Chantal Janzen
Chantal Janzen (fødd 15. februar 1979) er ein nederlandsk skodespelar, musikalartist og tv-programleiar. Ho har hatt roller i nederlandske filmar som De Dominee, Volle maan og Deuce Bigalow: European Gigolo, og ho har leia Idols. Janzen spelte òg rollen som Belle i den nederlandske musikalversjonen av Skjønnheten og udyret og Jane i Tarzan. Ho starta seinare ein tv-karriere i den nederlandske kanalen AVRO der ho leia prisshowet Gouden Televizier-Ring Gala frå 2008 til 2010. I 2011 gjekk ho over til den kommersielle TV-kanalen RTL 4, der ho har leia program som Holland's Got Talent og The Voice of Holland. Janzen har vunne Televizier-Ster-prisen for beste tv-programleiar fem gongar. I 2020 skulle Janzen vore programleiar for Eurovision Song Contest frå Rotterdam i Nederland, men tevlinga vart avlyst på grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020.[1] I staden leia ho tevlinga i 2021.[2]
Chantal Janzen | |||
| |||
Fødd | 15. februar 1979 (45 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Tegelen | ||
Aktive år | 2002– | ||
Verka som | programleiar, arrangementvert, songar, teaterskodespelar, filmskodespelar | ||
Prisar | Zilveren Televizier-Ster (female presenter) |
Bakgrunn
endreJanzen vart fødd i Tegelen og studerte seinare ved Amsterdamse Hogeschool voor de Kunsten. Ho vart undervist i dans, i sjangrar som klassisk, moderne, jazz og stepping. Ho vart òg undervist i skodespel, song og musikal.
Janzen har spelt i ei rekkje musikalar, blant andre Crazy For You, Kunt u mij de weg naar Hamelen vertellen, mijnheer, Saturday Night Fever, 42nd Street, Skjønnheten og udyret, Tarzan og Petticoat.[3][4][5]
Janzen har òg hatt gjesteroller i tv-program som Baantjer, Intensive Care, De Band, Meiden van De Wit og Kinderen Geen Bezwaar. Ho har òg leia lottotrekninga Staatsloterij Live og nederlandske Idol. Janzen har òg spelt i ei rekkje filmar, blant andre De Dominee, Feestje, Deuce Bigalow: European Gigolo, Volle Maan, Alles is Liefde, Kicks og tv-filmen Loverboy.[6] I desember 2002 slapp ho singelen «Achter De Sterren», tittelsongen frå filmen Science Fiction.[7][8]
Janzen vann John Kraaijkamp Musical Award i 2002 i klassa «kommande talent» for rolla i Saturday Night Fever. Ho vann òg ein musikalpris i 2005 for beste skodespelar i ei birolle, for innsatsen i musikalen Crazy For You. Ho vart òg nominert til beste kvinnelege hovudrolle i 2006 for rolla som Belle i Skjønnheten og udyret, og fekk ein ny nominasjon i 2007 for rolla som Jane i musikalversjonen av Tarzan. På grunn av graviditet måtte ho mellombels tre ut av rolla frå september 2008 til april 2009. Ho vart erstatta av Bente van den Branden under permisjonen. Etter Tarzan spelte ho ei rolle i Disney Musical Sing-Along.[9]
I 2011 avslutta Janzen engasjementet sitt for den nederlandske TV-kanalen AVRO og skreiv i staden kontrakt med RTL.[10] I 2012 hadde Janzen ei rolle i tv-seriane Divorce og Goede tijden, slechte tijden.[11] I 2019 hadde ho ei lita rolle i Goede tijden, slechte tijden.[12] Janzen har òg vore programleiar for ei rekkje program, blant andre De Jongens tegen de Meisjes, Everybody Dance Now, It Takes 2, Time To Dance og The Voice of Holland.[13] Ho har òg vore programleiar for Dance Dance Dance, All Together Now og Dancing with the Stars.[14][15][16] Dei siste åra har ho òg vore jurymedlem i tv-program som Your Face Sounds Familliar, Holland's Got Talent og The Talent Project[17][18]
I 2015 og 2016 var Janzen òg programleiar for den tyske versjonen av The Voice Kids og som jurymedlem i Superkids.[19][20]
I november 2019 offentleggjorde nederlandske NPO at Janzen skulle vere programleiar for Eurovision Song Contest 2020 frå Rotterdam i Nederland saman med Edsilia Rombley og Jan Smit. Men 18. mars 2020 vart Eurovision Song Contest avlyst på grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020.[1][21] I staden leia ho erstatningsshowet Eurovision: Europe Shine a Light. I 2021 fekk Janzen leia Eurovision Song Contest saman med Edisila Rombley, Jan Smit og Nikkie de Jager[2]
Filmografi
endreFilm
endreÅr | Tittel | Rolle |
---|---|---|
2002 | Volle maan | Andrea |
2003 | Loverboy | Claudia |
2003 | Pista! | Heidi |
2004 | Fighting Fish | Jennifer |
2004 | Feestje! | Talita |
2004 | De Dominee | Anna |
2005 | Deuce Bigalow: European Gigolo | Skandinavisk pornostjerne |
2007 | Kicks | Denise |
2007 | Shrek den tredje | Sneeuwwitje |
2007 | Alles is Liefde | Sarah |
2007 | Enchanted | Giselle |
2009 | De Hel van '63 | Dieuwke Ferwerda |
2010 | Nanny McPhee and the Big Bang | Isabel Green |
2010 | Het geheim | Laura Stikk |
2013 | Soof | Bob |
2014 | Pak van mijn hart | Julia |
2017 | Het verlangen | Brigitte Hooijmakers |
Fjernsyn
endreSom skodespelar
År | Tittel | Rolle |
---|---|---|
2002 | IC | Esther Goud |
2003 | Baantjer | Julia Hendrikx |
2003 | De Band | Inge |
2005 | Meiden van De Wit | Wendy |
2005 | De Lama's | Seg sjølv |
2005 | Samen | Iris Bestevaer |
2006 | Kinderen geen bezwaar | Seg sjølv |
2007 | Katja vs De Rest | Seg sjølv |
2010– | De TV Kantine | ulike roller, blant anna som:
Helga Geerhart, Barbie, Melania Trump, Mariska Bauer |
2012 | Goede tijden, slechte tijden | Glinda |
2012–2016 | Divorce | Sophie Schaeffer-Bax |
2019– | Kees & Co | Coosje |
2019 | Goede tijden, slechte tijden | Annelies de Heer |
Som programleiar eller jurymedlem
År | Tittel | Merknad |
---|---|---|
2003 | D'r op of d'r onder | jurymedlem |
2005–2006 | Idols 3 | programleiar med Martijn Krabbé |
2005–2006 | Staatsloterij Live | programleiar med Carlo Boszhard |
2006 | Staatsloterij €100.000 Show | programleiar med Carlo Boszhard |
2006–2007 | Ranking the Stars | panelmedlem |
2008 | Chantal@AVRO.nl | programleiar |
2008–2010 | Uitmarkt Musical Sing-Along | programleiar med Frits Sissing |
2008–2009 | Het Pink Ribbon Gala | programleiar |
2008 | Joseph Backstage | programleiar med Renate Schutte |
2008–2010 | Gouden Televizier-Ring Gala | programleiar |
2008 | Chalet Chantal | programleiar |
2009 | Zóóó 30 | programleiar med Ruben Nicolai |
2008–2009 | Het hofvijverconcert | programleiar |
2009 | Wie is mijn ex? | programleiar |
2009 | RTL Boulevard | programleiar |
2009 | Uitreiking Gouden Loekie | programleiar |
2009 | Mies 80! | programleiar |
2009-2010 | Weten zij veel!? | programleiar |
2010 | Op zoek naar Freek … met Chantal | programleiar |
2010 | Backstage bij Petticoat | dokumentar |
2011-2017 | De Jongens tegen de Meisjes | programleiar med Tijl Beckand |
2011 | Zie Ze Vliegen | programleiar med Carlo Boszhard, Irene Moors og Gordon |
2011 | Sunday Night Fever | programleiar |
2012 | Beat the Best | programleiar med Gordon |
2012 | Your Face Sounds Familliar | jurymedlem |
2013–2015 | Everybody Dance Now | programleiar |
2013– | Holland's Got Talent | jurymedlem |
2014 | Het beste van Holland's Got Talent | programleiar |
2014 | Beatrix, Met Hart en Ziel | programleiar |
2014 | Billy Elliot: Van Auditie Tot Applaus | programleiar |
2014–2017 | Chantal blijft slapen | programleiar med |
2014-2016 | The Voice Kids | programleiar med Thore Schölermann |
2015 | Carlo's TV Café | programleiar med Carlo Boszhard |
2015–2018 | Dance Dance Dance | programleiar med Jandino Asporaat (sesong 1–3), og med Humberto Tan (sesong 4) |
2015 | Superkids | jurymedlem |
2015–2016 | Het Collectief Geheugen | presenter |
2016 | It Takes 2 | programleiar med Gordon |
2017 | Janzen & Van Dijk | programleiar med Wendy van Dijk |
2017 | &Chantal | programleiar |
2017-heden | Chantal komt werken | programleiar |
2018 | Doe het lekker zelf | programleiar |
2018 | Time to Dance | programleiar med Jamai |
2018 | The Talent Project | jurymedlem |
