Opna hovudmenyen

Bjarne Berntsen

norsk fotballspelar

Bjarne Berntsen, (fødd 21. desember 1956) er er ein norsk fotballtrenar og tidlegare fotballspelar frå Figgjo. I si tid som spelar var han to gongar med å vinne seriemeisterskapen i Noreg, og ein gong noregsmeisterskapen (cupmeisterskapen). Alle meistertitlane vann han som Viking-spelar. Som trenar leia han Bryne Fotballklubb til noregsmeisterskap i 1987. Berntsen var landslagstrenar for det norske damelandslaget i fotball i perioden 2005-09.

Bjarne Berntsen

Bjarne Berntsen.jpg

Statsborgarskap Noreg
Fødd 21. desember 1956
Sandnes kommune
Idrett fotball
Yrke fotballspelar, fotballtrenar

SpelarEndra

Bjarne Berntsen spelte i yngre år fotball på laget til Figgjo Idrettslag. Perioden 1977-82 spelte han på toppserieklubben Viking. Klubben kom i 1978-sesongen på bronseplass i serien. I den påfølgjande sesongen, 1979, vann Viking både serien og cupen, i cupfinalen sigra Viking med 2-1 over Sportsklubben Haugar frå Haugesund. 1981-sesongen enda klubben på sølvplass i serien, eitt poeng bak Vålerengens Idrettsforening. Berntsen vann sitt siste seriegull i 1982-sesongen, då Viking vann tre poeng føre Bryne.

Berntsen spelte 33 landskampar for Noreg i tida 1978-82. Han debuterte 9. august 1978 i Helsingfors, då han ut i 2. omgang vart bytta inn for Helge Karlsen. Kampen mellom Finland og Noreg enda 1-1. Høgdepunktet for Berntsen som landslagsspelar kom då Noreg 9. september 1981 vann 2-1 over England i ein VM-kvalifiseringskamp i Oslo. Tom Lund og Hallvar Thoresen skåra dei norske måla. Berntsen spelte høgreback både på Viking og på landslaget.

TrenarEndra

KlubbtrenarEndra

Berntsen har trenarerfaring frå Figgjo IL, Bryne og Viking, og var ein kort periode, 1986-1987, assistenttrenar for fotballandslaget for menn. Han trena Bryne til cupmeisterskap i 1987 og Viking til seriebronse i 1994. Frå 1999 til 2004 var Berntsen administrerande direktør i Viking Fotball ASE.

LandslagstrenarEndra

Berntsen tok over som landslagsjef for det norske kvinnelandslaget i fotball frå 1. januar 2005. Under europameisterskapen same året, EM i England, kom Noreg seg vidare frå gruppespelet på målskilnad, på kostnad av Frankrike. Noreg møtte Sverige semifinalen og vann etter ekstraomgangar. I finalen var Noreg sjanselaust då laget møtte Tyskland, og tapte 1-3.

Noreg under Berntsen kvalifiserte seg i 2007 til VM i Kina. I gruppespelet vann Noreg over både Canada og Ghana, og spelte uavgjort mot Australia. I kvartfinalen slo Noreg Kina 1-0 i ein jamn kamp, Isabell Herlovsen skåra målet. Tyskland var motstandar i semifinalen, det enda med norsk tap 0-3. Bronsefinalen mellom Noreg og USA enda 1-4, fordel USA. I ettertid av meisterskapen vart det avdekt konfliktar mellom trenaren og enkeltspelarar. Ein av spelarane, Lise Klaveness, sa nei til vidare landslagspel.

I 2008 var Noreg med i sine første OL, sidan laget vann OL-gull i Sydney i 2000. Under OL i Beijing overraska Noreg med å vinne den fyrste kampen, ved å slå USA 2-0 etter mål av Leni Kaurin og Melissa Wiik. Wiik scora òg det einaste målet i kampen mot New Zealand. Deretter tapte Noreg overraskande heile 1-5 mot Japan, etter Guro Knutsen hadde gjeve Noreg leiinga. I kvartfinalen venta Brasil, som var betre enn Noreg i det meste, og vann 2-1. Siri Nordby scora for Noreg på straffe.

Den 21. oktober 2008, to dagar etter at Røa hadde sikra seg seriegullet, melde fem Røa-spelarar frå om at dei ikkje ville spele på det norske landslaget, så lenge Berntsen var sjef for laget. Dei fem, Guro Knutsen, Marie Knutsen, Siri Nordby, Lene Mykjåland og Marit Fiane Christensen, var misnøgd med måten Berntsen leia spelargruppa på, og med spelestilen til landslaget.

Noreg spela i fyrste delen av 2009-sesongen med mange ferske landslagsspelarar. Under europameisterskapen i Finland kom Noreg til semifinalen, etter ein sterk siger over Sverige i kvartfinalen. Noreg møtte Tyskland i semifinalen og tapte 1-3, etter ein relativt jamn kamp. Berntsen avslutta då sitt engasjement som landslagssjef for Noreg.[1]

KjelderEndra

  1. Optimistisk til framtida trass semifinaletap - dagbladet.no
  • Omsett frå Wikipedia på bokmål, innhenta måndag 4. januar 2010, klokka 20:07.
  • Sportsboken, aktuelle årgangar