Clarence White

amerikansk songar og musikar

Clarence White (7. juni 194415. juli 1973), verkeleg namn Clarence LeBlanc, var ein amerikansk gitarist for Nashville West, The Byrds, Muleskinner og The Kentucky Colonels.

Clarence White

Fødd7. juni 1944
Lewiston i Maine i USA
FødestadLewiston
Død15. juli 1973 (29 år)
Palmdale i California i USA
DødsstadPalmdale
FødenamnClarence Joseph LeBlanc
OpphavUSA
Aktiv1958-1973
SjangerBluegrass, countryrock, rock
InstrumentGitar
Kjende instrument1954 Fender Telecaster med StringBender
1935 Martin D-28
PlateselskapColumbia
Verka somMusikar, låtskrivar

I lag med brørne starta han the Country Boys i 1962, som seinare vart the Kentucky Colonels. Dei fekk noko suksess som eit bluegrassband, men vart oppløyst i 1965. Han arbeidde ei stundom som studiomusikar i Los Angeles, mellom anna for The Monkees og spelte i lag med Gene Parsons i gruppa Nashville West. Dette var eit av dei første banda i lag med International Submarine Band og Flying Burrito Brothers som blanda country og rock i moderne popmusikk.

I 1966 spelte han gitar på det første soloalbumet til det tidlegare Byrds-medlemmet Gene Clark, Gene Clark with the Gosdin Brothers. Han og Gene Parsons vart så med i bandet til Clarke kort tid etter. White medverka på fleire av The Byrds sine album, Younger Than Yesterday, The Notorious Byrd Brothers og Sweetheart of the Rodeo, før han vart hyrt inn i bandet då Gram Parsons brått forlet bandet i 1968. Han var medlem av The Byrds fram til Roger McGuinn oppløyste bandet i 1973.

Tidleg i 1973 vart White med i bluegrassgruppa Muleskinner. 15. juli 1973 døydde White etter å ha blitt råka av ein fyllekøyrar. Ulukka skjedde medan han bar ustyr etter ein konsert.

Clarence White var medverkande til å popularisere akustisk gitar som soloinstrument i bluegrass. Før han hadde gitaren hovudsakleg vore eit rytmeinstrument.

I 2003 vart White rangert på 41. plass på lista til Rolling Stone over dei 100 største gitaristane gjennom tidene., medan gitarfabrikanten Gibson sette han på 42. plass på lista deira over dei 50 beste gitaristane.[1]

Kjelder endre