DS «Reichenbach»

tysk dampskip frå 1906
Karriere  Tyskland
Namn: DS «Reichenbach»
Eigar: Deutsch Australische DSGS
Verft: Flensburger Schiffbau-Gesellschaft i Flensburg i Tyskland
Verftsnummer: 267
Jomfrutur: desember 1906
Heimehamn: Hamburg
Kjennemerke: MKVH
Generelle mål
Type: Lasteskip
Tonnasje: 4 211 brt, 2 609 nrt
Daudvekt: 7 025 tdw.
Lengd: 388,8 fot (118,5 m)
Breidd: 50,8 fot (15,5 m)
Djupgang: 25,1 fot (7,7 m)
Installert effekt : 472 nHk, 2 200 iHk
Framdrift: Triple 3 cyl. dampmaskin (FSBG)
Fart: 11,25 knop
Karriere  Noreg
Namn: DS «Meteor»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Kjøpt: Februar 1915 for 790 000 kroner[1]
Heimehamn: Bergen
Lagnad: Skoten i senk 1916

DS «Reichenbach» (kallesignal MKVH) var eit dampskip bygt i 1906 som lasteskip for Deutsch Australische DSGS i Hamburg i Tyskland.

Etter å ha blitt internert i Kristiansand i 1914 då den første verdskrigen braut ut, vart skipet kjøpt av Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS) og omdøypt DS «Meteor» i 1915. Året etter vart skipet skoten i senk av tyskarane.

Historie endre

Skipet vart bygt ved Flensburger Schiffbau-Gesellschaft i Flensburg i Tyskland og vart levert i desember 1906 om linjeskip.[2]

I august 1914 vart skipet internert i Kristiansand. I februar 1915 kjøpte Det Bergenske Dampskibsselskab skipet for 790 000 kroner.[1] Det var då det desidert største skipet BDS nokon gong hadde hatt i flåten og prisen var rekna som låg for eit så stort skip. Skipsverdiane var gått noko ned då første verdskrigen braut ut i 1914. Skipet var tiltenkt Sør-Amerikalinja til selskapet.

7. desember 1916 vart skipet skoten i senk av den tyske ubåten «UB-29», ført av obertleutnant zur See Erich Platsch, kring 40 kvartmil sørvest av Bishop Rock i Nord-Atlanteren (49.23 N, 07.54 W). Skipet var då på reise frå Philadelphia til London med stykkgods. Alle ombord vart redda.[1]

Skipet endre

Tonnasjen til skipet var ved levering 4 211 brt, 2 609 nrt og lasteevna var 7 025 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 11 242 . Hovudmaskinen var ein kolfyrt tresylindra ekspansjon dampmaskin, levert av FSBG. Oppgjeven yting var 2 200 iHk (indikerte hestekrefter) og 472 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 11,25 knop.[1]

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «D/S Meteor». Sjøhistorie.no. Henta 4. januar 2020. 
  2. Dag Bakka jr. og Per Alsaker (1988). «Det Bergenske Dampskipselskap - del 1». Skipet. Nr. 1 (Rådal: Skipet). Volum 14: 33. Henta 4. januar 2020.