Skelligøyane er to små øyar med bratte klipper om lag 16 km vest for Bolus HeadIveragh i County Kerry i Irland. Dei er kjend for dei store koloniane med havsule og lundefugl og for eit tidleg kloster som står på UNESCO si verdsarvliste.

Skelligøyane
Skellig Michael
Little Skellig

Little Skellig endre

Den minste øya heiter Little Skellig (Sceilig Bheagirsk). Ho er stengd for ålmenta og har den største kolonien med havsule i Irland, og kanskje òg i verda, med nesten 30 000 par. Ho ligg om lag 1,5 km aust for Great Skellig.

Great Skellig endre

Great Skellig eller Skellig Michael (Sceilig Mhichíl på irsk) er den største av dei to øyane. Ho har ei høgd på 230 meter over havet. Nær toppen ligg det eit kloster frå 500-talet som står på UNESCO si verdsarvliste.

Dyreliv endre

Begge Skelligøyane er kjend for sine store koloniar med sjøfugl og i lag utgjer dei eit av dei viktigaste sjøfuglområda i Irland, både i talet på fugl og i mangfald av artar.

Av dei hekkande fuglane finn ein havsvale, havsule, havhest, havlire, krykkje, lomvi, alke og lundefugl. Ein kan òg sjå enkelte alpekråke og vandrefalk.

I havområde rundt finn ein òg dyr som gråsel, brugde, vågekval, delfin og lærskilpadde. Øyane har mange flotte dykkestader på grunn av det klåre vatnet, det mangfaldige dyrelivet og undervassklipper ned til 60 meter.

Sjå òg endre

Sjå òg eigne artiklar for kvar av dei to øyene Great Skellig og Little Skellig.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

51°46′N 10°32′W / 51.767°N 10.533°W / 51.767; -10.533