Grallaria

slekt av sporvefuglar

Grallaria er ei biologisk slekt av sporvefuglar som høyrer til maurpittafamilien, Grallariidae. Slekta samlar ei rekke artar heimehøyrande i tropisk Amerika, neotropane, der dei hovudsakleg er utbreidde i Sør-Amerika, mange av dei langs Andesfjella, frå nord på kontinentet, inkludert Trinidad, til nord for Argentina. Ein art, kjedemaurpitta, Grallaria guatimalensis, lever også i Mexico og Mellom-Amerika.

Grallaria
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Underorden: Tyranni
Familie: Grallariidae
Slekt: Grallaria
Vieillot, 1816

Slekta var tidlegare inkludert i maurfuglfamilien, Formicariidae.[1] Taksonomien til slekta er i stadig utvikling med tidgjengde skildringar av nye artar og omgjering av underartar til artstakson. Døme på det er utvikling av Grallaria rufula-komplekset[2] og andre som gav totalt 13 ekstra Grallaria-artar i åra 2020-2021.

Det feminine generiske namnet Grallaria stammar frå det moderne latinske grallarius: dei som går på styltar; mygg.[3]

Skildring

endre
 
Kjempemaurpitta, Grallaria gigantea, foto frå Mindo, Ecuador
Foto: Francesco Veronesi

Fuglane i denne slekta er ei gruppe store maurpittaer med tydelege mønstre i fjørdrakta, dei framstår som runde i kroppsforma, med ekstremt korte halar og veldig lange bein. Kjønna er like. Dei måler mellom 14,5 cm og 24 cm i lengd. Dei minste: rustmaurpitta, G. rufula og rustmaurpitta, G. blakei, dei største: stormaurpitta, G. excelsa og kjempemaurpitta, G. gigantea. Dei følgjer eit mønster av nyansar av brunt, raudbrunt og grått, og viser ofte ein eller annan type tverrvatring, skjelmønstre eller striper.

Grallaria-artane finst hovudsakleg i fuktige skogar og fjell, og når det største mangfaldet sitt i Andes. Dei er primært terrestriske, sjølv om hannar av nokre artar sit på låge greiner medan dei syng, og kan røre seg overraskande smidig og snøgt. Dei fleste er notorisk skjerre og lite iaugefallande, sjølv om nokre få artar, spesielt stripehovudmaurpitta, G. andicolus og okermaurpitta, G. quitensis, streifar meir i det halvopne. Alle maurpittaer er mest kjende for sine enkle, men attraktive songar, vanlegvis den første indikasjonen på nærværet deira.

Artslista

endre

Her følger Grallaria-maurpittaer i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V11.2, 2021,[4] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[5]

