Cupfinalen i fotball 1990/Menn
Cupfinalen i fotball 1990 var den 85. finalen i rekka av norske meisterskap i fotball for menn. Finalekampen vart spelt sundag 21. oktober på Ullevaal stadion i Oslo framfor 28 000 tilskodarar. Rosenborg Ballklubb vann kongepokalen for femte gong, to år etter den forrige NM-triumfen. Seriemeisterlaget frå Trondheim slo Fyllingen IL frå Bergen med 5–1. Arild Haugstad frå Faaberg Idrettslag var finaledommar.
Kampen
endreKarl Petter Løken opna målfesten for Rosenborg då han i det 13. minutt lyfta ballen over målvakta. Sju minutt seinare smelte Gøran Sørloth til «på hel volley» og det stod 2-0. Etter rot i forsvaret til Fyllingen, fekk Jahn Ivar Jakobsen tak i ballen og runda målvakta før han sette inn 3-0 då kampen var 28 minutt gammal. 13 minutt ut i andre omgang skaut Sørloth i tverrliggaren, Løken «dytter returen i mål». Midtvegs i omgangen storma Kåre Ingebrigtsen fram og «vipper» ballen over ei «utrusende» målvakt og i mål. Innbytaren Paul Tengs syrgde for eit trøystemål til Fyllingen, to minutt før dommarfløyta lydde og RBK-spelarane kunne feire nok ein dobbeltriumf.
Laga
endreRosenborg sitt vinnarlag bestod av: Ola By Rise, Øivind Husby, Trond Sollied, Knut Torbjørn Eggen, Trond Henriksen, Kåre Ingebrigtsen, Sverre Brandhaug, Ørjan Berg, Karl Petter Løken, Gøran Sørloth og Jahn Ivar Jakobsen. Roar Strand tok Løken sin plass i det 75. minutt. Fem minutt seinare avløyste Runar Berg broren Ørjan Berg.
Fyllingen sitt historiske mannskap: Vidar Bahus, Tom Leiknes, Inge Ludvigsen, Per-Ove Ludvigsen, Gunnar Ingebrigtsen, Hans Brandtun, Dag Bergset, Håkon Knudsen, Asbjørn Helgeland, Tor Vikenes og Ola Lyngvær. Fire minutt etter pause kom Kjell Rune Pedersen i spel, ut gjekk Ingebrigtsen. Etter 64 minutts spel måtte ein skadd Per-Ove Ludvigsen stige av bana, inn kom Paul Tengs.