Opna hovudmenyen

Christian Collett Kjerschow (23. august 182110. april 1889) var ein norsk embetsmann og politikar. Han var stiftamtmann i Tromsø frå 1869 til han døydde, stortingsmann 1868-69. Presten Peder Kjerschow var far hans.

Christian Kjerschow var student frå Tromsø skole i 1839 og vart cand.jur. i 1844. Sidan var han amtsfullmektig i Finmarken under Mons Lie, seinare i same stilling hos Anton Theodor Harris, den fyrste stiftsamtmannen i Tromsø stift. Der etter var han ei tid amtsfullmektig i Søndre Bergenhus, og frå 1851 fut og sorenskrivar i Øst-Finmarken 1851. Då embetet vart delt i 1854 heldt han fram som fut og sorenskrivar i Varanger 1854. I tillegg var han byfut og politimeister i Vardø ogVadsø. Frå 1869 var han stiftsamtmann i Tromsø.

Kjerschow var formann i ein kongeleg kommisjon om jordspørsmålet i Finnmark og ein kommisjon om handelen i amtet. Dessutan leia han ein svensk-norsk komite om jarnbane mellom Tromsø stift og Norrland i Sverige. Han var styremedlem frå 1871 i Noregs Bank si avdeling i Tromsø, og med styra for Tromsø Sparebank, Tromsø Museum og landbruksselskapet i amtet.

Kjerschow var suppleant til Stortinget 1859-60 frå Hammerfest og Vadsø 1859–1860, 1862-64 og 1865-67 frå valkrinsen Tromsø, Hammerfest, Vardø og Vadsø. Perioden 1868-70 representerte han same krinsen på Stortinget, sekretær i Odelstinget og medlem i Vegkomiteen.

KjelderEndra