Cyornis
Cyornis er ei biologisk slekt av flugesnapparar med 32 medlemar som er utbreidd i Den orientalske regionen frå Himalaya til Sulawesi. Verdas naturvernunion, IUCN, har kategorisert to artar i slekta som kritisk truga, og nær 50 % av dei kategoriserte artane er raudlista.[1]
Cyornis | |
Nymfeflugesnappar (C. rubeculoides), hannfugl | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Overfamilie: | Muscicapoidea |
Familie: | Flugesnapparfamilien Muscicapidae |
Underfamilie: | Niltavinae |
Slekt: | Cyornis Blyth, 1843 |
Slekta Cyornis vart introdusert i 1843 av den britiske zoologen Edward Blyth, men utan å gje opp nokon typeart.[2] Slektsnamnet kombinerer det antikke greske kuanos som betyr «mørk blå» med ornis som betyr «fugl».[3]
Skildring
endreDette er små til mellomstore einsarta flugesnapparar; mange arter er 15 cm i kroppslengd. Det er grovt rekna to hovudgrupper av fjørdrakter. Den største gruppa har dei mest iaugefallande hannfuglar i blått, med bryst i raudbrunt eller kvitt og elles kvit underside. Hoene er i brunt, raudbrunt, oransje nyansar og kvit buk. Denne kombinasjonen gjelder 23 av dei 32 artane. I dei resterande 9 artane er hannfuglar brune som hoene med lys eller nær kvit underside. Den minste av dei blå artane er blåstrupeflugesnappar som lever på Malayahalvøya, Sumatra og Borneo på 13-14 cm. Moglegvis er bleikhakeflugesnappar, frå Himalaya til sørlege Myanmar, den største med kroppslengd på opptil 18 cm.
Ein kan finne mest mangfald av Cyornis på Borneo, 11 artar i slekta kan observerast der. Sumatra har registrert 7 artar. Om ein tar med dei store øyane er 22-23 artar å rekne som øyartar, fleire av dei på svært innskrenka utbreiingsområde.
Generelt er Cyornis standfuglar, men dei som hekkar lengst nord og høgtliggande er trekkfuglar. Fem artar er hekkar delvis inn i Himalaya. Av dei er arunachalflugesnappar, Cyornis magnirostris, ein trekkfugl som overvintrar på Malayahalvøya. Også nymfeflugesnappar (C. rubeculoides) trekker etter dette mønsteret, men overvintrar lengere mot vest.
-
Buskflugesnappar, Cyornis tickelliae
-
Koboltflugesnappar, C. hainanus, hoe
-
Koboltflugesnappar, C. hainanus, hann
-
Kvitbukflugesnappar, Cyornis pallidipes
-
Mangroveflugesnappar, Cyornis rufigastra
Status
endreRavineflugesnappar (C. banyumas) på Java er kritisk truga, CR, med færre enn 1000 attlevande modne individ. Grunnen til denne statusen er tap av habitat og fangst for burfuglhandel.[5] Medanflugesnappar (C. ruckii) er den andre arten i slekta som er kritisk truge. Populasjonen er estimert til å ligge under 50 individ. Den siste observasjonen er frå 1918. Leveområdet var på Nord-Sumatra.[6]
Artsliste
endrePer 2024 har IOC lista opp 32 artar i IOC Word Bird List.[1] Talet er aukande, til dømes var det berre 21 artar i utgåva frå mars 2008.[7] Norske artsnamn er etter Norske navn på verdens fugler:[8]
- Asurflugesnappar, C. unicolor, Pale Blue Flycatcher, Blyth, 1843, (LC)
- Apsaraflugesnappar, C. glaucicomans, Chinese Blue Flycatcher, Thayer & Bangs, 1909, (LC)
- Nymfeflugesnappar, C. rubeculoides, Blue-throated Blue Flycatcher, (Vigors, 1831), (LC)
- Koboltflugesnappar, C. hainanus, Hainan Blue Flycatcher, (Ogilvie-Grant, 1900), (LC)
- Borneoflugesnappar, C. superbus, Bornean Blue Flycatcher, Stresemann, 1925, (LC)
- Blåstrupeflugesnappar, C. turcosus, Malaysian Blue Flycatcher, Brüggemann, 1877, (NT)
- Svartkinnflugesnappar, C. lemprieri, Palawan Blue Flycatcher, (Sharpe, 1884), (NT)
- Sundaflugesnappar, C. caerulatus, Sunda Blue Flycatcher, (Bonaparte, 1857), (VU)
- Blåbrystflugesnappar, C. herioti, Blue-breasted Blue Flycatcher, Wardlaw-Ramsay, RG, 1886, (NT)
