Central Hawke's Bay District

Central Hawke's Bay District er eit distrikt som ligg aust på NordøyaNew Zealand. Det dekkjer eit område på 3 327,92 km² og hadde eit estimert folketal på 13 300 i juni 2008[2]. Det dekkjer området frå Pukehou i nord til Takapau i sør, og strekkjer seg frå fjellrekkja Ruahine Range i vest til Stillehavskysten i aust.

Central Hawke's Bay District
distrikt
Land  New Zealand
Areal 3 327,92 km²
Folketal 14 142 (6. mars 2018)[1]
Kart
Central Hawke's Bay District
40°02′20″S 176°34′41″E / 40.039°S 176.578°E / -40.039; 176.578

Kommunikasjon endre

Riksvegen State Highway 2 går midt gjennom Central Hawke's Bay sørover til Palmerston North (108 km) og Wairarapa, og nord til Hastings (50 km) og Napier. Det er 70 km til Napier hamn og 75 km til flyplassen Napier Airport. Jarnvegslinja Palmerston North - Gisborne Line går gjennom Central Hawke's Bay med ein jarnvegsstasjon i Waipukurau. Denne linja knyter seg til Wairarapa Line i Woodville, og held fram gjennom Manawatu Gorge til Palmerston North.

Kvart av dei fire hjørna i distriktet har ein marae. Desse ligg i: Pukehou, Kairakau, Porangahau og Takapau.

Busetnader og lokalstyre endre

Det er to større byar i Central Hawke's Bay - Waipukurau og Waipawa - og ei rekkje mindre busetnader som til dømes Elsthorpe, Otane, Takapau, Tikokino og Ongaonga. Der er òg fleire mindre samfunn langs strendene, mellom desse er Kairakau, Pourerere, Aramoana, Blackhead og Porangahau. Administrasjonssenteret ligg i Waipawa, som er den nest største byen i distriktet

Central Hawke's Bay District er delt inn i to wards:

  • Aramoana / Ruahine
  • Ruataniwha

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre