Charles
mannsnamn
Charles er eit mannsnamn som er ei fransk og engelsk utgåve av Karl. Namna har germansk opphav, og tyder 'fri mann', altså ein mann som ikkje er træl eller liveigen, men heller ikkje har adelsrang. Charles har namnedag den 27. april.
På fransk blir namnet uttalt 'sjarl' og på engelsk 'tsjals' eller 'tsjarls'. Ein mogleg norsk uttale er 'sjarles'.
Namnet har kortformer eller kjæleformer som Charlie, Charley, Chas og Chuck. Kvinnelege namnevariantar er Charlene og Charlotte. Det kan også vera eit slektsnamn.
Namneberarar
endreFleire kongar har heitt Charles, men desse blir vanlegvis omtalte som Karl på norsk.
Førenamn
endre- Charles Montesqieu (1689-1755), fransk opplysningsfilosof
- Charles Babbage (1791–1871), engelsk matematikar
- Charles Darwin (1809–1882), engelsk naturhistorikar
- Charles Dickens (1812–1870), engelsk forfattar
- Charles Gounod (1818–1893), fransk komponist
- Charles Baudelaire (1821–1867), fransk forfattar
- Charles Brun (1866–1919), dansk politikar og minister
- Charles Spencer Chaplin (1889–1977), kjend som Charlie Chaplin, engelsk-amerikansk skodespelar og filmskapar
- Charles de Gaulle (1890–1970), fransk president
- Charles Lindbergh (1902–1974), amerikansk flygar
- Charlie Parker (1920–1955), amerikansk jazzmusikar
- Charlie Mingus (1922–1979), amerikansk jazzmusikar
- Chuck Berry (f. 1926), amerikansk musikar
- Charlie Watts (f. 1941), britisk trommeslagar, frå The Rolling Stones
- prins Charles av Wales (f. 1948), britisk kronprins
- Charlie Miller (f. 1976), skotsk fotballspelar
Slektsnamn
endre- Ray Charles (1930 - 2004), amerikansk songar