Slekt Grallaria
  • Skjelmaurpitta, Grallaria squamigera, Undulated Antpitta, Prévost & Des Murs, 1842, (LC)
  • Kjempemaurpitta, Grallaria gigantea, Giant Antpitta, Lawrence, 1866, (VU)
  • Stormaurpitta, Grallaria excelsa, Great Antpitta, Berlepsch, 1893, (VU)
  • Blånakkemaurpitta, Grallaria varia, Variegated Antpitta, (Boddaert, 1783), (LC)
  • Skjeggmaurpitta, Grallaria alleni, Moustached Antpitta, Chapman, 1912, (VU)
  • Kjedemaurpitta, Grallaria guatimalensis, Scaled Antpitta, Prévost & Des Murs, 1842, (LC)
  • Tachiramaurpitta, Grallaria chthonia, Tachira Antpitta, Wetmore & Phelps Jr, 1956, (CR)
  • Sepiamaurpitta, Grallaria haplonota, Plain-backed Antpitta, Sclater, PL, 1877, (LC)
  • Oransjebrystmaurpitta, Grallaria dignissima, Ochre-striped Antpitta, Sclater, PL & Salvin, 1880, (LC)
  • Stripemaurpitta, Grallaria eludens, Elusive Antpitta, Lowery & O'Neill, 1969, (LC)
  • Brunhovudmaurpitta, Grallaria ruficapilla, Chestnut-crowned Antpitta, Lafresnaye, 1842, (LC)
  • Kanelhettemaurpitta, Grallaria watkinsi, Watkins's Antpitta, Chapman, 1919, (NT)
  • Santamartamaurpitta, Grallaria bangsi, Santa Marta Antpitta, Allen, JA, 1900, (VU)
  • Cundinamarcamaurpitta, Grallaria kaestneri, Cundinamarca Antpitta, Stiles, 1992, (EN)
  • Stripehovudmaurpitta, Grallaria andicolus, Stripe-headed Antpitta, (Cabanis, 1873), (LC)
  • Grånakkemaurpitta, Grallaria griseonucha, Grey-naped Antpitta, Sclater, PL & Salvin, 1871, (LC)
  • Jocotocomaurpitta, Grallaria ridgelyi, Jocotoco Antpitta, Krabbe, Agro, Rice, Jacome, Navarrete & Sornoza-Molina, 1999, (EN)
  • Rustnakkemaurpitta, Grallaria nuchalis, Chestnut-naped Antpitta, Sclater, PL, 1860, (LC)
  • Bleiknebbmaurpitta, Grallaria carrikeri, Pale-billed Antpitta, Schulenberg & Williams, MD, 1982, (LC)
  • Kvitstrupemaurpitta, Grallaria albigula, White-throated Antpitta, Chapman, 1923, (LC)
  • Gulbrystmaurpitta, Grallaria flavotincta, Yellow-breasted Antpitta, Sclater, PL, 1877, (LC)
  • Kalkbrystmaurpitta, Grallaria hypoleuca, White-bellied Antpitta, Sclater, PL, 1855, (LC)
  • Ruststenkmaurpitta, Grallaria przewalskii, Rusty-tinged Antpitta, Taczanowski, 1882, (VU)
  • Brunmaurpitta, Grallaria capitalis, Bay Antpitta, Chapman, 1926, (LC)
  • Raudmaurpitta, Grallaria erythroleuca, Red-and-white Antpitta, Sclater, PL, 1874, (LC)
  • manglar norsk namn, Grallaria spatiator, Sierra Nevada Antpitta, Bangs, 1898, ()
  • manglar norsk namn, Grallaria saltuensis, Perija Antpitta, Wetmore, 1946, (EN)
  • Rustmaurpitta, Grallaria rufula, Muisca Antpitta, Lafresnaye, 1843, (LC)
  • Jernmaurpitta, Grallaria rufocinerea, Bicolored Antpitta, Sclater, PL & Salvin, 1879, (VU)
  • manglar norsk namn, Grallaria alvarezi, Chami Antpitta, Cuervo, Cadena, Isler & Chesser, 2020, ()
  • manglar norsk namn, Grallaria saturata, Equatorial Antpitta, Domaniewski & Stolzmann, 1918, ()
  • manglar norsk namn, Grallaria cajamarcae, Cajamarca Antpitta, (Chapman, 1927), ()
  • Nøttemaurpitta, Grallaria blakei, Chestnut Antpitta, Graves, GR, 1987, (NT)
  • manglar norsk namn, Grallaria gravesi, Chachapoya Antpitta, Isler, Chesser, Robbins & Hosner, 2020, ()
  • manglar norsk namn, Grallaria oneilli, Panao Antpitta, Chesser & Isler, 2020, ()
  • manglar norsk namn, Grallaria obscura, Junin Antpitta, Berlepsch & Stolzmann, 1896, ()
  • manglar norsk namn, Grallaria centralis, Oxapampa Antpitta, Hosner, Robbins, Isler & Chesser, 2020, ()
  • manglar norsk namn, Grallaria ayacuchensis, Ayacucho Antpitta, Hosner, Robbins, Isler & Chesser, 2020, ()
  • manglar norsk namn, Grallaria occabambae, Urubamba Antpitta, (Chapman, 1923), ()
  • manglar norsk namn, Grallaria sinaensis, Puno Antpitta, Robbins, Isler, Chesser & Tobias, 2020, ()
  • manglar norsk namn, Grallaria cochabambae, Bolivian Antpitta, Bond, J & Meyer de Schauensee, 1940, ()
  • Okermaurpitta, Grallaria quitensis, Tawny Antpitta, Lesson, R, 1844, (LC)
  • Umbramaurpitta, Grallaria milleri, Brown-banded Antpitta, Chapman, 1912, (VU)
  • Urraomaurpitta, Grallaria urraoensis, Urrao Antpitta, Carantón-Ayala & Certuche-Cubillos, 2010, ()
  • Oransjekinnmaurpitta, Grallaria erythrotis, Rufous-faced Antpitta, Sclater, PL & Salvin, 1876, (LC)

Kjelder

endre
Referansar
  1. Richard C. Banks, R. Terry Chesser, Carla Cicero, Jon L. Dunn, Andrew W. Kratttter, Irbrby J. Lovetttte, Pamela C. Rasmussen, J. V. Remsen, Jr., James D. Rising, Douglas F. Stotz, and Kevin Winker (2008). «Forty-ninth Supplement to the American Ornithologists' Union Check-list of North American Birds». The Auk 125 (3): 758–768. doi:10.1525/auk.2008.9708. 
  2. Isler, Morton L.; Chesser, R. Terry; Robbins, Mark B.; Cuervo, Andrés M.; Cadena, Carlos Daniel; Hosner, Peter A. (21. juli 2020). «Taxonomic evaluation of the Grallaria rufula (Rufous Antpitta) complex (Aves: Passeriformes: Grallariidae) distinguishes sixteen species». Zootaxa (på engelsk) 4817 (1): 1–74. ISSN 1175-5334. doi:10.11646/zootaxa.4817.1.1. 
  3. Jobling, James A (2010). The Helm Dictionary of Scientific Bird Names. London: Christopher Helm. s. 177. ISBN 978-1-4081-2501-4. 
  4. Gill F, D Donsker & P Rasmussen (Eds). 2021. IOC World Bird List (v11.1). doi : 10.14344/IOC.ML.11.1 Henta 7. mars 2021
  5. Syvertsen, P. O., Bergan, M., Hansen, O. B., Kvam, H., Ree, V. & Syvertsen, Ø. 2020. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening https://www.birdlife.no/fuglekunnskap/navn/

Bakgrunnsstoff

endre
 
Wikispecies
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Grallaria
  Commons har multimedium som gjeld: Grallaria