Bornitt er ein broket kopar i form av ein rik koparerts som ofte finst saman med chalkositt (koparglans). I Noreg er det særleg utbreitt på ertsførekomstar i Telemark. På frisk brotflate er mineralet bronsefargea (gjerne kalla tambakbrunt), men det får lett ein blåleg anløpsfarge. Bornitt og chalkositt kan likne særs mykje på kvarandre, men chalkositt er svart på frisk brotflate. Bornitt er eit sulfid av kopar og jarn, Cu5FeIS4, krystalliserer kubisk og er relativt bløytt.

Bornitt

Bornitt frå Kasakhstan
Generelt
KategoriSulfidmineral
Kjemisk formelCu5FeS4
Strunz-klassifisering02.BA.10
KrystallsymmetriOrtorombisk (2/m 2/m 2/m)
Einingscellea = 10,95 Å, b = 21,862 Å, c = 10,95 Å; Z = 16
Identifikasjon
Molekylvekt501,88 g/mol
FargeKoparraud, bronsebrun, lilla
KrystallformKorna, massiv, impregnert - Krystalla er delvis kubiske, tolvkanta, åttesidige
KrystallsystemOrtorombisk - dipyramidal
TvillingPenetrerande tvilling på [111]
KløyvUperfekt på [111]
BrotMuslig
FastleikSprø
Mohs hardleiksskala3-3,25
GlansMetallisk
Strekfargegråsvart
Spesifikk vekt4,9-5,3
Optiske eigenskapar
BrytingsindeksUgjennomsiktig
PleokroismeSvak, men merkbar
Andre eigenskaparMagnetisk etter oppvarming, iriserande
Kjelder[1][2][3]
Lett iriserande bornittkrystall på kvartsnåler frå Kasakhstan (storleik: 3.6 x 2.2 x 1.2 cm)

Det er kalla opp etter Ignaz von Born frå Austerrike-Ungarn.

Kjelder endre

  • Bornitt. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 13. februar 2014.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Bornitt