Codex Manesse eller Manessiske handskrift (òg kalla Grosse Heidelberger Liederhandschrift) er eit manuskript skrive og illustrert mellom 1305 og 1340 i Zürich for familien Manesse.[1]

Codex Manesse inneheld eit portrett av Wolfram von Eschenbach
Konrad von Altstetten

Det inneheld kjærleiksdikt (minnesongar) på mellomhøgtysk av viktige diktarar som t.d. Meister Rumelant og mange kjente herskarar. Den tyske minnesongtradisjonen var påverka av provençalsk trubadurtradisjon. Manuskriptet inneheld 137 portrett av forfattarane, som alle blir viste som idealiserte riddarar, kledd i drakter med heraldiske fargar og figurar, til dels med våpenskjold og lansefaner, noko som gjer det mogleg å identifisera dei.

Manuskriptet er no ved Heidelberg universitsbibliotek.[2]

Diktarar i manuskriptet endre

  1. 6r: Henrik VI av Det tysk-romerske riket (1165–1197)
  2. 7r: Kong Konrad den unge (1252–1268)
  3. 8r: «Kong Tyro av Skottland og Fridebrant, sonen hans» (ikkje namnet på ein songar, men tittelen på eit episk dikt, datert til fyrste halvdel av 1200-talet)
  4. 10r: Kong Václav av Böhmen (Václav II, konge av Böhmen og Polen, 1271–1305)
  5. 11v: Herzog Heinrich von Breslau (Henrik IV, Henryk IV Probus 1258–1290)
  6. 13r: Markgreve Otto von Brandenburg (Otto IV, 1266–1308)
  7. 14v: Markgreve Heinrich von Meißen (Henrik III, 1215–1288)
  8. 17r: Greven av Anhalt (Henrik I, ca. 1170–1252)
  9. 18r: John, Duke av Brabant (John I, 1252/1253–1294)
  10. 20r: Grev Rudolf von Neuenburg (anten Rudolf II, døydde 1192, eller nevøen hans Rudolf I, døydde 1258)
  11. 22v: Grev Kraft von Toggenburg (truleg Kraft III av Toggenburg, døydde 1339)
  12. 24r: Grev Konrad von Kirchberg (anten Konrad II, fl. 1275–1326, eller syskenbarnet hans Konrad III, 1281–1315)
  13. 26r: Grev Friedrich von Leiningen (truleg Friedrich II, døydde 1237)
  14. 27r: Grev Otto von Botenlauben (døydde 1244)
  15. 29r: Markgreve von Hohenburg (anten Diepold V. von Vohburg, fl. 1205–1225, eller sonen hans Bertold IV, døydde 1256).
  16. 30r: Herr Heinrich von Veldeke (døydde etter 1184)
  17. 32v: Herr Gottfried von Neifen (døydde 1279)
  18. 42r: Grev Albrecht von Haigerloch (Albrecht II av Hohenberg, døydde 1298)
  19. 43v: Grev Wernher von Homberg (døydde 1320)
  20. 46v: Herr Jakob von Warte (døydde 1331)
  21. 48v: Brother Eberhard von Sax (fl. 1309)
  22. 52r: Herr Walther von Klingen (fl. 1240–1280s)
  23. 54r: Herr Rudolf von Rotenburg (fl. 1287)
  24. 59v: Herr Heinrich von Sax (truleg Henrik II, 1235–1289)
  25. 61v: Herr Heinrich von Frauenberg (fl. 1284–1305)
  26. 63r: Der von Kürenberg (1100-talet)
  27. 64r: Herr Dietmar von Aist (fl. 1140–1160s)
  28. 66v: Der von Gliers (kanskje Wilhelm von Gliers, fl. 1267–1317)
  29. 69r: Herr Wernher von Teufen (fl. 1220)
  30. 70v: Herr Heinrich von Stretlingen (anten Henrik II, fl. 1250-talet, eller sonen hans Henrik III, døydde 1294)
