Opna hovudmenyen
Sweetheart of the Rodeo
Studioalbum av The Byrds
Utgjeve 30. august 1968
Innspelt 9. til 15. mars og 4. april til 27. mai 1968
Studio Columbia Studios i Nashville
Columbia Studios i Hollywood
Sjanger
Lengd 32:35
Selskap Columbia
Produsent Gary Usher
The Byrds-kronologi
The Notorious Byrd Brothers
(1968)
Sweetheart of the Rodeo Dr. Byrds & Mr. Hyde
(1969)
Gram Parsons-kronologi
Safe at Home med International Submarine Band
(1968)
Sweetheart of the Rodeo The Gilded Palace of Sin med Flying Burrito Brothers
(1969)
Singlar frå Sweetheart of the Rodeo
  1. «You Ain't Goin' Nowhere»
    Utgjeve: 2. april 1968
  2. «I Am a Pilgrim»
    Utgjeve: 2. september 1968

Sweetheart of the Rodeo er det sjette albumet til det amerikanske rockebandet The Byrds og kom ut 30. august 1968 på Columbia Records.[1] Countryrockpionereen Gram Parsons var no blitt medlem i bandet, og dette var det første countryrockalbumet av ein større artist nokon gong, og for bandet var det eit stort sprang bort frå den psykedeliske rocken på det førre albumet, The Notorious Byrd Brothers.[2][3] The Byrds hadde stundom eksperimentert med country på dei fire førre albuma deira, men Sweetheart of the Rodeo er det første som stod med begge beina planta i denne leiren.[4][5][6] Med dette albumet vart Gram Parsons, som vart medlem av The Byrds like før innspelinga, kjend for det store publikum for første gong.[6][7] Albumet er derfor eit viktig kapittel for både Parsons sjølv og hans musikalske krosstog for å gjere countrymusikken populær att hos eit ungt publikum.[8]

Albumet var opphavleg meint som ei musikalsk historie gjennom amerikansk popmusikk frå 1900-talet, og skulle omfatta stilar som country, jazz og rhythm and blues.[4] Lidenskapen til den då ukjende Parsons for country gjorde at dette konseptet raskt vart skrinlagd, og albumet vart i staden eit reint countryalbum.[4][9] Plata vart spelt inn i både Nashville og Los Angeles, med fleire kjende studiomusikarar, som Lloyd Green, John Hartford, JayDee Maness og Clarence White.[10] Det vart krangling mellom Parsons og resten av bandet, særleg med McGuinn, og noko av vokalen til Parsons vart spelt inn på ny, mellom anna på grunn av juridiske komplikasjonar, og då albumet kom ut i august hadde Parsons alt forlate bandet.[11][12][13] Då The Byrds flytta seg frå rock og pop til country, førte dette til stor motstand i det særs konservative countrymiljøet i Nashville, som såg på The Byrds som ein gjeng hippiar som prøvde å øydeleggje countrymusikken.[9]

Då albumet kom ut nådde det 77. plassen på Billboard Top LPs i USA, men gjekk ikkje inn på lista i Storbritannia.[14][15] To singlar var gjevne ut frå albumet, «You Ain't Goin' Nowhere», som selde moderat, og «I Am a Pilgrim», som ikkje nådde lista i det heile.[15][16] Albumet fekk stort sett positiv omtale i musikkpressa, men endringa frå psykedelisk musikk framandgjorde store delar av pop-publikumet til bandet.[17] Trass i at albumet til då var det minstseljande albumet til The Byrds, vert det i dag rekna som eit av dei aller første og særs viktige countryrockalbuma.[4]

Bakgrunn (januar til mars 1968)Endra

Den første planen til Roger McGuinn for albumet var dei skulle fortsetje med dei mange stilartane dei hadde vore innom på det førre albumet deira, The Notorious Byrd Brothers, i form av eit dobbeltalbum som skulle ta ein gjennom historia til amerikansk popmusikk.[9] Det planlagde albumet skulle byrje med bluegrass og appalachisk musikk, og så gå gjennom country, jazz, rhythm and blues og rock, før det enda med futuristisk proto-electronica med Moog modular-synthesizer.[9]

Men under den amerikanske collegeturneen deira for å marknadsføre The Notorious Byrd Brothers hadde dei eit problem dei måtte løyse først.[11] David Crosby og Michael Clarke var blitt sparka frå bandet seint i 1967, og Roger McGuinn vart då den eigentlege leiaren av The Byrds med Chris Hillman som det einaste andre medlemmet i bandet.[8][18] McGuinn tok så inn syskenbarnet til Hillman, Kevin Kelley (tidlegare medlem av Rising Sons), som den nye trommeslagaren deira,[4] og det var dette tremannsbandet, med McGuinn på gitar og Hillman på bass, som la ut på turné tidleg i 1968.[19] Det vart raskt tydeleg at The Byrds sleit med å framføre songane sine live som trio, så ein måtte ha inn eit fjerde medlem.[19] McGuinn, som framleis hadde planar om eit konseptalbum om amerikansk musikk, meinte at ein pianist med jazzbakgrun kunne vere ideelt for gruppa.[8]

