Christian Malcolm
Christian Malcolm (fødd 3. juni 1979) er ein britisk tidlegare friidrettsutøvar frå Cardiff. Han vann i 2010 EM-sølv på spesialdistansen 200 meter og var i 2005 og 2007 med om å vinne VM-bronse i 4 x 100 meter stafett for Storbritannia.
Christian Malcolm | |
Statsborgarskap | Storbritannia |
Fødd | 3. juni 1979 (45 år) Cardiff |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000, Samveldeleikane 2002, Samveldeleikane 2006, Samveldeleikane 2010 |
Aktiv
endreWalisaren Malcolm vart med tida 20,29 sekund nummer 2 på 200 m under Samveldeleikane 1998 i Kuala Lumpur. Våren 2000 vann Malcolm same distansen på 20,54 ved hall-EM i Gent. Eit halv år seinare vart han femtemann i 200-meterfinalen under OL i Sydney på tida 20,23, 0,03 sekund unna bronsemedalje.
Malcolm var i sitt livs form då verdsmeisterskapen 2001 vart avvikla i Edmonton. På 100 meter gjorde han personbeste med 10,11 sekund. I semifinalen på 200 meter vann han sitt heat og sette personlege rekord på sterke 20,08 sekund. Like fort gjekk det ikkje i finalen på distansen, 20,22 heldt til femteplass.
År 2002 enda Malcolm på fjerdeplass på 200 meter ved europameisterskapen i München, 0,06 sekund unna bronsemedalje. I den same meisterskapen fekk han gull i 4 x 100 m stafett, ein medalje som fleire år etterpå vart annullert då ankermannen Dwain Chambers viste seg å ha vore dopa. Av same grunn gjekk også stafett-sølvmedaljen frå VM 2003 fløyten, laget i Paris-VM var det same som i München.
Malcolm vann stafett-bronse i lag med Jason Gardener, Marlon Devonish og Mark Lewis-Francis under VM 2005. Også i VM 2007 i Osaka sikra han seg stafett-bronse, då saman med Craig Pickering, Devonish og Lewis-Francis. Med tida 37,90 sekund rauk sølvplassen med ein hundredels sekund.
I Sommar-OL 2008 vart Malcolm nummer fem på 200 meter. Under EM 2010 i Barcelona presterte han årsbeste med 20,38 sekund i finalen, og kom i mål fattige 0,01 sekund etter gullvinnaren.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
endre- OL 2000 i Sydney: Nr 5 på 200 m – 20,23
- VM 2001 i Edmonton: Nr 5 på 200 m – 20,22 og nr 6 på 100 m – 10,11
- EM 2002 i München: Nr 4 på 200 m – 20,30
- VM 2003 i Paris: Utslått i semifinalane på 200 m (20,43=nr 9)
- OL 2004 i Aten: Utslått i semifinalane på 200 m (20,77=nr 12)
- VM 2005 i Helsinki: Bronsemedalje i 4 x 100 m stafett (38,27). Utslått i semifinalane på 200 m (21,09=nr 15)
- VM 2007 i Osaka: Bronsemedalje i 4 x 100 m stafett (37,90).
- OL 2008 i Beijing: Nr 5 på 200 m – 20,40
- EM 2010 i Barcelona: Sølvmedalje på 200 m – 20,38, bakom Christophe Lemaitre (20,37)
- VM 2011 i Daegu: Utslått i semifinalane på 200 m (20,88=nr 15)
- OL 2012 i London: Utslått i semifinalane på 200 m (20,51=nr 11)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Christian Malcolm» frå Wikipedia på engelsk, den 9. juli 2020.