Nils Hertzberg

norsk politikar

Nils Christian Egede Hertzberg (26. oktober 18278. juli 1911) var ein norsk skulemann, forfattar, stortingsmann og statsråd.

Nils Hertzberg

Statsborgarskap Noreg
Fødd 26. oktober 1827
Ullensvang kommune
Død

8. juli 1911 (83 år)
Christiania

Yrke politikar, redaktør, teolog
Språk norsk, dansk
Politisk parti Høgre
Far Nils Hertzberg
Nils Hertzberg på Commons
Nils Hertzberg. Illustrasjon i Verdens Gang, 1883.

Hertzberg vart fødd i Ullensvang, soknepresten Niels Hertzberg var far hans. Han levde barndomsåra sine her, men flytte alt som niåring til Bergen. I 1841 vart han elev ved Bergens katedralskole, same året døydde faren. Då det var tronge kår i familien etter dette, starta Hertzberg å gje privatundervisning. Etter examen artium i 1846 og som teologistudent var han huslærar i over eitt år og seinare lærar ved ein jenteskule i Kristiania. År 1851 vart han cand. theol., frå 1853 var han lærar på krigsskulen og i 1860 vart han andrelærar ved Askers seminar (lærarskule).

I 1866 vart Hertzberg ordførar i Bærum, året etter vart han styrar og fyrstelærar på Hamar seminar. Han var deretter ekspedisjonssjef i Kyrkjedepartementet frå 1873. Frå 1882 til 1884 var han kyrkjestatsråd i Christian August Selmer si regjering. Statsrådane i denne regjeringa vart stilt for riksrett i 1884 grunna statsrådssaka, som gjekk på om statsrådane skulle ha tilgang til forhandlingane til Stortinget eller ikkje. Sidan Hertzberg hadde trådt inn i regjeringa Selmer etter at sanksjonsnektinga for statsrådssaka hadde vorte avgjeven, vart han bøtelagt (kr. 8000,-), men ikkje frådømt embetet sitt. Difor var Hertzberg også kyrkjestatsråd i den kortvarige regjeringa til Christian Homann Schweigaard i 1884. Frå 1886 til 1891 var han stortingsmann frå krinsen Kristiania, Hønefoss og Kongsvinger. Begge dei to funksjonsperiodane var han medlem av kyrkjekomiteen, og røysta i lag med partiet Høgre.

Hertzberg si hjartesak var skule og oppseding, og han var ein av pionerane for å innføra faga gymnastikk og sløyd i skulen. Han grunnla Norsk Skoletidende i 1869 og var redaktør for skriftet til 1873. Hertzberg gjekk skarpt imot folkhehøgskulane som han ville motarbeida ved å organisera amtsskular. Han var føregangsmann for innføring av statsstønad til amtsskulane frå 1875. Frå 1880-åra av gav han ut ei rekkje bøker og skrifter om religiøse spørsmål, pedagogikk og barneoppseding, skulespørsmål og litterære og politiske emne.

Som far sin, vart òg Nils Hertzberg medlem av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab, frå 1883. Nils Hertzberg var i tillegg æresmedlem av Centralforeningen for Udbredelse af Legemsøvelser og Vaabenbrug og Foreningen til Dyrenes Beskyttelse. I 1877 vart han utnemnd til ridder av St. Olavs Orden, og den 4. november 1893 utnemnde Kong Oscar II Hertzberg til kommandør av 1. klasse av St. Olavs Orden for fortjenstfuld embedsvirksomhed. Hertzberg rakk å skriva ned memoarane sine i "Fra min Barndoms og Ungdoms Tid" og "Minder fra min Skolemestertid" før han døydde i Kristiania i 1911.

Verk endre

  • Indberetning om nogle Lærerseminarier i fremmede Lande, fra en Reise 1866 og 1867, 1868
  • Reiseberetning angaaende Sprog- og Skoleforholdene blandt Kvænerne og Lapperne i Tromsø Stift, 1878
  • Skolen og Kristendommen. To Foredrag, 1882
  • De Farer, der true den kristelige Skole i vort Land, 1885
  • Kvindens Kald, Uddannelse og Gjerning, 1887
  • Pædagogikens Historie, 1890
  • Opdragelse og Undervisning, 1891
  • Arbeiderspørsgsmaalet og Socialismen, 1891
  • Af Opdragelsens Historie. Jean Jaques Rousseau, 1893
  • Træk af Barnets Sjæleliv, 1897
  • Asker Seminar 1834–1866, 1898
  • Barnets kristelige Opdragelse, 1903
  • Fra min barndoms og ungdoms tid, 1909
  • Minder fra min Skolemestertid, 1910

Kjelder endre