Christian Hansen Tandberg (28. oktober 187223. desember 1951) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Modum i Buskerud.

Christian Tandberg
Fødd28. oktober 1872
Modum
Død23. desember 1951 (79 år)
Statsborgar avNoreg
PartiSenterpartiet
Yrkepolitikar, bonde

Tandberg var gardbrukarson frå Nykirke i Modum. Sjølv utdanna han seg til underoffiser i feltartilleriet frå 1893. Åra 1896-1901 arbeidde han som politimann i Drammen. Sidan dreiv han slektsgarden heime i Modum. Ved sidan av deltok han i militære øvingar og vart i 1930 utnemnd til løytnant.

Frå 1906 til -12 var Tandberg medlem i skulestyret i Modum. Periodane 1910-16, 1919-28 og 1931-34 var han medlem i heradsstyret, varaordførar 1922-25. Hausten 1933 vart han vald til stortingsmann frå Buskerud som representant for Bondepartiet. På Tinget var han medlem i Administrasjonskomiteen.

KjelderEndra