2019 | The World's Best | jurymedlem |
2019– | All Together Now | programleiar med Jamai Loman |
2019– | Chantals Pyjama Party | programleiar |
2019– | Dancing with the Stars | programleiar med Tijl Beckand |
2019– | The Voice of Holland | programleiar med Martijn Krabbé |
2020 | Eurovision: Europe Shine a Light | programleiar med Edsilia Rombley, Jan Smit og Nikkie de Jager |
2021 | Eurovision Song Contest 2021 | programleiar med Edsilia Rombley, Jan Smit og Nikkie de Jager |
Musikalar
endreMusikal | |||
---|---|---|---|
År | Musikal | Rolle | Merknader |
2000–2001 | 42nd Street | Lorraine Fleming / Understudy Peggy Sawyer | |
2001–2003 | Saturday Night Fever | Stephanie Mangano | John Kraaijkamp Musical Award 2002 for nytt talent |
2003–2004 | Kunt u mij de weg naar Hamelen vertellen, mijnheer? | Lidwientje Walg | |
2004–2005 | Crazy For You | Patsy / 1st understudy Polly Baker | Muskalpris for beste birolle |
2005–2007 | Skjønnheita og Udyret | Belle | |
2007–2009 | Tarzan | Jane | |
2010–2011 | Petticoat! | Patricia «Pattie» Jagersma | |
2011–2012 | Wicked | Glinda | |
2012–2015 | Hij Gelooft in Mij | Rachel Hazes |
Privatliv
endreJanzen er gift med Marco Geeratz, og paret har to barn: James, fødd i 2009; og Bobby, fødd i 2018. Geeratz har i tillegg tre barn frå eit tidlegare forhold.[9][22]
Referansar
endre- ↑ 1,0 1,1 Svendsen, Maiken (18. mars 2020). «Eurovision Song Contest avlyst» (på norsk bokmål). Henta 19. mars 2020.
- ↑ 2,0 2,1 «The 4 ways to make Eurovision 2021 happen» (på engelsk). 18. september 2020. Henta 19. september 2020.
- ↑ «Chantal Janzen in musical Wicked» (på nederlandsk). Henta 18. september 2019.
- ↑ «Liefde voor het theater lonkt weer bij Chantal Janzen» (på nederlandsk). 5. september 2019. Henta 18. september 2019.
- ↑ Bartels, Bianca (10. oktober 2010). «Chantal Janzen stralend middelpunt in ’Petticoat’» (på nederlandsk). Henta 18. september 2019.
- ↑ «De beste films met Chantal Janzen» (på nederlandsk). Henta 18. september 2019.
- ↑ «Achter de sterren - Chantal Janzen» (på nederlandsk). Henta 18. september 2019.
- ↑ «A-Film Distribution start muzieklabel A-Film Music» (på nederlandsk). 8. oktober 2002. Henta 18. september 2019.
- ↑ 9,0 9,1 Wilma Nanninga (18. september 2008). «Chantal Janzen met zwangerschapsverlof» (på nederlandsk). De Telegraaf. Henta 21. desember 2010.
- ↑ «RTL 4 haalt Chantal Janzen binnen» (på nederlandsk). Volkskrantpublisher. 20. januar 2011. Henta 24. januar 2011.
- ↑ «Chantal Janzen zag Divorce niet zitten» (på nederlandsk). 23. februar 2013. Henta 18. september 2019.
- ↑ «Chantal Janzen heeft rolletje in Goede Tijden, Slechte Tijden» (på nederlandsk). 27. mars 2019. Henta 18. september 2019.
- ↑ «Chantal Janzen gaat The Voice of Holland presenteren» (på nederlandsk). 8. mars 2019. Henta 18. september 2019.
- ↑ «Chantal Janzen presenteert Dance, Dance, Dance». 2. mars 2015. Henta 18. september 2019.
- ↑ «Chantal Janzen presenteert nieuw seizoen Dancing with the Stars» (på nederlandsk). 9. januar 2019. Henta 18. september 2019.
- ↑ «Jamai Loman en Chantal Janzen in nieuwe RTL-zangshow» (på nederlandsk). Henta 18. september 2019.
- ↑ «Holland's Got Talent dumpt Patricia Paay» (på nederlandsk). Henta 18. september 2019.
- ↑ «Caro, Chantal en Roel in jury Talent Project» (på nederlandsk). 20. mai 2018. Henta 18. september 2019.
- ↑ «Vuurdoop voor Chantal Janzen bij Duitse Voice Kids» (på nederlandsk). Henta 18. september 2019.
- ↑ «Chantal Janzen: Die neue Sat.1-Moderatorin aus Holland» (på tysk). Henta 18. september 2019.
- ↑ «Exclusive: Introducing the Eurovision 2020 presenters!». EBU. 4. desember 2019. Henta 4. desember 2019.
- ↑ «Chantal Janzen bevallen van zoontje Bobby» (på nederlandsk). 30. mars 2018. Henta 12. desember 2018.
- Denne artikkelen bygger på «Chantal Janzen» frå Wikipedia på bokmål, den 22. november 2021.