Live at the Greek. Plateprodusent Rick Rubin sa om songen «Han kjennest som eit godstog, sjølv om han ikkje er av dei tyngre songane deira. Det er eit veldig moment i måten dei spelar han på. Basslinja er forbi utruleg og samspelet mellom gitarane er verkeleg bra, det er tunge gitarriff mot funky gitarar».[3]

Songen vart gjeven ut som singel i Polen med «Paranoid» av Black Sabbath som B-side, og i Sør-Afrika med «Immigrant Song» som B-side.

Medverkande endre

Andre versjonar endre

Kjelder endre

  • Lewis, Dave (2004) The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, ISBN 0-7119-3528-9
  • Welch, Chris (1998) Led Zeppelin: Dazed and Confused: The Stories Behind Every Song, ISBN 1-56025-818-7
  1. 1,0 1,1 Intervju med Jimmy Page Arkivert 2011-08-07 ved Wayback Machine., Guitar World 1993
  2. Dave Lewis (1994), The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, Omnibus Press, ISBN 0-7119-3528-9.
  3. The Playlist Special: Fifty Artists Pick Their Personal Top 10s. Rolling Stone. Henta 24. mars 2011.