Cupfinalen i fotball 1979/Menn
Cupfinalen i fotball 1979 var den 72. finalen i rekka av norske meisterskap i fotball for menn. Finalekampen vart spelt sundag 21. oktober på Ullevaal stadion i Oslo framfor 25 000 tilskodarar. Viking Fotballklubb frå Stavanger vann kongepokalen for tredje gong, då finalen enda med siger 2–1 over Sportsklubben Haugar frå Haugesund. Det var fyrste gongen to lag frå Rogaland møttest i ein NM-finale. Dommar var Ivar Fredriksen frå Lillestrøm SK.
Kampen
endreBriten Dean Mooney gav Haugar leiinga i det 25. minutt, med di han stanga han eit hjørnespark i mål. Viking dominerte banespelet, utan å omsette det i store sjansar og gode avslutningar. Knapt ti minutt ut i andre omgang vart Viking-spissen Trygve Johannessen felt i straffefeltet. Straffesparket plasserte lagkamerat Bjarne Berntsen nede i høgre hjørnet og dermed 1–1. Ni minutt seinare gjekk eit frispark frå Svein Kvia via hovudet på Haugar-stoppar Jens Egil Vikanes og i mål. Med 2–1 i målprotokollen tok Viking heim kongepokalen. «Viking beviste igjen sine verdifulle egenskaper som et disiplinert maskinlag. Spillerne sliter uavlatelig i 90 minutter, og der ligger mye av årsaken til Vikings suksess.»[1]
Laga
endreViking sitt meisterlag bestod av Erik Johannessen, Bjarne Berntsen, Tor Reidar Brekke, Per Henriksen, Tonning Hammer, Inge Valen, Svein Fjælberg, Svein Kvia (kaptein), Trygve Johannessen, Isak Arne Refvik og Magnus Flatestøl. Trond Ekholt fekk Refvik sin plass tre minutt før slutt.
Haugar mønstra Steve Hopson, Rune Larsen, Leif Birkeland (kaptein), Jens Egil Vikanes, Terje Solberg, Dennis Burnett, Harald Undahl, Øyvind Hovland, Tor Nilsen, Dean Mooney, og Dag P. Christophersen. Åge Sørensen slapp innpå i kampens siste minutt.