DS «Ceres»

norsk dampskip, bygd i Nederland i 1891

Vippetangen i Oslo i 1923. «Ceres» ligg nede til høgre.
Foto: Anders Beer Wilse
Karriere  Nederland
Namn: DS «Cleves»
Eigar: M. Matthys
Verft: Sunderland Shipbuilding Co. Ltd., Sunderland
Verftsnummer: 185
Jomfrutur: November 1895
Heimehamn: Rotterdam, Nederland
Kjennemerke: MDHN/LDTB
Karriere  Nederland
Namn: DS «Lerfos»
Eigar: Naaml. Vennootschap Maats. Norwegen (D. Burger & Zonen)
Kjøpt: 1899
Heimehamn: Rotterdam, Nederland
Karriere  Noreg
Namn: DS «Ceres»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Kjøpt: 2. april 1907 for 164 617 kr.[1]
Heimehamn: Bergen
Lagnad: Opphogd 1935
Generelle mål
Tonnasje: 658 brt, 304 nrt
Daudvekt: 800 tdw.
Lengd: 53,5 m
Breidd: 8,4 m
Djupgang: 4,8 m
Installert effekt : 500 iHk, 95 nHk
Framdrift: Triple 3 cyl. ekspansjon dampmaskin (Westgarth, English & Co., Middlesbrough)
Fart: 10 knop

DS «Cleves» (kallesignal MDHN/LDTB) var eit dampskip bygt i 1895 som lasteskip for M. Matthys i Rotterdam i Nederlad ved Sunderland Shipbuilding i Sunderland. Reiarlaget hadde drive linjefart frå Rotterdam til Vestlandet sidan 1857.

I april 1907 vart reiarlaget kjøpt av Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS) og skipet vart omdøypt DS «Ceres». Det gjekk i rute frå Bergen til Rotterdam, via Haugesund og Stavanger.

Historie endre

I 1899 vart skipet kjøpt av Naaml. Vennootschap Maats. Norwegen (D. Burger & Zonen) i Rotterdam og omdøypt «Lerfos».

BDS betalte 164 617 kr for skipet[1] og gav det namnet DS «Ceres». I 1909 vart det innlagt banjer og i 1914 vart det installert ny dampkjel med overheitar på 170 pund i tillegg til donkeykjel.

I 1917 vart skipet midlertidig overteken av The Shipping Controller (T. Rose & Partners Ltd.) i London, før det i 1919 vart levert attende til reiarlaget og sett inn i den nye ruta til BDS som gjekk til Frankrike, med Le Havre og Bordeaux som dei viktigaste hamnene.

I 1930 vart det sett inn straumlinjeror, før det i november 1935 vart det selt til Stavanger Skipsophugning for hogging.

Skipet endre

Tonnasjen til skipet var ved levering 658 bruttoregistertonn og 304 nettoregistertonn og lasteevna var 800 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 1 024 . Hovudmaskinen var ein kolfyrt tresylindra ekspansjon dampmaskin, levert av Westgarth, English & Co. i Middlesbrough. Oppgjeven yting var 500 iHk (indikerte hestekrefter) og 95 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 10 knop.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «D/S Flora». Sjøhistorie.no. Henta 25. desember 2019.