Gene Clark with the Gosdin Brothers

Gene Clark with the Gosdin Brothers
Studioalbum av Gene Clark
Språk engelsk
Utgjeve Februar 1967
Innspelt Sommaren 1966 (utanom «Echoes» spelt inn 29. september 1966)
Sjanger Countryrock, garasjerock, folkrock, barokkpop
Lengd 28:15
Selskap Columbia (USA) CBS (Storbritannia)
Produsent Larry Marks, Gary Usher
Gene Clark-kronologi 
Gene Clark with the Gosdin Brothers The Fantastic Expedition of Dillard & Clark
(1968)


Gene Clark with the Gosdin Brothers er det første soloalbumet til Gene Clark. Det kom ut i februar 1967 på Columbia Records. Albumet var det første han gav ut etter han slutta i folkrockgruppa The Byrds i 1966. Sjølv om albumet vart ein kritikarrost suksess og etablerte Clark som ein talentfull singer-songwriter, kom albumetut tett opp til utgjevinga av Byrds-albumet Younger Than Yesterday både i USA og Storbritannia, noko som hindra gode salstal. Musikarane på albumet vart mellom andre dei tidlegare bandkollegaene Chris Hillman og Michael Clarke; Wrecking Crew-musikarane Glen Campbell, Jerry Cole, Jim Gordon og Leon Russell; det framtidige Byrds-medlemmet Clarence White og den framtidige samarbeidspartnaren Doug Dillard. Vise- og countryduoen Gosdin Brothers song korvokal.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4/5 stars[1]

Nyutgjevingar endre

Albumet kom ut på nytt i USA i 1972 utan «Elevator Operator» og med nyinnspelt vokal og ny miks som var meint å gjere lyden «mjukare. Den nye utgåva fekk tittelen Collector's Series: Early LA Sessions.

CD-utgåva kom ut i 1988 på Edsel Records (Storbritannia) og nytta den originale stereomiksen frå 1966.[2] To år seinare gav CBS Special Products (USA) ut den originale monomiksen for si CD-utgåva og la til ein alternativ monomiks av «Tried So Hard» som ikkje var gjeven ut før som bonusspor.[3]

Ei ny utgåve av albumet kom ut på Columbia/Legacy i 1991 kalla Echoes. Denne var stort sett miksa på ny, men lyden var nærmare originalalbumet enn 1972-utgåva. Den største endingar vart at vokalen var på to spor og somme avslutningar var strekte ut. Echoes hadde òg ei anna rekkefølgje på songane og la til «The French Girl» (ein song av Ian and Sylvia), «Only Colombe», ein akustisk demo av «So You Say You Lost Your Baby» og fleire Clark-songar frå tidlege Byrds-innspelingar til som bonusspor.

Seinare utgåver frå 1997 og 2007 gjekk attende til den originale albummiksen og rekkjefølgja. Utgåva frå 2007 på Sundazed Records (produsert av Bob Irwin), inneheld òg fleire bonusspor.

I 2014 gav Sony Music Japan ut den originale monomiksen frå 1966 på CD, remiksen Collector's Series: Early LA Sessions og elleve bonussor - i alt 32 spor.[4]

Innhald endre

Alle songar er skrivne av Gene Clark, utanom der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Echoes» 3:15
2.«Think I'm Gonna Feel Better» 1:32
3.«Tried So Hard» 2:18
4.«Is Yours Is Mine» 2:25
5.«Keep on Pushin'»Clark, Bill Rinehart1:44
6.«I Found You» 3:00
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
7.«So You Say You Lost Your Baby» 2:07
8.«Elevator Operator»Clark, Rinehart2:53
9.«The Same One» 3:27
10.«Couldn't Believe Her» 1:52
11.«Needing Someone» 2:03
Bonusspor på Sundazed-utgåva frå 2007
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
12.«Tried So Hard» (alternativ versjon) 2:18
13.«Elevator Operator» (alternativ versjon) 2:53
14.«Only Colombe» (monoutgåve) 2:18
15.«The French Girl» (monoutgåve)Tyson, Fricker2:18
16.«So You Say You Lost Your Baby» (akustisk demo) 2:07
17.«Is Yours Is Mine» (akustisk demo) 2:25

Medverkande endre

Kjelder endre