Opna hovudmenyen

DS «Jupiter» var eit tidlegare passasjer- og lasteskip som vart overlevert Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS) i 1916. Skipet var byggnummer 423 ved Lindholmens Verkstad, i Göteborg, Sverige, og kjøpesummen var om lag 1,2 millionar kroner. Skipet gjekk i Bergenske sine Newcastle-rute og Hamburg-rute. I 1953 og 1955 gjekk skipet som avløysarskip i hurtigruta. I 1955 vart skipet seld til Hellas. I 1960 vart skipet øydelagd i ein brann og seinare hogd opp.

1916- 1955: DS «Jupiter»

1955 - 1960: «Hermes»

Unknown ship no picture.svg
Bilete manglar.
Karriere
Type: Laste- og passasjerskip
Eigar:

1916 - 1955: Det Bergenske Dampskibsselskab

1955 - 1960: Epirotiki Steamship Navigation Company
Registreringshamn:

1916 - 1955:Bergen Noreg

1955 - 1960:Pireus Hellas
Verft: Lindholmens Verkstad, Göteborg
Jomfrutur: 26. januar 1916
Kallenamn: MSTR / LEBA
Lagnad: Øydelagd i brann i 1960
Generelle eigenskapar
Tonnasje: 2 652 tonn
Lengd: 93 m
Dekkbreidde: 12,7 m
Djupgang: 5,7 m m
Fart: 15,5 knop
Passasjerar: 170 køyeplassar
Denne artikkelen handlar om hurtigruteskipet frå 1916. For hurtigruteskipet frå 1856 med same namn, sjå DS «Jupiter» (1856).

Det Bergenske Dampskibsselskab hadde som tradisjon å gje skipa namn etter fenomen og objekt på nattehimmelen. Planeten Jupiter er den største planeten i solsystemet vårt.

Spire Denne transportartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.