Charles Warren Stoddard

Charles Warren Stoddard (7. august 184323. april 1909) var ein amerikansk forfattar og redaktør som er best kjend for reisebøkene sine om livet i Polynesia.

Charles Warren Stoddard

Statsborgarskap USA
Fødd 7. august 1843
New York
Død

23. april 1909 (65 år)
Monterey

Yrke journalist, lyrikar, romanforfattar, skribent, universitetslærar
Medlem av American Academy of Arts and Letters
Signatur
Charles Warren Stoddard på Commons

Liv endre

Charles Warren Stoddard var fødd i Rochester i New York i 1843. Han nedstamma i rett linje frå Anthony Stoddard frå England, som slo seg ned i Boston i Massachusetts i 1639.

I barndommen flytta familien hans til New York by. I 1855 flytta familien så til San Francisco i California då faren fekk seg arbeid hjå eit handelsføretak. Stoddard var då 11, og blei straks slått av byen, som han hugsa for "natural tendency to overdress, to over-decorate, to overdo almost everything".[1] I 1857 drog han med den sjuke broren sin Ned på ei helsebringande reise til austkysten, der dei budde på garden til bestefar sin vest i delstaten New York.[2] I 1859 var han tilbake hjå familien i San Francisco.

Stoddard byrja skriva vers som ung i det gryande litterære miljøet i California. Han fekk sitt fyrste verk på trykk i The Golden Era i september 1862 under pseudonymet «Pip Pepperpod». Han fortalde seinare korleis han sneik bidraget sitt inn i postkassa til bladet utan at nokon andre visste om det: «No member of my family suspected that I was so bold as to dream of entering the circle of the elect who wrote regularly every week for the chief literary organ west of the Rocky Mountains.»[3] Tekstane hans blei godt mottekne, og blei seinare gjevne ut i samlinga Poems by Charles Warren Stoddard. Dårleg helse gjorde at han måtte gje opp planane sine om å studera ved college. Han prøvde å få ein karriere på scenen utan suksess.

Polynesia endre

I 1864 vitja Stoddard Polynesia der han skreiv South-Sea Idyls, ei samling brev han sende til ein venn. Denne vennen fekk dei gjevne ut i bokform i 1873. William Dean Howells kalla dei «the lightest, sweetest, wildest, freshest things that were ever written about the life of that summer ocean.»[4] Han vitja Polynesia fire gongar, og skreiv om inntrykka sine i Lazy Letters from Low Latitudes og The Island of Tranquil Delights.

Stoddard vitja Molokai fleire gonger og blei godt kjend med Fader Damien, ein katolsk misjonær utropt til helgen i 2009, som engasjerte seg hjå leprasmitta der. Stoddard si bok The Lepers of Molokai gjorde ifølgje Robert Louis Stevenson mykje for å etablera det offentlege omdømet til Fader Damien. I 1867, kort tid etter at den fyrste gongen han vitja Polynesia, konverterte Stoddard til katolisismen.[5] Han skreiv om konverteringa si i ei kort bok, A Troubled Heart and How it was Comforted.

Venner endre

I 1869 blei Stoddard gode venner med reiseskribenten Theresa Yelverton.[6]

I 1873 la han ut på ei lengre reise som spesialkorrespondent for San Francisco Chronicle. Oppdraget hans var ikkje avgrensa på noko vis. I fem år drog han gjennom Europa og så langt aust og sør som Palestina og Egypt. Han sende ei mengd materiale til avisa, men mykje av det blei ikkje trykt. Kring 1880 blei Stoddard medredaktør av bladet Overland Monthly i lag med Bret Harte og Ina Coolbrith.

Sommaren 1891 var Stoddard ombord på yachten «Ramona», som var eigd av Bohemian Club-medlemmet Harry Gillig og kona hans Aimee Crocker, som segla langs atlanterhavskysten. Andre gjester på lystbåten var målaren Theodore Wores, dramatikarane Augustus Thomas og Clay Greene, redaktøren Jerome Hart og skodespelaren Henry Woodruff.