Larry Spector, som var forretningsføraren til bandet, fann ein kandidat i form av den 21 år gamle Gram Parsons.[11] Parsons, som berre så vidt hadde gjort seg merkbar i musikkmiljøet i L.A., hadde vore kjend med Hillman sidan 1967 og han prøvespelte for bandet som pianist i februar 1968.[9] Han klarte å etterlikne jazz på pianoet[19] og med den særeigne personlegdomen sin var det nok til å imponere både McGuinn og Hillman; så Parsons vart henta inn som det fjerde medlemmet, men byta raskt frå piano til gitar.[8] Sjølv om Parsons og Kelley vart rekna som fullverdige medlemmar av The Byrds, fekk dei begge løn frå McGuinn og Hillman, og signerte ikkje med Columbia Records då platekontrakten til The Byrds vart fornya 29. februar 1968.[11]

 
Roger McGuinn hadde opphavleg tenkt at albumet skulle vere ein gjennomgang av amerikansk popmusikk på 1900-talet.

Ukjend for både McGuinn og Hillman, hadde Parsons planlagt sin eigen musikalske agenda, der han ønskte å blande kjærleiken sin til country (som han såg som den reinaste forma for amerikansk musikk) med ungdomskulturen sin lidenskap for rock.[20] Han hadde alt klart dette med suksess i det lite kjende International Submarine Band, på albumet Safe at Home, men som medlem av The Byrds hadde Parsons fått ein internasjonale scene han kunne lansere forsøket sitt på å attvinne countrymusikken for sin generasjon.[7][8]

Etter Parsons kom inn i bandet byrja han å lure Hillmann bort frå konseptideen til McGuinn mot det Parsons seinare kalla «kosmisk amerikansk musikk».[9] I røynda var dette ei blanding av forskjellige amerikansk musikk, som honky tonk-country og folkemusikk, soul, rhythm and blues, rock ’n’ roll og moderne rock.[8] Hillman, som kom frå ein musikalsk bakgrunn som hadde røter i bluegrass, let seg lett overtyde om at The Byrds burde innlemme eldre country i musikken sin, noko dei til dels hadde byrja med på songen «Satisfied Mind» i 1965 på albumet deira, Turn! Turn! Turn![8] Mange av songane til Hillman på Younger Than Yesterday og The Notorious Byrd Brothers hadde òg vore nær country, fleire av dei med Clarence White (ein kjend bluegrassgitarist og studiomusikar) på sologitar, i staden for McGuinn.[21][22] Parsons og Hillman spelte gamle countrysongar i lag og Hillman vart overtydd om at countrykonseptet til Parsons kunne fungere for The Byrds.[11]

Lidenskapen Parsons hadde for countryrock var så smittande at sjølv McGuinn vart overtydd om å gje opp planane sine for det neste Byrds-albumet og gjekk med på å spele inn eit countryrockalbum.[19] Parsons overtydde òg McGuinn og Hillman om å reise til countryhovudstaden Nashville,[11] slik Bob Dylan hadde gjort for Blonde On Blonde og John Wesley Harding.[23] Sjølv om McGuinn hadde noko tvil til den nye retninga til bandet, tenkte at han eit slikt grep kunne auke talet på fans, som på denne tida uansett var fallande.[9] Etter at den faste produsenten til Byrds, Gary Usher, hadde synt lite interesse for konseptalbumet til McGuinn og indikerte at han føretrekte countrykonseptet, gav McGuinn til slutt etter.[8] Den 9. mars 1968 drog bandet til studioet til Columbia i Nashville, i lag med Clarence White, for å byrje innspelinga av Sweetheart of the Rodeo.[9]

Innspelinga (mars til mai 1968)Endra

Mellom 9. og 15. mars 1968, gjorde bandet mange opptak av åtte songar i lag med kjende studiomusikarar i platestudioet til Columbia Records i Music Row-området i Nashville.[10] Innspelinga for albumet fortsette frå 4. april til 27. mai 1968 i Columbia Studios i Hollywood, og ytterlegare sju songar vart spelte inn, medan songane spelte inn i Nashville vart fullførte.[9][10]

Av songane bandet spelte inn for albumet finn ein mellom andre «You Ain't Goin' Nowhere» og «Nothing Was Delivered», to countryaktige Bob Dylan-songar frå dei då uutgjevne Basement Tapes-innspelingane.[24] Trass i den musikalske stilen som Sweetheart of the Rodeo representerte for The Byrds, var desse to Dylan-songane ei lenkje til den tidlegare folkrockmusikken deira, sidan dei tidlegare hadde spelt fleire Dylan-songar.[24] The Byrds spelte òg inn ein trio med klassiske countrysongar for albumet: den tradisjonelle «I Am a Pilgrim», som var gjort populær av Merle Travis i slutten av 1940-åra;[25] Cindy Walker-songen «Blue Canadian Rockies», som Gene Autry song i filmen frå same namn i 1952;[8][26] og «The Christian Life», skriven av The Louvin Brothers, som var motsetnaden til ein tradisjonell rockesong med ein mild tekst om dei enkle gledene ved ein kristen livsstil.[27]

I tillegg til desse eldre countrysongane og dei to Dylan-songane, spelte bandet inn eit par moderne countrysongar: Merle Haggard sin sentimentale fengselssong «Life in Prison» og Luke McDaniel sin «You're Still On My Mind», ei sorgtung soge om ein fyllik med hjartesorg som finn trøyst i botnen av ei flaske.[28] I tillegg spelte The Byrds William Bell sin Stax-hit, «You Don't Miss Your Water», ein countryaktig stil, med krystallklår harmonisong og bidrag frå JayDee Maness og Earl P. Ball på høvesvis pedalsteelgitar og Honky-tonk-piano.[28] Med ei blanding av country og soul var «You Don't Miss Your Water» eit perfekt døme på det Parsons seinare definerte som «kosmisk amerikansk musikk».[28]

McGuinn hadde ikkje skrive countrysongar sjølv, og såg i staden på folkeviser han hadde spelt i tida før The Byrds, og bidrog med Woody Guthrie sin «Pretty Boy Floyd», ein song om ein folkehelt og fredlaus.[28] Songen vart spelt inn 12. mars 1968 der McGuinn prøvde å spele banjo sjølv, men var ikkje nøgd med det han fekk det til og fekk musikaren John Hartford til å spele banjo i staden.[9] The Byrds spelte òg inn Kelley-songen «All I Have Are Memories»,[9] Tim Hardin sin «You Got a Reputation» og den tradisjonelle «Pretty Polly», men ingen av desse songane vart valt ut for den endelege utgåva av Sweetheart of the Rodeo.[24]

Parsons tok med seg tre av hans eigne songar til innspelinga: «Lazy Days», «One Hundred Years from Now» og «Hickory Wind». Sistnemnde var skriven av Parsons og det tidlegare International Submarine Band-medlemmet Bob Buchanan under ei togreise frå Florida til Los Angeles tidleg i 1968.[24] «One Hundred Years from Now» har eit kjappare tempo enn dei fleste songane på Sweetheart of the Rodeo og spekulerer i korleis den noverande forfengelegheita til mennesket kjem til å bli vurdert av framtidige generasjonar.[28] Den Chuck Berry-aktige «Lazy Days» var ikkje med på det endelege albumet, men vart spelt inn på ny av Parsons og Hillman med bandet deira The Flying Burrito Brothers, for albumet Burrito Deluxe i 1970.[29]

Nashville-reaksjon og turnéEndra

 
Ryman Auditorium, der The Byrds for første gongen spelte på Grand Ole Opry den 15. mars 1968.

Då dei var ferdig med innspelinga i Music Row, enda bandet opphaldet i Nashville med å spele på Grand Ole Opry i Ryman Auditorium (introdusert av den framtidige «outlaw»-countrystjerna Tompall Glaser), den 15. mars 1968.[11] Bandet vart motteken med latterleggjering av det konservative publikummet sidan dei var den første gruppa med «langhåra» hippiar som spelte på den ærverdige countryinstitusjonen.[9] Faktisk hadde The Byrds alle klypt håret kortare enn vanleg for denne framføringa, men det var ikkje nok for publikum.[9] The Byrds opna med ei utgåve av Merle Haggard sin «Sing Me Back Home», som vart møtt med buing og rop frå det fiendtlegsinna Opry-publikummet.[9] Alle håp om å redde framføringa vart raskt øydelagd då Parsons, i staden for å syngje ein song annonsert av Glaser, spelte ei utgåve av «Hickory Wind» dedisert til bestemora si.[9] Dette sjokkerte faste Opry-artistar som Roy Acuff og gjorde Glaser flau, slik at The Byrds aldri vart invitert attende på showet.[11]

Nesten like katastrofal var framføringa deira på radioprogrammet til den legendariske programleiaren Ralph Emery, som gjorde narr av gjestene sine gjennom heile intervjuet og nekta å spele ein acetat av «You Ain't Goin' Nowhere».[30] Han spelte til slutt plata, men slakta ho på lufta medan bandet enno var i studio.[30] Tydleg irritert av denne handsaminga, skreiv Parsons og McGuinn ein song om Emery, «Drug Store Truck Drivin' Man», som vart skriven i London i mai 1968.[31] Songen kom ut på det neste albumet til The Byrds, Dr. Byrds & Mr. Hyde, men utan Parsons som hadde slutta i bandet på denne tida.[32]