  31. 71v: Herr Kristan von Hamle (truleg ein forfattar frå Thüringen på 1200-talet, elles ukjend)
  32. 73r: Herr Ulrich von Gutenburg (fl. 1170s)
  33. 75v: Herr Heinrich von der Mure (fl. 1223–1263, ein dominikanarmunk, abbed ved Eichstätt og seinare ved Augsburg)
  34. 76v: Herr Heinrich von Morungen (fl. 1210s)
  35. 82v: Der Schenk von Limpurg (anten Walther I, fl. 1230–1240s, eller ein av sønenen hans, Walther II eller Konrad I)
  36. 84v: Schenk Ulrich von Winterstetten (fl. 1250–1270s)
  37. 98r: Herr Reinmar der Alte (fl. seint 1100-tal)
  38. 110r: Herr Burkart von Hohenfels (fl. 1220–1230s)
  39. 113v: Herr Hesso von Reinach (1234–1275/76)
  40. 115r: Burgrave von Lienz (fl. early 1200-talet)
  41. 116v: Herr Friedrich von Hausen (døydde etter 1188)
  42. 119v: Burgrave von Rietenburg (anten Henrik IV. fl 1174–1184, eller Otto III, fl. 1154–1185)
  43. 120v: Herr Meinloh von Sevelingen (midten av 1100-talet)
  44. 122r: Herr Heinrich von Rugge (f. 1170-talet)
  45. 124r: Herr Walther von der Vogelweide (ca. 1170 – ca. 1230)
  46. 146r: Herr Hiltbold von Schwangau (fl. 1221–1254)
  47. 149v: Herr Wolfram von Eschenbach (ca. 1170 – ca. 1220)
  48. 151r: Von Singenberg, Seneschal av St. Gallen (truleg Ulrich von Singenberg, fl. 1220s)
  49. 158r: Der von Sachsendorf (ukjend)
  50. 160v: Wachsmut von Künzingen (ukjend, kanskje frå Clemency i Luxembourg)
  51. 162v: Herr Wilhelm von Heinzenburg (nær Bad Kreuznach; truleg William III fl. 1264–1292)
  52. 164v: Herr Leuthold von Seven (fl. 1218)
  53. 166v: Herr Walther von Metze (døydde før 1276, elles ukjend)
  54. 169v: Herr Rubin (ukjend, midten av 1200-talet)
  55. 178r: Herr Bernger von Horheim (sein 1100-tal)
  56. 179v: Der von Johansdorf (Albrecht, fl. 1172–1209)
  57. 181v: Herr Engelhardt von Adelnburg (anten fl. 1200 eller 1220-talet, kanskje far og son med same namn)
  58. 182v: Herr Bligger von Steinach (truleg Bligger II, fl. seint 1100- til tidleg 1200-tal)
  59. 183v: Herr Wachsmut von Mühlhausen (fl. 1267)
  60. 184v: Herr Hartmann von Aue (ca. 1160 – ca. 1210)
  61. 188r: Herr Reinmar von Brennenberg (fl. 1270-talet)
  62. 190v: Johann von Ringgenberg (truleg Johann I, 1291–1350)
  63. 192v: Albrecht Marschall von Rapperswil (fl. ca. 1280)
  64. 194r: Herr Otto vom Turne (frå Lucerne, fl. etter 1300)
  65. 197v: Herr Goesli von Ehenhein (frå Strasbourg; elles ukjend)
  66. 201r: Der von Wildonie (truleg Herrand II, gift med ei dotter av Ulrich av Lichtenstein)
  67. 202v: Von Suonegge (truleg Konrad von Suonegge, fl. 1220–1230-talet)
  68. 204r: Von Scharpfenberg (av Ratschach, midten av 1200-talet)
  69. 205r: Herr Konrad, der Schenk von Landeck (av Thurgau, 1271–1306)
  70. 213r: «Der Winsbeke» (påstått forfattar av lærediktet retta frå ein far til ein son; det er ikkje klart om Winsbeke er ein historisk eller ein oppdikta figur)
  71. 217r: «Die Winsbekin» (påstått forfattar av lærediktet retta frå ei mor til ei dotter; det er ikkje klart om Winsbekin er ein historisk eller ein oppdikta figur)