Notre Dame endre

I 1885 ønskte Stoddard å slå seg ned, og tok imot stillinga som chair ved fakultetet for engelsk litteratur ved University of Notre Dame i Indiana. Han trekte seg seinare, med malaria som offisiell grunngjeving. Ifølgje litteraturhistorikaren Roger Austen var den verkelege grunnen konflikten mellom den katolske læra og Stoddard si homofile legning.[7]

Same årsak førte til at han gjekk frå ei liknande stilling han hadde ved Catholic University of America i Washington, D.C. frå 1889 til 1902. Ei kort tid flytta han til Cambridge i Massachusetts for å via seg heilt til litterært arbeid. Ein alvorleg, nær døyeleg sjukdom sette ein stoppar for planane. Han gav ut Exits and Entrances, ei bok som innheledt essay og skisser som han omtalte som favorittverka sine, truleg fordi dei tok for seg vennskapen hans med Stevenson og tilknytingar til andre litterære personar.

I april 1903 vende han tilbake til San Francisco og var æresgjest ved eit velkomstselskap ved Bohemian Club med mellom anna Henry James og Enrico Caruso til stades. Han slo seg så ned i Monterey i California for å prøva å vinna att helsa, men reiste framleis rundt i California, og var i San Francisco då byen blei råka av jordskjelv og påfølgjande brann i 1906.[8]

Han blei buande i Monterey, der han blei diagnostisert med hjartesjukdom, til han døydde av hjarteåtak i 1909.[9] 

Verk endre

 
Bilde frå A Trip to Hawaii (utgåva frå 1892)
  • Summer Cruising in the south Seas (1874)
  • Marshallah, a Flight into Egypt (1885)
  • A Trip to Hawaii (1885)
  • In the Footprints of the Padres (1902)
  • Cruising among the Caribbees (1893)
  • Hawaiian Life (1894)
  • Saint Anthony, The Wonder-Worker of Padua (1896)
  • A Cruise under the Crescent (1898)
  • Over the Rocky Mountains to Alaska (1899)
  • Father Damien, a Sketch (1903)
  • With Staff and Scrip (1904)
  • Hither and Yon
  • The Confessions of a Reformed Poet (1907)
  • The Dream Lady (1907)

Kjelder endre

  1. Tarnoff, Ben. The Bohemians: Mark Twain and the San Francisco Writers Who Reinvented American Literature. New York: The Penguin Press, 2014: 38. ISBN 978-1-59420-473-9
  2. Tarnoff, Ben. The Bohemians: Mark Twain and the San Francisco Writers Who Reinvented American Literature. New York: The Penguin Press, 2014: 39. ISBN 978-1-59420-473-9
  3. Tarnoff, Ben. The Bohemians: Mark Twain and the San Francisco Writers Who Reinvented American Literature. New York: The Penguin Press, 2014: 40. ISBN 978-1-59420-473-9
  4. Lyons, Paul (2006). American Pacificism: Oceania in the U.S. Imagination. New York: Routledge. s. 122. ISBN 9781134264155. Henta 17. mai 2015. 
  5. Tarnoff, Benjamin (2014). The Bohemians: Mark Twain and the San Francisco Writers Who Reinvented American Literature. Penguin Books. s. 143. ISBN 9781594204739. 
  6. Chloë Schama, Wild Romance: A Victorian Story (New York: Walker & Company), 151-153
  7. Austen, Roger; Crowley, John W. (1995). Genteel Pagan: The Double Life of Charles Warren Stoddard. Univ of Massachusetts Press. ISBN 978-0870239809. 
  8. «Bay Area Reporter :: Art Article.php». The Bay Area Reporter / B.A.R. Inc. 
  9. Austen, Roger; Crowley, John W. (1995). Genteel Pagan: The Double Life of Charles Warren Stoddard. Univ of Massachusetts Press. ISBN 978-0870239809. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Charles Warren Stoddard
  Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Charles Warren Stoddard