Etter dei drog frå Nashville, spelte bandet ei handfull konsertar i Los Angeles-området med JayDee Maness på pedalsteelgitar.[11] Gjennom april 1968 vart McGuinn pressa av Parsons om å ta Maness inn som fulltidsmedlem av bandet, men McGuinn var ikkje samd, sjølv om Maness har sagt i intervju at han hadde kome til å avslå invitasjonen uansett.[9][11][33] Då Parsons ikkje fekk Maness med som permanent medlem av bandet, føreslo han så ein annan pedalsteelgitarist, Sneaky Pete Kleinow, men nok ein gong avslo McGuinn forslaget.[11] Forsøka til Parsons på å hente inn nye medlemmar og diktere den musikalske retninga til bandet, førte til ein maktkamp i bandet, der McGuinn måtte kjempa mot Parsons om rolla som bandleiar. Parsons ønskte òg høgare løn.[11] På eit tidspunkt kravde Parsons til og med at albumet skulle vere tilskriven «Gram Parsons and the Byrds», noko McGuinn og Hillman ignorerte.[11]

I mai 1968 la bandet ut på ein kort europeisk turné og i England spelte dei konsertar på Middle Earth Club og Blaises, der dei møtte Mick Jagger og Keith Richards, som begge var uroa over at Byrds hadde planar om å turnere i Sør-Afrika til sommaren.[11] McGuinn hadde ikkje planar om å endre planane om å reise til Sør-Afrika på grunn av apartheid, sidan den sørafrikanske songaren Miriam Makeba alt hadde sagt det var greitt, og overtydde resten av The Byrds om at ei reise til Sør-Afrika kom til å bli ein interessant tur.[11][34] Dette møtet mellom The Byrds og dei to Rolling Stones-medlemmane spelte ei viktig rolle då Parsons slutta i bandet to månader seinare.[19]

PostproduksjonEndra

Då gruppa kom attende til California vart postproduksjonen på Sweetheart of the Rodeo avbroten då Lee Hazlewood protesterte på at Parsons spelte på albumet, sidan songaren framleis hadde kontrakt med Hazlewood sitt LHI Records.[4] Medan jusen vart løyst, erstatta McGuinn vokalen til Parsons på tre songar, noko Parsons framleis var rasande over så seint som i 1973 då han fortalte Cameron Crowe i eit intervju at McGuinn «sletta det og song inn vokal sjølv, og føkka det til.»[35] Men vokalen til Parsons var framleis på songane «Hickory Wind», «You're Still on My Mind» og «Life in Prison».[24] Det er blitt spekulert i om McGuinn spelte inn solovokalen til Parsons sjølv fordi han ønskte å minske dominansen til Parsons på albumet.

Dei tre songane som McGuinn song om att var «The Christian Life», «You Don't Miss Your Water» og «One Hundred Years from Now», der Hillman òg song på sistnemnde.[12][33] Solovokalen til Parsons vart likevel ikkje heilt fjerna frå desse songane, og ein kan høyre han svakt i bakgrunnen.[8][12] Masterinnspelingane av desse tre songane, med Parsons på solovokal, vart gjeve ut som ein del av plateboksen The Byrds i 1990.[36] Desse masterinnspelingane med Parsons på vokal, kom òg ut som bonusspor på Legacy Edition av Sweetheart of the Rodeo i 2003.[9]

Då dei rettslege problema ved at Parsons spelte på albumet var løyst, reiste The Byrds attende til England og spelte ein konsert i Royal Albert Hall den 7. juli 1968.[13] Etter konserten annonserte Parsons at han ikkje kom til å bli med bandet til Sør-Afrika som ein protest mot apartheid.[9] Både McGuinn og Hillman var i tvil om kor ekte protesten til Parsons var, og trudde at det heller vart nytta som ei årsak til å forlate bandet og henge med Mick Jagger og Keith Richards i staden for.[19]Sweetheart of the Rodeo kom ut i august 1968 hadde Parsons vore ute av bandet i nesten åtte veker alt.[13] Etter den sørafrikanske turneen, erstatta McGuinn og Hillman Parsons med Clarence White,[37] og Kevin Kelley vart kort tid etter sagt opp frå bandet.[4] I alt hadde besetninga med McGuinn, Hillman, Parsons og Kelley berre vart kring fem månader.[9]

MottakingEndra

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic     [5]
Blender     [38]
Pitchfork Media9.7/10[39]
Rolling Stone(middels)[40]
StylusA–[41]
Uncut     [42]

Sweetheart of the Rodeo kom ut 30. august 1968 i USA og 27. september 1968 i Storbritannia.[1] Det var første Byrds-albumet som berre kom ut i stereo i USA, sjølv om et kom ut i både mono og stereo i andre land, som Storbritannia.[1] Plateomslaget vart laga av Geller and Butler Advertising frå element av ein plakat frå 1932, The American Cowboy Rodeo av den uruguayanske kunstnaren Jo Mora.[9][43]

Columbia Records lanserte ein kampanje med slagorda «This Country's for the Byrds» og «Meldinga deira er heilt country … lyden deira er heilt Byrds.»[9] Trass i dette nådde berre Sweetheart of the Rodeo 77. plassen på Billboard Top LPs og låg inne på lista i ti veker,[14] og det gjekk ikkje inn på lista i Storbritannia i det heile.[15] Den første singelen frå albumet var Bob Dylan sin «You Ain't Goin' Nowhere», som kom ut 2. april 1968 og klatra til 75. plassen på Billboard Hot 100[16] og 45. plassen på UK Singles Chart.[15] Den andre singelen frå albumet var «I Am a Pilgrim», som kom ut 2. september 1968,[1] men gjekk ikkje inn på lista.[15][16]

Trass i generelt positive meldingar, var countryrockstilen på Sweetheart of the Rodeo så forskjellig frå den tidlegare musikken til bandet at store delar av fansen deira frå motkulturrørsla vart framandgjort, og albumet enda opp med dei dårlegaste salstala til Byrds til då.[17][28] Barry Gifford skreiv i august 1968 i Rolling Stone at «det nye Byrds høyrest ikkje ut som Buck Owens & his Buckaroos. Dei er ikkje så gode. Materialet dei har valt ut til plata, eller heller måten dei framfører dei på, er enkel, avslappa og folkaktig. Det er ikkje pretensiøst, det er fint. Musikaliteten er glimrande.»[44] Gifford la til at «The Byrds har laga eit interessant album. Det er verkeleg lite involvert og ikkje ei vanskeleg plate å høyre på. Det burde ha gått inn på 'Easy-Listening'-lista. 'Å hente det heim' har aldri vore ei lett oppgåve.»[44] Rolling Stone hylla albumet i utgåva frå september 1968 òg der Jon Landau skreiv «Med å gjere country som country syner The Byrds kor mektig og relevant og lite utsmykka countrymusikken er for musikken i dag.» Landau la til at «dei har akkurat nok rock att i trommene til å lag deg forstå at dei framleis kan spele rock & roll.»[45] I ein artikkel i 1969 for The New York Times skildra Robert Christgau Sweetheart of the Rodeo som «ein bittersøt hyllest til country».[46]

Av dei mindre positive meldingane finn ein Melody Maker som avviste albumet med «ikkje typisk Byrds-musikk, som er ganske synd.»[9] Paul Williams i Crawdaddy! skreiv «The Byrds har gått country og Big Pink er ute, og det er vakre greier, vakkert … Men country er berre avslappande, vedunderleg trykkjande tregleik … og eg tenkjer at dette ikkje er sommaren ein kan rekne med å bli redda av musikken.»[47]

I nyare år skreiv kritikaren Marc Deming i AllMusic at «ingen større band har gått så djupt inn i lyden og kjensla av klassisk country (utan parodi eller på nedlatande vis) som The Byrds gjorde på Sweetheart. På ei tid då dei fleste rocketilhengjarar såg på country som ein musikalsk «L'il Abner»-rutine våga The Byrds å erklære at country kunne vere hipt, kult og ektefølt.»[5]

EttermæleEndra

Albumet kom ut på ei tid då salstala til The Byrds alt var svekt, og Sweetheart of the Rodeo var utan tvil eit ukommersielt produkt då det kom ut.[4] Men albumet kom til å bli ein milepåle og var ikkje berre ein blåkopi for Parsons og Hillman sitt The Flying Burrito Brothers, men òg for heile den gryande countryrockrørsla i Los Angeles i 1970-åra. Albumet var òg ei inspirasjonskjelde for outlaw country og nytradisjonell country, i tillegg til såkalla alternativ country i 1990- og 2000-åra.[4][8] Byrdsfansen har derimot vore skarpt delt i meiningane om albumet, der somme ser på det som eit naturleg framhald, medan andre ser på det som eit tap av den kjende Rickenbacker-lyden og dei psykedeliske eksperimenta.[48] Likevel vert Sweetheart of the Rodeo rekna som det siste verkeleg inspirasjonsrike albumet til The Byrds.[8][49]

Sjølv om det ikkje var det første countryrockalbumet,[5] var Sweetheart of the Rodeo det første albumet som vart karakterisert som eit countryrockalbum av eit rockeband med internasjonal suksess,[2][48][50] og det kom ut over eit halvt år før Bob Dylan sitt Nashville Skyline.[51][52] Det første verkelege countryrockalbumet vert ofte sagt å vere Safe at Home av den tidlegare gruppa til Parsons, The International Submarine Band.[5][7][53] Men føregangarar i sjangeren kan sporast attende til rockabillymusikken i 1950-åra, The Beatles sine versjonar av Carl Perkins- og Buck Owens-songar på Beatles For Sale og Help!, i tillegg til dei nedstrippa songane til Dylan på John Wesley Harding og Byrds sine eigne countrysongar på albuma før Sweetheart.[51] Debutalbumet til The Band, Music from Big Pink, kom ut i juli 1968 og er òg eit særs viktig album innan sjangeren, men det var på Sweetheart of the Rodeo at eit etablert rockeband spelte rein country for første gongen.[48][50][51]

I 2003 hamna albumet på 117. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene,[54], men var i 2012 flytta ned til 120. plassen på ei revidert liste. Stylus Magazine sette albumet på 175. plass på ei tilsvarande liste same året.[55]

Sweetheart of the Rodeo inspirerte i 1980-åra til namnet på countryduoen Sweethearts of the Rodeo.[56]

I 2018 kom Roger McGuinn og Chris Hillman saman att for ein amerikansk turné der dei feira 50-årsjubileet til Sweetheart of the Rodeo.[57] Duoen vart akkompagnert av Marty Stuart and his Fabulous Superlatives, og dei spelte alle songane på albumet.[58]

InnhaldEndra

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «You Ain't Goin' Nowhere»  Bob Dylan 2:33
2. «I Am a Pilgrim»  trad.arr. Roger McGuinn, Chris Hillman 3:39
3. «The Christian Life»  Charles Louvin, Ira Louvin 2:30
4. «You Don't Miss Your Water»  William Bell 3:48
5. «You're Still on My Mind»  Luke McDaniel 2:25
6. «Pretty Boy Floyd»  Woody Guthrie 2:34
Side to
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
7. «Hickory Wind»  Gram Parsons, Bob Buchanan 3:31
8. «One Hundred Years from Now»  Gram Parsons 2:40
9. «Blue Canadian Rockies»  Cindy Walker 2:02
10. «Life in Prison»  Merle Haggard, Jelly Sanders 2:46
11. «Nothing Was Delivered»  Bob Dylan 3:24

MedverkandeEndra

Personell frå The Byrds: Timeless Flight Revisited, So You Want To Be A Rock 'n' Roll Star: The Byrds Day-By-Day (1965-1973), Hot Burritos: The True Story Of The Flying Burrito Brothers og CD-heftet frå 1997-utgåva.[4][10][12][59]

The Byrds
Andre musikarar

På det originale albumet står trommeslagaren Jon Corneal, som berre spelar på det unytta opptaket «Lazy Days», feilaktig oppført på trommer

Produksjon

Bonusspor på 1997-utgåvaEndra

Den siste songen på 1997-utgåva («All I Have Are Memories») endar ved 2:48; på 3:48 byrjar det løynde sporet «Radio Spot: Sweetheart of the Radio Album»

Bonusspor på 1997-utgåva
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
12. «You Got a Reputation»  Tim Hardin 3:08
13. «Lazy Days»  Gram Parsons 3:26
14. «Pretty Polly»  trad, arr. Roger McGuinn, Chris Hillman 2:53
15. «The Christian Life» (Øving – opptak #11)Charles Louvin, Ira Louvin 2:55
16. «Life in Prison» (Øving - opptak #11)Merle Haggard, Jelly Sanders 2:59
17. «You're Still on My Mind» (Øving - opptak #43)Luke McDaniel 2:29
18. «One Hundred Years from Now» (Øving - opptak #2)Gram Parsons 3:20
19. «All I Have Are Memories» (instrumental)Kevin Kelley 4:47

Bonusspor på Legacy Edition frå 2003Endra

2003-utgåva inneheld alternative versjonar av songane med Parsons på vokal, i lag med innspelingar av gruppa til Parsons før Byrds, The International Submarine Band (spor 1-6 på plate 2).[61][62]

Plate 1
# Tittel Lengd
12. «All I Have Are Memories» (Kevin Kelley på vokal) 2:48
13. «You Got a Reputation»   3:09
14. «Pretty Polly»   2:55
15. «Lazy Days»   3:28
16. «The Christian Life» (Gram Parsons på vokal) 2:29
17. «You Don't Miss Your Water» (Gram Parsons på vokal) 3:49
18. «One Hundred Years from Now» (Gram Parsons på vokal) 3:01
19. «Radio Spot: Sweetheart of the Radio Album»   0:58
Plate 2
# Tittel Lengd
1. «Sum Up Broke»   2:13
2. «One Day Week»   2:16
3. «Truck Drivin' Man»   2:34
4. «Blue Eyes»   2:47
5. «Luxury Liner»   2:53
6. «Strong Boy»   2:01
7. «Lazy Days» (alternativ versjon) 3:18
8. «Pretty Polly» (alternativ versjon) 3:37
9. «Hickory Wind» (Alternate «Nashville» Version - opptak #8) 3:40
10. «The Christian Life» (Øvingsversjon - opptak #7 – Gram Parsons på vokal) 3:26
11. «The Christian Life» (Øvingsversjon - opptak #8 – Gram Parsons på vokal) 3:05
12. «Life in Prison» (Øvingsversjon - opptak #1 & #2 – Gram Parsons på vokal) 3:16
13. «Life in Prison» (Øvingsversjon - opptak #3 & #4 – Gram Parsons på vokal) 3:16
14. «One Hundred Years from Now» (Øvingsversjon - opptak #12 & #13 – Gram Parsons på vokal) 3:58
15. «One Hundred Years from Now» (Øvingsversjon - opptak #14 & #15 – Gram Parsons på vokal) 3:59
16. «You're Still on My Mind» (Øvingsversjon - opptak #13 – Gram Parsons på vokal) 2:53
17. «You're Still on My Mind» (Øvingsversjon - opptak #48 – Gram Parsons på vokal) 2:38
18. «All I Have Are Memories» (Alternate Instrumental - opptak #17) 3:13
19. «All I Have Are Memories» (Alternate Instrumental - opptak #21) 3:07
20. «Blue Canadian Rockies» (Øvingsversjon - opptak #14) 2:59

