Chathamskarv

fugleart
Chathamskarv
Chathamskarv
Chathamskarv
Utbreiing
Utbreiinga av Chathamskarv
Utbreiinga av Chathamskarv
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Aequornithes
Orden: Sulefuglar Suliformes
Familie: Skarvefamilien Phalacrocoracidae
Slekt: Phalacrocorax
Art: Chathamskarv P. onslowi
Vitskapleg namn
Phalacrocorax onslowi

Chathamskarv (Phalacrocorax onslowi) er ein kystbunden sjøfugl og ein mellomstor skarv. Han er endemisk for ChathamøyaneNew Zealand.

Skildring endre

Chathamskarvar er ca. 63 centimeter med kroppssvekt på 2,25 kilogram. Fjørdrakta er i svart, med kvit underside frå strupen til undergumpen. Kvite flekker på vengfjørene utgjer eit kvitt band på vengen når fuglen sit. Beina er lyseraude i hekkesesongen og auga har blå augering. Strupe og andlet får ein raud hudpose i hekketida. Ein oransje, naken hudflekk over nebbrota er framtredande, i utsjånad er dei elles mykje like vorteskarvar.

Denne arten finst berre rundt øygruppa Chathamøyane, dei kan beite opp til 24 kilometer ut frå land av øygruppa.[1]

Chathamskarvar hekkar i små koloniar i øygruppa, det inkluderer hovudøya Chatham Island, Rabbit Island ved Pitt Island og Star Key. Reira er bygd av plantar, tang og kvister. Dei legg 1-4, mest vanleg 2 eller 3 lyseblå egg i august til desember.

Dei søkjer vanlegvis føde aleine og føda er småfisk iblanda ulike artar av blekksprutar når dei er tilgjengelege.

Arten har status som kritisk trua, og bestanden er estimert til 1070 individ (2011), og er minkande.[1]

Kjelder endre

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 BirdLife International 2013

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Chathamskarv