Chalkositt
Chalkositt eller koparglans er eit metallisk mineral med liten hardleik. Fargen er gråleg svart på friskt brot, i motsetnad til bornitt, som det elles liknar av utsjånad. Kjemisk er det eit kopar(I)-sulfid Cu2S med 80 % kopar. Chalkositt er ein viktig malm som særleg opptrer i den supergene anrikingssonen i sulfidmalm.
Chalkositt | |||
| |||
Generelt | |||
---|---|---|---|
Kategori | Sulfidmineral | ||
Kjemisk formel | Kopar(I)sulfide: Cu2S | ||
Strunz-klassifisering | 02.BA.05a | ||
Krystallsymmetri | Monoklin 2/m - prismatisk | ||
Einingscelle | a = 15.246(4) Å, b = 11.884(2) Å, c = 13.494(3) Å; β = 116.35(1)°; Z = 96 | ||
Identifikasjon | |||
Farge | Mørkegrå til svart | ||
Krystallform | Søyleforma til prismatisk krystallar, òg massiv til korna | ||
Krystallsystem | Monoklin, pseudo-ortorombisk | ||
Tvilling | Vanleg på {110} ettergjevande pseudoheksagonale stjerneforma former | ||
Kløyv | Utydeleg på {110} | ||
Brot | Muslig | ||
Fastleik | Sprø til kan skjerast | ||
Mohs hardleiksskala | 2.5 - 3 | ||
Glans | Metallisk | ||
Strekfarge | Skinande svart til blygrå | ||
Transparens | Ugjennomsiktig | ||
Spesifikk vekt | 5.5 - 5.8 | ||
Smeltbarheit | 2-2.5 | ||
Kjelder | [1][2][3] |
I Noreg finst mineralet i mindre mengder på hydrotermale gangførekomstar i Telemark, saman med bornitt.
Kjelder
endre- Chalkositt. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/chalkositt.