Charlie Drake

britisk skodespelar, komikar, songar og skribent

Charles Edward Springall (19. juni 192523. desember 2006) var ein engelsk komikar, skodespelar, songar og skribent kjend under artistnamnet Charlie Drake.

Charlie Drake

Fødd19. juni 1925
FødestadElephant and Castle
Død23. desember 2006 (81 år)
DødsstadRoyal Variety Charity
Aktive år1954–2006
Verka somskodespelar, komikar, songar, skribent, filmskodespelar, teaterskodespelar, manusforfattar, fjernsynsskodespelar

Drake var kjend for å vera kort (5' 1"/155 cm), ha krøllete raudt hår og vera glad i slapstick. Han var populær blant barn, og blei nasjonalt kjend for uttrykket «Hello, my darlings!».

Liv og virker

endre

Charles Edward Springall var fødd i Elephant and Castle i Southwark i Sør-London. Han tok jentenamnet til mora som artistnamn.[treng kjelde]

Komikk og skodespel

endre

Drake opptredde for fyrste gong då han var åtte. Etter å ha forlate skulen byrja han turnera på arbeidarklubbar (working men's club). Etter å ha vore i Royal Air Force under andre verdskrigen, blei Drake profesjonell underhaldar og debuterte på fjernsyn i The Centre Show i 1953. Han gjekk så saman med ein kamerat frå krigen, Jack Edwardes, om å bli eit underhaldningspar med namnet Mick and Montmorency. I 1954 opptredde han med Bob Monkhouse og Denis Goodwin i eit sketsjprogram på BBC Television Service, Fast and Loose.

Han opptredde i fjernsynsprogramma Laughter in Store (1957), Drake's Progress (1957–58), Charlie Drake In… (1958 til 1960) og The Charlie Drake Show (1960 til 1961), der opningsfrasen hans «Hello, my darlings!» blei særleg hugsa.

Drake vende tilbake til fjernsynet i 1963 med The Charlie Drake Show, eit samleprogram som han vann ein pris for ved Montreux-festivalen i 1968. Hovudinnslaget i dette programmet var ein lang sketsj med eit orkerster som framfører 1812-ouverturen, der Drake ser ut til å spela alle instrumenta og dirigera stykket. I ein scene skal han spela triangel og ventar på tur til å slå - ein sjanse han missar.

Andre program var Who Is Sylvia? (1967) Slapstick and Old Lace (1971) og den lovprisa The Worker (1965 til 1970).

Drake spelte òg i fire filmar — Sands of the Desert (1960), Petticoat Pirates (1961), The Cracksman (1963) og Mister Ten Per Cent (1967).

Musikk

endre

Drake spelte inn fleire album, dei fleste av dei produrte av George Martin for platemerket Parlophone.[1] Den fyrste, «Splish Splash», var ein coverversjon av ein rock and roll-song opphavleg spelt inn av Bobby Darin, og kom inn på topp ti-lista UK Singles Chart, der han nådde 7. plassen i 1958.[2] I 1961 blei «My Boomerang Won't Come Back» ein middels listesuksess i Storbritannia (14. plassen) og ein redigert, meir politisk korrwekt versjon (med eit ord overdubba) nådde 21. plassen i USA. «Mr. Custer» nådde 12. plassen i Storbritannia.

I 1972 spelte Drake inn den humoristiske songen «Puckwudgie» på Columbia records. Han viste til eit monster på 2-3-fot (61-91 cm) frå wampanoag-folkeminne. Denne nådde 47. plassen på BBC Top 50 tidleg i 1972.

I 1976, etter at han hadde forlate Genesis, produserte Peter Gabriel singelen «You Never Know» for Drake (UK Charisma). Denne nådde ikkje høgt på listene.

Seinare karriere

endre

Drake blei seriøs skodespelar på 1980-talet, og fekk gode meldingar for rolla si som Touchstone i As You Like It av Shakespeare ved Ludlow-festivalen, og ein pris for rolla si i Harold Pinter-stykket The Caretaker ved Royal Exchange i Manchester, der han spelte med Michael Angelis. Drake spelte også Smallweed i BBC-innspelinga av Bleak House (1985), og i Filipina Dreamgirls, ein fjernsynsfilm for BBC. Den siste sceneopptredenen hans var saman med Jim Davidson i Sinderella, ein pantomimeversjon av Oskepott-soga (Cinderella), som Baron Hard-on.

Privatliv

endre

Drake var gift to gonger. Han var gift med Heather Barnes frå 1953 til 1971, og dei hadde tre søner. I 1976 gifta Drake seg med Elaine Bird, men ekteskapet blei oppløyst i 1984.[3][4]

Utgjevingar

endre

Singlar

endre
  • Splish Splash / Hello My Darlings (1958) UK No. 7
  • Volare / Itchy Twitchy Feeling (1958) UK No. 28
  • Tom Thumb's Tune / Goggle Eye Ghee (1958)
  • Sea Cruise / Starkle Starkle Little Twink (1959)
  • Naughty / Old Mr Shadow (1960)
  • Mr. Custer / Glow Worm (1960) UK No. 12
  • My Boomerang Won't Come Back / She's My Girl (1961) UK No. 14 ; US #21; Australia No. 1
  • Tanglefoot / Drake's Progress (1962)
  • I Bent My Assegai / Sweet Freddy Green (1962)
  • I've Lost The End of My Yodel / I Can, Can't I (1963)
  • I'm Too Heavy for the Light Brigade / The Reluctant Tight-Rope Walker (1964)
  • Charles Drake 007 / Bumpanology (1964)
  • Only A Working Man / I'm A Boy (1965)
  • Don't Trim My Wick / Birds (1966)
  • Who Is Sylvia / I Wanna Be a Group (1967)
  • Puckwudgie / Toffee and Tears (1972) UK No. 47
  • Someone opened the Watergate and they all got wet / 'Ello Erf (1973)
  • You Never Know / I'm Big Enough for Me (1976) (produsert av Peter Gabriel)
  • Super Punk (1976) (spoof record)[5]

Filmar

endre
År Tittel Rolle Merknad
1954 The Golden Link Joe
1960 Sands of the Desert Charlie Sands
1961 Petticoat Pirates Charlie
1963 The Cracksman Ernest Wright
1967 Mister Ten Per Cent Percy Pointer
1974 Professor Popper's Problem Professor Popper

Kjelder

endre
  1. Tobler, John (1992). NME Rock 'N' Roll Years (1st utg.). London: Reed International Books Ltd. s. 69. CN 5585. 
  2. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 167. ISBN 1-904994-10-5. 
  3. Obituary, The Daily Telegraph 26. desember 2006, vitja 15. juni 2010
  4. Obituary, The Guardian, 28. desember 2006, vitja 15. juni 2010
  5. Davegoodman.co.uk Arkivert 28. september 2007 ved Wayback Machine.