Coltan
Coltan er eit handelsnamn for tantalhaldige mineral i tantalitt- og columbittgruppa. Det metalliske grunnstoffet tantal blir brukt i produksjonen av mikrochips (brikker) og vart på slutten av 1990-åra sterkt etterspurt i samband med utviklinga av ny teknologi for bruk i mobiltelefoni og i Playstation 2. På verdsmarknaden har kiloprisen på tantal auka til meir enn 4000 kr i 2001. Australia, Brasil og Canada er dei største produsentane i verda av tantal. Utvinning av coltan i Kongo har fått stor merksemd, mellom anna fordi han skal truge verna dyrearter.
Kjelder
endre- «Coltan». Store norske leksikon. 17. mars 2009. Henta 14. februar 2014.