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). Rogan House. s. 544–546. ISBN 0-95295-401-X. 
  2. 2,0 2,1 Smith, Chris. (2009). 101 Albums That Changed Popular Music. Oxford University Press. s. 63. ISBN 0-195-37371-5. 
  3. Hjort, Christopher. (2008). So You Want To Be A Rock 'n' Roll Star: The Byrds Day-By-Day (1965-1973). Jawbone Press. s. 187–188. ISBN 1-90600-215-0. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 4,6 4,7 4,8 4,9 Fricke, David. (1997). Sweetheart of the Rodeo (1997 CD liner notes). 
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 «Sweetheart of the Rodeo review». Allmusic. Henta 18. oktober 2010. 
  6. 6,0 6,1 «Sweetheart of the Rodeo review». Sputnikmusic. Henta 18. oktober 2010. 
  7. 7,0 7,1 7,2 Griffin, Sid. (1985). Safe at Home (1991 CD liner notes). 
  8. 8,00 8,01 8,02 8,03 8,04 8,05 8,06 8,07 8,08 8,09 8,10 8,11 «Sweetheart of the Rodeo». ByrdWatcher: A Field Guide to the Byrds of Los Angeles. Henta 18. oktober 2010. 
  9. 9,00 9,01 9,02 9,03 9,04 9,05 9,06 9,07 9,08 9,09 9,10 9,11 9,12 9,13 9,14 9,15 9,16 9,17 9,18 9,19 9,20 9,21 Fricke, David. (2003). Sweetheart of the Rodeo: Legacy Edition (2003 CD liner notes). 
  10. 10,0 10,1 10,2 10,3 Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). Rogan House. s. 624–625. ISBN 0-95295-401-X. 
  11. 11,00 11,01 11,02 11,03 11,04 11,05 11,06 11,07 11,08 11,09 11,10 11,11 11,12 11,13 11,14 Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). Rogan House. s. 250–261. ISBN 0-95295-401-X. 
  12. 12,0 12,1 12,2 12,3 Hjort, Christopher. (2008). So You Want To Be A Rock 'n' Roll Star: The Byrds Day-By-Day (1965-1973). Jawbone Press. s. 162–176. ISBN 1-90600-215-0. 
  13. 13,0 13,1 13,2 Hjort, Christopher. (2008). So You Want To Be A Rock 'n' Roll Star: The Byrds Day-By-Day (1965-1973). Jawbone Press. s. 177–187. ISBN 1-90600-215-0. 
  14. 14,0 14,1 Whitburn, Joel. (2002). Top Pop Albums 1955-2001. Hal Leonard Corp. s. 121. ISBN 0-63403-948-2. 
  15. 15,0 15,1 15,2 15,3 15,4 Brown, Tony. (2000). The Complete Book of the British Charts. Omnibus Press. s. 130. ISBN 0-7119-7670-8. 
  16. 16,0 16,1 16,2 Whitburn, Joel. (2008). Top Pop Singles 1955-2006. Record Research Inc. s. 130. ISBN 0-89820-172-1. 
  17. 17,0 17,1 Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). Rogan House. s. 269. ISBN 0-95295-401-X. 
  18. Hjort, Christopher. (2008). So You Want To Be A Rock 'n' Roll Star: The Byrds Day-By-Day (1965-1973). Jawbone Press. s. 146–153. ISBN 1-906002-15-0. 
  19. 19,0 19,1 19,2 19,3 19,4 19,5 «Gram Parsons and The Byrds: 1968». ByrdWatcher: A Field Guide to the Byrds of Los Angeles. Arkivert frå originalen 2010-10-28. Henta 28. desember 2018. 
  20. Brant, Marley. (1990). GP/Grievous Angel (1990 CD liner notes). 
  21. «Younger Than Yesterday». ByrdWatcher: A Field Guide to the Byrds of Los Angeles. Arkivert frå originalen 2014-12-26. Henta 28. desember 2018. 
  22. «The Notorious Byrd Brothers». ByrdWatcher: A Field Guide to the Byrds of Los Angeles. Arkivert frå originalen 2009-05-06. Henta 28. desember 2018. 
  23. Heylin, Clinton. (1991). Dylan: Behind The Shades - The Biography. Viking Penguin. s. 507–508. ISBN 0-670-83602-8. 
  24. 24,0 24,1 24,2 24,3 24,4 Rogan, Johnny. (1997). Sweetheart of the Rodeo (1997 CD liner notes). 
  25. «Artists Covered By The Byrds: R-Z». ByrdWatcher: A Field Guide to the Byrds of Los Angeles. Arkivert frå originalen 2009-07-26. Henta 28. desember 2018. 
  26. «Soundtrack For Blue Canadian Rockies». Internet Movie Database. Henta 28. desember 2018. 
  27. «The Christian Life review». AllMusic. Henta 28. desember 2018. 
  28. 28,0 28,1 28,2 28,3 28,4 28,5 Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). Rogan House. s. 270–274. ISBN 0-9529540-1-X. 
  29. Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). Rogan House. s. 442. ISBN 0-9529540-1-X. 
