DS «Lofoten» (1913)

norsk dampskip frå 1913
DS Lofoten (1915).jpg
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Lofoten»
Eigar: Vesteraalens Dampskibsselskab
Verft: Akers Mekaniske Verksted i Kristiania
Verftsnummer: 361
Jomfrutur: september 1913
Heimehamn: Stokmarknes
Kjennemerke: MJRS
Generelle mål
Type: Passasjer- og lasteskip
Tonnasje: 942 brt, 552 nrt
Daudvekt: 1 040 tdw.
Lengd: 185,0 fot (56,4 m)
Breidd: 30,2 fot (9,2 m)
Djupgang: 20,6 fot (6,3 m)
Installert effekt : NHK 104 IHK 475
Framdrift: Triple 3 cyl. dampmaskin (Akers MV, Oslo)
Fart: 9,5 knop
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Lofoten»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Kjøpt: August 1915 for 355 566 kr.[1]
Heimehamn: Bergen
Lagnad: Søkkt 1918

DS «Lofoten» (kallesignal MJRS) var eit dampskip bygt i 1913 som passasjer- og lasteskip for Vesteraalens Dampskibsselskab i Stokmarknes.

I august 1915 vart det kjøpt av Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS).

HistorieEndra

Skipet vart bygt ved Akers Mekaniske Verksted i Oslo og vart levert i september 1913.[2]

I august 1915 vart skipet kjøpt av Det Bergenske Dampskibsselskab for 355 566 kroner.[1] Den 4. november 1916 berga «Lofoten» og kaptein Lockert barken «Baron Holberg» under farefulle og vanskelege tilhøve. For dette fekk Lockert tilkjent ei gåve frå Carnegies heltefond og ein sølvpokal med inskripsjon frå den norske staten.[3] I 1917, under første verdskrigen, vart skipet rekvirert av britiske styresmakter under The Shipping Controller i London. I fart for britane vart skipet torpedert og søkkt 3. februar 1918 av den tyske ubåten «UB 38», kring 7 nautiske mil søraust av Start Point i Den engelske kanalen sør for Dartmouth på reise frå Glasgow i Skottland til Le Havre i Frankrike med stykkgods. 17 personar ombord omkom.

SkipetEndra

Tonnasjen til skipet var ved levering 942 brt, 552 nrt og lasteevna var 1 040 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 1 703 . Hovudmaskinen var ein kolfyrt tresylindra ekspansjon dampmaskin, levert av Aker. Oppgjeven yting var 475 iHk (indikerte hestekrefter) og 104 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 9,5 knop.[1] Det var rom til nokre få passasjerar, med éin lugar på 1. plass (1. klasse) og to lugarar på 3. plass.[1]

Skipet skal ha vore ein særs god stykkgodsbåt, men hadde dårleg stabilitet.[1]

Sjå ògEndra

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 «D/S Lofoten». Sjøhistorie.no. Henta 26. april 2020. 
  2. Dag Bakka jr. og Per Alsaker (1988). «Det Bergenske Dampskipselskap - del 1». Skipet. Nr. 1 (Rådal: Skipet). Volum 14: 30. Henta 26. april 2020. 
  3. , Bergens Tidende