DS «Draco» (1900)

tysk dampskip frå 1900, seinare norsk
Karriere  Tyskland
Namn: DS «Senator Kruger»
Eigar: Carl Tiede
Verft: Schömer & Jensen i Tønning i Slesvig i Tyskland
Verftsnummer: 31
Heimehamn: Wismar i Tyskland
Kjennemerke: MDRP
Generelle mål
Tonnasje: 429 brt, 239 nrt
Daudvekt: 600 tdw.
Lengd: 143,2 fot (43,6 m)
Breidd: 24,8 fot (7,6 m)
Djupgang: 12,9 fot (3,9 m)
Installert effekt : 210 iHk, 58 nHk
Framdrift: Compound 2 cyl. dampmaskin (Schömer & Jensen)
Fart: 8 knop
Karriere  Noreg
Namn: DS «Smaragd»
Eigar: D/S Smaragd (Lauritz Kloster)
Kjøpt: 1907
Heimehamn: Stavanger
Karriere  Noreg
Namn: DS «Draco»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Kjøpt: Juni 1911
Heimehamn: Bergen
Karriere  Noreg
Namn: DS «Benedicte»
Eigar: D/S A/S Benedicte (Adolf Andersen)
Kjøpt: Januar 1930
Heimehamn: Bergen
Karriere  Noreg
Namn: DS «Dusken»
Eigar: G.J. Steffensens Rederi A/S
Kjøpt: November 1932
Heimehamn: Bergen
Lagnad: Forliste 1934

DS «Senator Kruger» (kallesignal MDRP) var eit dampskip bygt i 1900 som lasteskip for Carl Tiede i Wismar i Tyskland.

Historie endre

Skipet vart bygt ved Schömer & Jensen i Tønning i Slesvig i Tyskland og levert i 1900.[1]

I 1907 hamna skipet hos norske eigarar då det vart kjøpt av Lauritz Kloster og selskapet D/S Smaragd. Skipet fekk då namnet «Smaragd». I juli 1911 vart skipet kjøpt av Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS), som gav det namnet «Draco». Her segla det dei neste tjue åra før det vart selt til Adolf Andersen i Bergen i januar 1930, som gav det namnet «Benedicte». I november 1932 vart det selt på tvangsauksjon til G.J. Steffensens Rederi A/S og nok ein gong fekk det nytt namn, denne gongen «Dusken». På reise mellom Danzig og Gent kantra skipet og sokk i Neufahrwasser den 15. september 1934. 11. oktober same året vart vraket kondemnert og seld for opphogging i Gdynia.

Skipet endre

Tonnasjen til skipet var ved levering 429 brt, 239 nrt og lasteevna var 600 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 685 . Hovudmaskinen var ein kolfyrt tosylindra compound dampmaskin, levert av Schömer & Jensen. Oppgjeven yting var 210 iHk (indikerte hestekrefter) og 58 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 8 knop knop.[2]

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. Dag Bakka jr. og Per Alsaker (1988). «Det Bergenske Dampskipselskap - del 1». Skipet. Nr. 1 (Rådal: Skipet). Volum 14: 29. Henta 29. desember 2019. 
  2. «D/S Draco». Sjøhistorie.no. Henta 29. desember 2019.