Selmer-ministeriet
(Omdirigert frå Christian Selmer-ministeriet)
Selmer-ministeriet var ei norsk regjering som vart utnemnd 11. oktober 1880. Regjeringa, eller ministeriet, vart leia av statsministeren, Christian Selmer. Medlemene av regjeringa vart, med unnatak for Jacob Lerche Johansen, Christian Schweigaard og Nils Hertzberg, frådømt embeta sine ved statsrådsaka i mars 1884.
Statsministrar
endre- Christian Selmer
- Statsminister, 11. oktober 1880 – avskjed 11. mars 1884[1]
- Otto Kierulf
- Statsminister i Stockholm, 11. oktober 1880 – avskjed 21. mars 1884[2]
Statsrådar
endre- Henrik Laurentius Helliesen
- Sjef for Finansdepartementet frå 1880
- Medlem av statsrådsavdelinga i Stockholm september 1883
- Sjef for Kyrkjedepartementet mars 1884. Avskjed 26. mars 1884
- Nils Vogt
- Sjef for Indredepartementet frå 1880
- Medlem av statsrådsavdelinga i Stockholm september 1882
- Sjef for Indredepartementet september 1883. Avskjed 21. mars 1884
- Jacob Lerche Johansen
- Sjef for Marinedepartementet frå 1880
- Medlem av statsrådsavdelinga i Stockholm november 1881
- Sjef for Marinedepartementet september 1882
- Medlem av statsrådsavdelinga i Stockholm mars 1884
- Jens Holmboe
- Statsråd utan portefølje
- Sjef for Kyrkjedepartementet frå november 1880
- Sjef for Marinedepartementet frå november 1881
- Sjef for Justisdepartementet september 1882
- Medlem av statsrådsavdelinga i Stockholm september 1883. Avskjed 26. mars 1884
- Rasmus Nissen
- Sjef for Kyrkjedepartementet frå 1880
- Medlem av statsrådsavdelinga i Stockholm november 1880
- Sjef for Kyrkjedepartementet oktober 1881. I embetet til han døydde 19. januar 1882
- Adolph Munthe
- Sjef for Armédepartementet frå 1880. Avskjed 19. mars 1884
- Christian Jensen
- Sjef for Revisjonsdepartementet og Justisdepartementet frå 1880
- Sjef for Justisdepartementet desember 1880
- Medlem av statsrådsavdelinga i Stockholm september 1881
- Sjef for Indredepartementet september 1882
- Sjef for Justisdepartementet september 1883. Avskjed 26. mars 1884.
- Ole Bachke
- Medlem av statsrådsavdelinga i Stockholm frå 1880
- Sjef for Justisdepartementet november 1881
- Sjef for Revisjonsdepartementet september 1882
- Konstituert statsminister 11. mars 1884
- Christian Schweigaard
- Sjef for Revisjonsdepartementet frå 22. desember 1880
- Sjef også for Justisdepartementet september-november 1881
- Medlem av statsrådsavdelinga i Stockholm september 1882
- Sjef for Finansdepartementet september 1883, sjef også for Justisdepartementet 26. mars-3. april 1884
- Nils Hertzberg
- Sjef for Kyrkjedepartementet frå 30. januar 1882
- Medlem av statsrådsavdelinga i Stockholm mars 1884
Notar
endre- ↑ Etter Selmers avgang var Ole Bachke konstituert statsminister 11.-29. mars 1884, og Niels Mathias Rye konstituert statsminister 29.mars-3. april 1884
- ↑ Etter Kierulfs avgang var Wolfgang Haffner konstituert statsminister i Stockholm 21. mars-3. april 1884
Kjelder
endre- «Christian Selmers ministerium 11. oktober 1880 - 3. april 1884». Regjeringa.no. Henta 8. oktober 2014.
- Denne artikkelen bygger på «Christian Selmers ministerium» frå Wikipedia på bokmål, den 25. mars 2013.
Føregangar Frederik Stang-ministeriet |
Norske regjeringar 1880–1884 |
Etterfylgjar Christian Schweigaard-ministeriet |