Covellin
Covellin (engelsk covellite) er eit mineral som består av koparsulfid, CuS. Covellin er indigoblått og særs bløytt (hardleik 1,5–2). Det krystalliserer heksagonalt. Finst oftast sekundært etter chalkopyritt og chalkositt, men kan òg vere danna primært. Det er ein viktig koparerts i Chile, Bolivia og New Zealand.
Covellin | |||
| |||
Generelt | |||
---|---|---|---|
Kategori | Sulfidmineral | ||
Kjemisk formel | Koparsulfid:CuS | ||
Strunz-klassifisering | 02.CA.05a | ||
Dana-klassifisering | 02.08.12.01 | ||
Krystallsymmetri | Heksagonal diheksagonal dipyramidal H–M Symbol (6/m 2/m 2/m) Romgruppe: P 63/mmc | ||
Einingscelle | a = 3.7938 Å, c = 16.341 Å; Z = 6 | ||
Identifikasjon | |||
Farge | Indigoblå eller mørkare, vanlegvis særs iriserande, messinggul til djup raud | ||
Krystallform | Tynne, plateaktige, heksagonale krystallar og rosettar, òg massiv til korna. | ||
Krystallsystem | Heksagonal | ||
Kløyv | perfekt på {0001} | ||
Fastleik | Fleksibel | ||
Mohs hardleiksskala | 1,5-2 | ||
Glans | Undermetallisk, hellande mot harpiksaktig til matt | ||
Strekfarge | Blygrå | ||
Transparens | Ugjennomsiktig | ||
Spesifikk vekt | 4.6 - 4.8 | ||
Optiske eigenskapar | |||
Optiske eigenskapar | Einaksa (+) | ||
Brytingsindeks | nω = 1.450 nε = 2.620 | ||
Pleokroisme | Markert, mørkblå til lyseblå | ||
Smeltbarheit | 2.5 | ||
Andre eigenskapar | Glimmeraktig kløyv | ||
Kjelder | [1][2][3] |
I Noreg er covellin påvist i ei rekkje førekomstar, men i særs små mengder.
Det er kalla opp etter den italienske mineralogen Nicola Covelli (1790–1829).
Kjelder
endre- «Covellin», Store norske leksikon, 14. februar 2009, henta 14. februar 2014