Cundinamarcamaurpitta

art av sporvefuglar

Cundinamarcamaurpitta (Grallaria kaestneri) er ein fugl i maurpittafamilien. Arten er endemisk for Colombia med kjente leveområder på tre mindre areal, totalt 450 km2, i den austlegee skråninga av den austlege fjellkjeda av Andes. Området er i Cundinamarca-departementet, rett aust for Bogotá.[1]

Cundinamarcamaurpitta
Cundinamarcamaurpitta
Cundinamarcamaurpitta
Utbreiing og status
Status i verda: Utbreiinga av Cundinamarcamaurpitta
Utbreiinga av Cundinamarcamaurpitta
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Maurrikser Formicariidae
Slekt: Grallaria
Art: Cundinamarcamaurpitta G. kaestneri
Vitskapleg namn
Grallaria kaestneri

Skildring

endre

Dette er ein mellomstor maurpitta, 15,5 centimeter i kroppslengd, og kroppsvekt rundt 48 gram. Fjørdrakta til vaksne fuglar er mørk olivenbrun på oversida, lysare underside, strupe-bryst er skildra som skittenkvit med mørke strekar over brystet. Cundinamarcamaurpittaer lever i våt tåkeskog, frå 1800 til 2300 moh.[2] Her lever dei av insekt, edderkoppar og meitemark.

Populasjonen er estimert til i området 500-1 200 individ, og er trudd å vere minkande. Arten er klassifisert som sterkt truga, EN.[1]

Kjelder

endre
Referansar
  1. 1,0 1,1 BirdLife International (2015)
  2. Krabbe et al, 2003