  30. 30,0 30,1 «Dr. Byrds & Mr. Hyde». ByrdWatcher: A Field Guide to the Byrds of Los Angeles. Arkivert frå originalen 2009-08-19. Henta 28. desember 2018. 
  31. Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). Rogan House. s. 281. ISBN 0-9529540-1-X. 
  32. «Dr. Byrds & Mr. Hyde review». AllMusic. Henta 28. desember 2018. 
  33. 33,0 33,1 Einarson, John with Hillman, Chris. (2008). Hot Burritos: The True Story Of The Flying Burrito Brothers. Jawbone Press. s. 67. ISBN 1-906002-16-9. 
  34. Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). Rogan House. s. 263. ISBN 0-9529540-1-X. 
  35. Fong-Torres, Ben. (1991). Hickory Wind: The Life and Times of Gram Parsons. Pocket Books. s. 94. ISBN 0-671-70514-8. 
  36. Fricke, David. (1990). The Byrds (1990 CD box set liner notes). 
  37. «Clarence White: With the Byrds and After, 1968-1973». ByrdWatcher: A Field Guide to the Byrds of Los Angeles. Arkivert frå originalen 2009-04-13. Henta 28. desember 2018. 
  38. «The Byrds - Sweetheart of the Rodeo review». Blender. Arkivert frå originalen 20. april 2009. Henta 28. desember 2018. 
  39. «Sweetheart of the Rodeo (Legacy Edition) review». Pitchfork Media. Henta 28. desember 2018. 
  40. Gifford, Barry (14. september 1968). «Records». Rolling Stone. Henta 25. desember 2013. 
  41. «Sweetheart of the Rodeo (Legacy Edition) review». Stylus Magazine. Henta 28. desember 2018. 
  42. «The Byrds - Sweetheart of the Rodeo review». Uncut. Henta 28. desember 2018. 
  43. Lane, Baron (29. august 2018). «5 Things You May Not Know About The Byrds' 'Sweetheart of the Rodeo'». Twang Nation. Henta 28. desember 2018. 
  44. 44,0 44,1 «Sweetheart of the Rodeo review». Rolling Stone. Henta 28. desember 2018. 
  45. Fricke, David. (2006). There Is a Season (2006 CD box set liner notes). 
  46. «The Byrds Have Flown - But Not Far». Robert Christgau: Dean of American Rock Critics. Henta 28. desember 2018. 
  47. Lindberg, Ulf; Guomundsson, Gestur; Michelsen, Morten; Weisethaunet, Hans (2005). Rock Criticism from the Beginning: Amusers, Bruisers, and Cool-Headed Cruisers. New York, NY: Peter Lang. s. 113. ISBN 978-0-8204-7490-8. 
  48. 48,0 48,1 48,2 «The Byrds Biography». AllMusic. Henta 28. desember 2018. 
  49. «Sweetheart of the Rodeo: Legacy Edition review». PopMatters. Henta 28. desember 2018. 
  50. 50,0 50,1 «The Byrds And The Birth Of Country Rock». Yahoo! Music (originally published in ICE Magazine, August 2003). Henta 28. desember 2018. 
  51. 51,0 51,1 51,2 «The Complete Guide to Country Rock Part 3». Musictoob.com. Arkivert frå originalen 2009-03-24. Henta 28. desember 2018. 
  52. «The Byrds Biography». NME. Henta 28. desember 2018. 
  53. Unterberger, Richie. (1999). Music USA: The Rough Guide. Rough Guides. s. 393. ISBN 1-85828-421-X. 
  54. «The RS 500 Greatest Albums of All Time». Rolling Stone. Henta 18. oktober 2010. 
  55. «Top 101-200 Favourite Albums Ever». Stylus Magazine. Henta 18. oktober 2010. 
  56. «Sweetheart of the Rodeo Album Cover Parodies». Am I Right. Henta 28. desember 2018. 
  57. «Byrds Co-Founders Plan 'Sweetheart of the Rodeo' 50th Anniversary Tour». Rolling Stone. Rolling Stone. Henta 28. desember 2018. 
  58. BrooklynVegan Staff. «Byrds members played 'Sweetheart of the Rodeo' & more at Town Hall (pics, setlist)». BrooklynVegan. Town Square Media. Henta 28. desember 2018. 
  59. Einarson, John with Hillman, Chris. (2008). Hot Burritos: The True Story Of The Flying Burrito Brothers. Jawbone Press. s. 55–69. ISBN 1-906002-16-9. 
  60. Lane, Baron (29. august 2018). «5 Things You May Not Know About The Byrds' 'Sweetheart of the Rodeo'». Twang Nation. Henta 28. desember 2018. 
  61. Personnel for these tracks, recorded prior to the sessions for Sweetheart of the Rodeo, are best ascertained from pages relating to The International Submarine Band and its lone album Safe at Home.
  62. Jim Bessman, Billboard Picks Music, Vital Reissues, 20. september 2003. www.billboard.com. Henta 28. desember 2018.