- Edelflugesnappar, C. camarinensis, Rufous-breasted Blue Flycatcher, (Rand & Rabor, 1967), (VU)
- Raudhaleflugesnappar, C. ruficauda, Philippine Jungle Flycatcher, (Sharpe, 1877), (LC)
- Suluflugesnappar, C. ocularis, Sulu Jungle Flycatcher, (Bourns & Worcester, 1894)
- IOC har nyleg splitta taksonet frå C. ruficauda, ikkje anerkjent av Birdlife International
- Raudstjertflugesnappar, C. ruficrissa, Crocker Jungle Flycatcher, (Sharpe, 1887)
- IOC har nyleg splitta taksonet frå C. ruficauda, ikkje anerkjent av Birdlife International
- Kvitbukflugesnappar, C. pallidipes, White-bellied Blue Flycatcher, (Jerdon, 1840), (LC)
- Brunbrystflugesnappar, C. brunneatus, Brown-chested Jungle Flycatcher, (Slater, HH, 1897), (VU)
- Nikobarflugesnappar, C. nicobaricus, Nicobar Jungle Flycatcher, (Richmond, 1902), (NT)
- Gråbrystflugesnappar, C. umbratilis, Grey-chested Jungle Flycatcher, (Strickland, 1849), (NT)
- Arunachalflugesnappar, C. magnirostris, Large Blue Flycatcher, Blyth, 1849, (NT)
- Buskflugesnappar, C. tickelliae, Tickell's Blue Flycatcher, Blyth, 1843, (LC)
- Indokinaflugesnappar, C. sumatrensis, Indochinese Blue Flycatcher, (Sharpe, 1879), (LC)
- Ravineflugesnappar, C. whitei, Hill Blue Flycatcher, Harington, 1908, (LC)
- Mangroveflugesnappar, C. rufigastra, Mangrove Blue Flycatcher, (Raffles, 1822), (LC)
- Alveflugesnappar, C. omissus, Sulawesi Blue Flycatcher, (Hartert, EJO, 1896), (LC)
- Kalaoflugesnappar, C. kalaoensis, Kalao Blue Flycatcher, (Hartert, EJO, 1896), ()
- Ravineflugesnappar, C. banyumas, Javan Blue Flycatcher, (Horsfield, 1821), (CR)
- Dayakflugesnappar, C. montanus, Dayak Blue Flycatcher, Robinson & Kinnear, 1928, (LC)
- Meratusflugesnappar, C. kadayangensis, Meratus Blue Flycatcher, Irham, Haryoko, Shakya, Mitchell, S, Burner, Bocos, Eaton, Rheindt, Suparno, Sheldon & Prawiradilaga, 2021, (NT)
- Bleikhakeflugesnappar, C. poliogenys, Pale-chinned Flycatcher, Brooks, WE, 1880, (LC)
- Okerbrystflugesnappar, C. olivaceus, Fulvous-chested Jungle Flycatcher, Hume, 1877, (LC)
- Pelengflugesnappar, C. pelingensis, Banggai Jungle Flycatcher, (Vaurie, 1952), (NT)
- Hennaflugesnappar, C. colonus, Sula Jungle Flycatcher, (Hartert, EJO, 1898), (NT)
- Medanflugesnappar, C. ruckii, Rück's Blue Flycatcher, (Oustalet, 1881), (CR)
Kjelder
endre- Winkler, D. W., S. M. Billerman, og I. J. Lovette (2020). World Flycatchers (Muscicapidae), version 1.0. In Birds of the World (S. M. Billerman, B. K. Keeney, P. G. Rodewald, og T. S. Schulenberg, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.muscic3.01
- Merknadar
- Referansar
- ↑ 1,0 1,1 1,2 Gill, Frank; Donsker, David; Rasmussen, Pamela, red. (January 2024). «Chats, Old World flycatchers». IOC World Bird List Version 14.1. International Ornithologists' Union. Henta 11. februar 2024.
- ↑ Blyth, Edward (1843). «Mr. Blyth's monthly Report for December Meeting, 1842, with Addenda subsequently appended». Journal of the Asiatic Society of Bengal 12 (143): 925–1011 [940-941].
- ↑ Jobling, James A. (2010). The Helm Dictionary of Scientific Bird Names. London: Christopher Helm. s. 129. ISBN 978-1-4081-2501-4.
- ↑ Winkler et al (2020).
- ↑ BirdLife International (2024) Species factsheet: Cyornis banyumas. Henta den 14. februar 2024
- ↑ BirdLife International (2024) Species factsheet: Cyornis ruckii. Henta den 14. februar 2024
- ↑ «IOC World Bird List Version 14.1». WorldBirdNames.org. mars 2008. Arkivert frå originalen 15. februar 2010. Henta 14. februar 2024.
- ↑ Norsk navnekomité for fugl (NNKF). «Norske navn på verdens fugler». Birdlife Norge. Henta 5. januar 2024.