  72. 219v: «Klingsor av Ungarn» (oppdikta figur som introduserer diktet Sängerkrieg)
  73. 226v: Kristan von Luppin av Thüringen (fl. 1290-talet)
  74. 228r: Herr Heinrich Hetzbold von Weißensee (tidleg 1300-tal)
  75. 229v: Der Düring (ikkje identifisert thuringisk diktar, seint 1200-tal)
  76. 231r: Winli (ikkje identifisert alemannisk diktar, ca. 1300)
  77. 237r: Herr Ulrich von Liechtenstein (ca. 1200–1275)
  78. 247v: Von Munegiur (heitte Ulrich, elles ukjend)
  79. 248v: Von Raute (heitte Hartwig, fl. ca. 1200, elles ukjend)
  80. 249v: Herr Konrad von Altstetten (kanskje ein borgarmeister av St. Gallen, dokumentert 1320–1327)
  81. 251r: Herr Bruno von Hornberg (truleg Bruno II, fl. 1275–1310)
  82. 252r: Herr Hug von Werbenwag (fl. midten av 1200-talet, døydde truleg etter 1292)
  83. 253v: Der Püller (Konrad von Hohenburg)
  84. 255r: Von Trostberg (ikkje identifisert medlem av ein argovisk eller tyrolsk familie av ministeriales)
  85. 256v: Hartmann von Starkenberg (av Werdenberg-Sargans, either Hartmann I, fl. 1250s, or his son Hartmann II, fl. 1270s)
  86. 257v: Von Stadegge (Rudolph II, ein av dei leiande styriske minnesongarane, fl. 1230–1250-talet)
  87. 258v: Herr Brunwart von Augheim (seint 1200-tal)
  88. 261r: Von Stamheim (ikkje identifisert; fl. ca. 1240-talet)
  89. 262v: Herr Goeli (frå Baden, 1200-talet)
  90. 264r: Der Tannhäuser (av Thannhausen, fl. 1240–1260-talet; framstilt som medlem av Teutonarordenen)
  91. 271r: Von Buchheim (2. halvdel av 1200-talet)
  92. 273r: Herr Neidhart (fødd ca. 1200 in Lower Bavaria)
  93. 281v: Meister Heinrich Teschler (av Zürich, 2. halvdel av 1200-talet, hadde Rüdiger Manesse som mesen)
  94. 285r: Rost, Kirchherr zu Sarnen (i Zürich mellom 1313 og 1330. Ein går ut frå at han bidrog som skrivar i produksjonen av manuskriptet)
  95. 290r: Der Hardegger (truleg Henricus de Hardegge, av Rebstein, fl. 1230–1270s)
  96. 292v: Der Schulmeister von Eßlingen (seint 1200-tal)
  97. 295r: Walther von Breisach (utan portrett)
  98. 299r: Von Wissenlo (truleg Wiesloch; ikkje identifisert)
  99. 300r: Von Wengen (Burchard, fl. 1230–1270-talet)
  100. 302r: Herr Pfeffel (ikkje identifisert, midten av 1100-talet)
  101. 303r: Der Taler (kanskje Leuthold von Tal, near Rheineck, fl. 1250)
  102. 305r: Der tugendhafte Schreiber ('Den dygderike skrivaren', ikkje identifisert, opptrer som figur i Sängerkrieg)
  103. 308v: Steinmar (kanskje Berthold Steinmar von Klingnau, fl. 2nd half av 1200-talet)
  104. 311r: Herr Alram von Gresten (ikkje identifisert, kanskje frå Gresten i Niederösterreich)
  105. 312r: Herr Reinmar der Fiedler (ikkje identifisert, fl. mid 1200-talet)
  106. 313r: Herr Hawart (kanskje Hawardus de Holzwane, i 1258 kannik ved Augsburg)
  107. 314v: Herr Günther von dem Vorste (ikkje identifisert)
  108. 316v: Herr Friedrich der Knecht (ikkje identifisert, fyrste halvdel av 1200-talet)
