Christine av Danmark

Christine av Danmark og Noreg 0. november 152110. desember 1590) var den yngste dottera til kong Kristian II og dronning Elisabeth av Danmark-Noreg. Ho var hertuginne av Milano frå 1534 til 1535 og deretter hertuginne av Lothringen frå 1544 til 1545.

Christine av Danmark

Føddnovember 1521
Nyborg
Død10. desember 1590
Alessandria
Alle titlarprinsesse, hertuginne, hertuginne
Hus eller slektFyrstehuset Oldenburg
GravstadSt-François-des-Cordeliers
LandNoreg, Kongeriket Danmark
MorIsabella av Burgund
FarKristian II av Noreg, Danmark og Sverige
EktefelleFrancesco II Sforza, Franz I av Lothringen
BarnKarl III av Lothringen, Renata av Lothringen, Dorothea av Lothringen

Som enkjehertuginne fungerte ho som regent i Lothringen i åra 1545–1552, medan sonen hennar var mindreårig. Ho var også tronpretendent til dei danska, norska og svenska tronene frå 1561 til 1590.

Liv og virke

endre

Bakgrunn

endre

Gjennom mora var Christine systerdotter av den habsburgske keisaren Karl V. Saman med familien flykta ho til Nederlanda då Kristian II blei avsett frå den danske trona i 1523. Då mora døydde i 1526, blei Christine og dei to søskena hennar Hans og Dorothea overlatne til grandtanta Margarete, erkehertuginna av Austerrike, som også var statthaldar i dei habsburgske Nederlanda.

Ekteskap

endre

I 1534 blei Christine gift med hertug Frans II Sforza av Milano. Han døydde året etter, og familien førte deretter ekteskapsforhandlingar med mellom anna Henrik VIII av England.

I 1541 inngjekk ho det andre ekteskapet sitt, med hertug Frans av Bar, den seinare Franz I av Lothringen. Ho blei gravlagt ved sidan av han i krypten i hertugkapellet i Église des Cordeliers i Nancy.

Christine overtok kravet til systera Dorothea etter far deira, og titulerte seg som «rettmessig arving til den danska, norska og svenska trone». Ho slo fleire gonger medaljar med portrettet sitt, der ho kalla seg dronning av Danmark.

Barn med Franz I av Lothringen

endre
  • Karl III, hertug av Lothringen (fødd 15. februar 1543, død 14. mai 1608), gift med den franske prinsessa Claude de Valois
  • Renata (fødd 20. april 1544, død 22. mai 1602), gift i 1568 med hertug Wilhelm V av Bayern
  • Dorothea (fødd 24. mai 1545, død 2. juni 1621), i 1575 gift med hertug Erich II av Braunschweig-Kalenberg, i andre ekteskap 1597 gift med Marc de Rye de la Palud

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre