Coz I Luv You
Singel av Slade
B-side

My Life is Natural

Utgjeve 8. oktober 1971[1]
Desember 1971 (USA)[2]
Innspelt 1971
Sjanger Softrock[3]
Lengd 3:24
Selskap Polydor
Låtskrivar(ar) Noddy Holder, Jim Lea
Produsent Chas Chandler
Slade-kronologi 
«Get Down and Get with It»
(1971)
Coz I Luv You «Look Wot You Dun»
(1972)


«Coz I Luv You» er ein song av det britiske rockebandet Slade, gjeve ut i 1971 som ein singel utan album. Han vart skriven av solovokalisten Noddy Holder og bassisten Jim Lea, og produsert av Chas Chandler. Songen gjekk til topps på den britiske singellista og var den første singelen deira som klarte dette. Han låg inne på lista i 15 veker.[4]

I 1972 vart eit samlealbum med same namn gjeve ut utafor Storbritannia.[5] Songen var med på samlealbumet og kom òg ut på det neste samlealbumet deira, Sladest i 1973.[6]

Songen vart gjeven ut som oppfølgjar til det kommersielle gjennombrotet deira med versjonen deira av Bobby Marchan sin «Get Down and Get with It» i mai 1971. Denne nådde 16. plassen i Storbritannia.[7] «Coz I Luv You» vart spelt inn med elektrisk fiolin spelt av Lea.

«Coz I Luv You» vart seinare nytta i filmen Velvet Goldmine frå 1998 og i ein episode av TV-serien Life on Mars.

Format

endre
7"-singel
  1. «Coz I Luv You» - 3:24
  2. «My Life is Natural» - 3:12
7"-singel (Israel)
  1. «Coz I Luv You» - 3:24
  2. «Get Down and Get with It» - 4:12
7"-singel (Amerikansk promo)
  1. «Coz I Luv You» - 3:24
  2. «Coz I Luv You» - 3:24
7"-singel (Tysk «Golden Greats»-serie)
  1. «Coz I Luv You» - 3:24
  2. «Mama Weer All Crazee Now» - 3:43
7"-singel (Belgisk «Golden Oldies»-serie)
  1. «Coz I Luv You» - 3:24
  2. «Gudbuy T'Jane» - 3:33
CD-singel (Tysk utgåve frå 1993)
  1. «Coz I Luv You» - 3:30
  2. «Gudbuy T'Jane» - 3:30
  3. «I Don't Mind» - 3:06

Salslister

endre
Liste (1971) Plassering
Australia (Kent Music Report)[8] 7
Den belgiske singellista (Vl)[9] 7
Den nederlandske singellista[10] 2
Den franske singellista[11] 21
Den tyske singellista[12] 9
Irish Singles Chart[13] 1
UK Singles Chart[14] 1

Medverkande

endre
Slade
Andre medverkande

Coverversjonar

endre
  • I 1971 gav Alan Caddy Orchestra and Singers ut ein versjon av songen på albumet Six Top Hits.[15]
  • I 1973 spelte Vandyke Brown, Unicorn Express og Indigo Blue inn songen i lag med Slade-songane «Cum On Feel the Noize» og «Take Me Bak 'Ome» for albumet Million Copy Hit Songs Made Famous by Slade, T. Rex, Sweet.[16]
  • I 1991 spelte Ian Edmundson inn ein versjon av songen under pseudonymet Go Crazy, som ein hyllest til 25-årsjubileet til Slade.[17]
  • I 1992 spelte det britiske alternative rockebandet The Wonder Stuff inn songen for ulike samlealbum Ruby Trax - The NME's Roaring Forty.[18]
  • I 1994 spelte Jim Lea inn to versjonar av songen og gav dei begge ut på singlar. Den første vart gjeven ut under artistnamnet «The X Specials» og den andre som «Jimbo featuring Bull».[19]
  • I 2000 spelte Noddy Holder inn ein akustisk versjon for ITV-dramaserien The Grimleys, der Holder spelte. Songen vart seinare gjeven ut digitalt i 2008 på Slade sitt eige plateselskap, Whild John Music Ltd.[20]
  • I 2002 spelte det tyske hardrockbandet Böhse Onkelz inn songen som B-side for singelen deira «Keine Amnestie für MTV».[21]
  • Sidan 2006 har den engelske songaren James Blunt stundom framført songen på konsertane sine.
  • I 2007 vart songen sampla av Evidence for songen «Things You Do» som kom ut på albumet The Weatherman LP.[22]
  • I 2015 inkluderte punk band Vice Squad songen på CD-singelen «Run Run Rudolph».[23]
  • I 2015 spelte rockebandet Kamyaniy Gist denne songen på ukrainsk for albumet 70/80.

Kjelder

endre
  1. «Slade - Coz I Luv You / My Life Is Natural - Polydor - UK - 2058 155». 45cat. 19. mars 2017. Henta 9. oktober 2021. 
  2. «Slade - Coz I Love You / My Life Is Natural - Cotillion - USA - 45-44139». 45cat. 11. desember 1971. Henta 9. oktober 2021. 
  3. Tinelli, Paul. «Sladest - Slade | Songs, Reviews, Credits». AllMusic. Henta 24. juli 2019. 
  4. «slade | full Official Chart History | Official Charts Company». Officialcharts.com. Henta 9. oktober 2021. 
  5. «Slade - Coz I Luv You at Discogs». Discogs.com. Henta 9. oktober 2021. 
  6. «Slade - Sladest at Discogs». Discogs.com. 24. mars 2010. Henta 9. oktober 2021. 
  7. Charlesworth, Chris (1984). Slade, Feel the Noize!: an illustrated biography. London: Omnibus Press. s. 31. ISBN 0-7119-0538-X. 
  8. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 277. ISBN 0-646-11917-6. 
  9. «Slade - Coz I Luv You». ultratop.be. Henta 9. oktober 2021. 
  10. Steffen Hung. «Slade - Coz I Luv You». dutchcharts.nl. Arkivert frå originalen 25. oktober 2012. Henta 5. oktober 2021. 
  11. «InfoDisc : Tout les Titres par Artiste». Infodisc.fr. Arkivert frå originalen 26. oktober 2013. Henta 9. oktober 2021. 
  12. Steffen Hung. «Slade - Coz I Luv You». austriancharts.at. Henta 9. oktober 2021. 
  13. Jaclyn Ward. «The Irish Charts - All there is to know». Irishcharts.ie. Arkivert frå originalen 13. november 2013. Henta 5. oktober 2021. 
  14. «Slade | full Official Chart History | Official Charts Company». Officialcharts.com. Henta 19. oktober 2017. 
  15. «Alan Caddy Orchestra And Singers - Six Top Hits - Avenue - UK - NUE 160». 45cat. Arkivert frå originalen 3. oktober 2012. Henta 5. oktober 2021. 
  16. «Medium: Million Copy Hit Songs Made Famous by Slade, T. Rex, Sweet - Vandyke Brown, Unicorn Express and Indigo Blue (1973)». Second Hand Songs. 21. februar 2011. Arkivert frå originalen 21. mars 2012. Henta 5. oktober 2021. 
  17. «Go Crazy - Coz I Luv You / We Don't Want To Go Home - Toys In The Attic - UK - TOY 1». 45cat. Henta 9. oktober 2021. 
  18. «Medium: Ruby Trax - The NME's Roaring Forty - (1992)». Second Hand Songs. Arkivert frå originalen 21. mars 2012. Henta 5. oktober 2021. 
  19. «ALL Diskografi @ www.collectadisc.co.uk». Collectadisc.co.uk. Henta 9. oktober 2021. 
  20. «Coz I Luv You - Single by Noddy Holder on Apple Music». Itunes.apple.com. Henta 9. oktober 2021. 
  21. Henkelmann, Carsten. «Böhse Onkelz: Keine Amnestie Für MTV - Single-CD, 2002, Digipak». Henta 16. september 2016. 
  22. «Slade Music Sampled by Others». WhoSampled. Arkivert frå originalen 4. november 2012. Henta 5. oktober 2021. 
  23. «Run Run Rudolph». Last Rockers Records.