  109. 318r: Der Burggraf von Regensburg (truleg Heinrich III von Stevening und Rietenburg, fl. 1126–1177)
  110. 319r: Herr Niune (ikkje identifisert; truleg ikkje ein diktar men eigaren av ei songbok brukt som kjelde for denne delen)
  111. 320v: Herr Geltar (ikkje identifisert; dikta er daterte til mellom 1230 og 1250, kanskje frå Niederösterreich)
  112. 321v: Herr Dietmar der Setzer (ikkje identifisert)
  113. 323r: Herr Reinmar von Zweter (fl. 1230s)
  114. 339r: Der Junge Meißner (ikkje identifisert; dikta er på sentraltysk dialekt)
  115. 342r: Der Alte Meißner (utan portrett)
  116. 342v: Von Obernburg (ikkje identifisert; truleg midten av 1200-talet, fræ Obernburg nær Celje)
  117. 344v: Bruder Wernher (ikkje identifisert; mid 1200-talet)
  118. 349r: Der Marner (truleg marinaere, 'sjømannnen', ikkje identifisert, men nemnt av Meister Rumslant under)
  119. 355r: Süßkind, der Jude von Trimberg (ikkje identifisert, 2. halvdel av 1200-talet)
  120. 358r: (isolert anonymt dikt)
  121. 359r: Von Buwenburg (Baumburg nær Hundersingen, truleg Ulrich von Buwenburg, fl. 1260)
  122. 361r: Heinrich von Dettingen (godt dokumentert 1236–1300 ved Reichenau kloster)
  123. 362r: Rudolf der Schreiber (ikkje identifisert)
  124. 364r: Meister Gottfried von Straßburg (døydde ca. 1210)
  125. 371r: Meister Johannes Hadlaub (av Zürich, fl. 1300, kanskje redaktøren av manuskriptet)
  126. 381r: Regenbogen (ein ikkje identifisert alemannisk diktar, framstilt som ein smed)
  127. 383r: Meister Konrad von Würzburg (døydde 1287)
  128. 394r: Kunz von Rosenheim (ikkje identifisert, kanskje ikkje ein diktar men eigaren av ei songbok brukt som kjelde)
  129. 395r: Rubin von Rüdeger (ikkje identifisert)
  130. 396r: Der Kol von Nüssen (ikkje identifisert, kanskje av Neunzen near Zwettl)
  131. 397v: Der Dürner (ikkje identifisert, kanskje frå Mengen i Schwaben)
  132. 399r: Meister Heinrich Frauenlob (Heinrich von Meißen, fødd ca. 1250)
  133. 407r: Meister Friedrich von Sonnenburg (ikkje identifisert)
  134. 410r: Meister Sigeher (fl. 1250–1260s; kanskje identisk med ein Sicherius iuculator som var aktiv i Metz, moglegvis ein tyrolar)
  135. 412r: Der wilde Alexander (ein uidentifisert alemannisk diktar frå sein 1200-tal)
  136. 413v: Meister Rumslant (fl. seint på 1200-talet, frå Nord-Tyskland)
  137. 415v: Spervogel («Sporven»; under dette kallenamnet finst dikt frå to ulike diktarar frå midten og slutten av 1100-talet)
  138. 418r: Boppe (av Bonndorf, døydde 1320; tente under greven av Nellenburg 1276–1305)
  139. 422r: Der Litschauer (ikkje identifisert)
  140. 423v: Der Kanzler («Kanslaren», 2. halvdel av 1200-talet, kanskje alemannisk)

Galleri endre

Kjelder endre

  1. Koschorreck and Werner 1981 discern no fewer than eleven scribes, some working simultaneously, in the production.
  2. «Codex Manesse». Heidelberg University Library. Heidelberg University. Henta March 11, 2023.