Tantalitt
Tantalitt er eit samleomgrep på ein blandingsserie mellom minerala tantalitt-(Fe) (tidlegare ferrotantalitt), tantalitt-(Mn) (tidlegare manganotantalitt) og Tantalitt-(Mg) (tidlegare magnesiotantalitt). Tantalitt er ein del av columbitt-(tantalitt-)euxenitt-gruppa, som skil seg frå columbitt ved å innehalde områdande tantal i staden for niob: (Fe,Mn)(Ta,Nb)2O6. Det finst på granittpegmatitter, men er mindre utbreidd enn columbitt.
Tantalitt | |||
Tantalitt frå Pilbara district i Australia | |||
Generelt | |||
---|---|---|---|
Kategori | Oksydmineral | ||
Kjemisk formel | (Fe,Mn)Ta2O6 | ||
Strunz-klassifisering | 04.DB.35 | ||
Identifikasjon | |||
Farge | Mørk svart, jern-svart til mørkebrun, raudbrun | ||
Krystallsystem | Ortorombisk | ||
Kløyv | god i ei retning | ||
Brot | Undermuslig | ||
Mohs hardleiksskala | 6-6,5 | ||
Glans | Undermetallisk til nesten harpiksaktig | ||
Strekfarge | brunraud til svart | ||
Spesifikk vekt | 8,0+ | ||
Kjelder | [1][2] |
Tantalitt-(Fe) er i Noreg kjent frå Iveland, Evje og Dillingøy ved Moss.
Tantalitt-(Mn) er i Noreg påvist frå Drag i Tysfjord, Tennvatnet i Sørfold, Iveland og Råde i Østfold.
Kjelder
endre- «Tantalitt». Store norske leksikon. 6. mars 2009. Henta 14. februar 2014.
- ↑ «TANTALITE (Iron Mangan Tantal Niob Oxide)». Galleries.com. Henta 25. oktober 2011.
- ↑ Tantalite. Mindat.org (2011-09-07). Retrieved on 2011-10-30.