DS «Ulefoss» (1906)

norsk dampskip frå 1906
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Ulefoss»
Eigar: A/S Manchester (Thor Thoresen Jr.)
Verft: Nyland Mekaniske Verksted i Kristiania/Oslo
Verftsnummer: 166
Jomfrutur: september 1906
Heimehamn: Kristiania
Kjennemerke: MCWD - LDFT
Generelle mål
Type: Lasteskip
Tonnasje: 1 230 brt, 749 nrt
Daudvekt: 1 590 tdw.
Lengd: 221,1 fot (67,4 m)
Breidd: 34,2 fot (10,4 m)
Djupgang: 14,7 fot (4,5 m)
Installert effekt : 126 nHk, 650 iHk
Framdrift: Triple 3 cyl. dampmaskin (Nyland)
Fart: 9 knop
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Deneb»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Kjøpt: Februar 1915 for 277 998 kroner[1]
Heimehamn: Bergen
Karriere Flag of Italy.svg Italia
Namn: DS «Brundusium»
Eigar: Maritime Commercial Brindisina S.A.
Kjøpt: 1934
Heimehamn: Brindisi
Karriere Flag of Italy.svg Italia
Namn: DS «Brundusium»
Eigar: Achille Lauro
Kjøpt: 1937
Heimehamn: Napoli
Karriere Flag of Germany.svg Tyskland
Namn: DS «Brundusium»
Eigar: Die Deutsche Kriegsmarine
Kjøpt: August 1944
Karriere Flag of Yugoslavia (1946-1992).svg Jugoslavia
Namn: DS «Dunav»
Eigar: Jadranska Slobrodna Plovidba (Adriatic Tramp Shipping )
Kjøpt: 1954
Heimehamn: Split
Lagnad: Opphogd 1966

DS «Ulefoss» (kallesignal MCWD - LDFT) var eit dampskip bygt i 1906 som lasteskip for A/S Manchester (Winge & Co.) i Oslo.

I 1915 vart det selt til Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS) og omdøypt DS «Deneb». Seinare hamna det hos italienske og jugoslavsiske eigarar, før det vart opphogd i 1966.

HistorieEndra

Skipet vart bygt ved Nyland Mekaniske Verksted i Kristiania og levert i september 1906.[2] Skipet gjekk i rute til vestkysten av Storbritannia og hamnebyane Manchester, Preston og Glasgow frå Oslo. I 1908 tok Thor Thoresen jr. over styringa i selskapet. I 1914 kom Thor Thoresen til avtale med Det Bergenske Dampskipsselskap om samarbeid på denne britiske ruta, og DBS kjøpte i februar 1915 «Ulefoss» for 277 998 kroner[1] og gav det namnet «Deneb». På grunn av første verdskrigen vart det ikkje noko av samarbeidet på ruta, og «Deneb» kom først inn i denne ruta i 1919. I mellomtida, i 1917, vart skipet rekvirert av britiske styresmakter gjennom Shipping Controller og vart drive av H. Doughty & Co. i London.

I 1934 vart skipet selt til Marittima Commerciale Brindisina i Brindisi i Italia, og det vart omdøypt til DS «Brundusium». I 1936-1937 vart det selt til Achille Lauro i Napoli i Italia. 8. september 1943 vart det beslaglagt av tyskarane medan det segla på kysten av Dalmatia i Kroatia. Ein gong i 1945 vart det søkkt av eige mannskap under evakueringa av Dubrovnik i Jugoslovaia. Seinare vart det heva av eit jugoslavisk bergingsselskap og reparert.

I 1954 vart skipet sett i fart att som DS «Dunav» for Jadranska Slobodna Plovidba i Rijeka i Jugoslavia. I 1960 vart det selt til Losinjska Plovidba i Mali Losinj i Jugoslavia, før det i september 1966 vart selt til Cant. Nav. Santa Maria i La Spezia i Italia for opphogging.

SkipetEndra

Tonnasjen til skipet var ved levering 1 230 brt, 749 nrt og lasteevna var 1 590 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 2 229 . Hovudmaskinen var ein kolfyrt tresylindra ekspansjon dampmaskin, levert av Nyland. Oppgjeven yting var 650 iHk (indikerte hestekrefter) og 126 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 9 knop.[1]

I 1931 fekk skipet straumlinjeror.

Sjå ògEndra

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 «D/S Castor». Sjøhistorie.no. Henta 4. januar 2020. 
  2. Dag Bakka jr. og Per Alsaker (1988). «Det Bergenske Dampskipselskap - del 1». Skipet. Nr. 1 (Rådal: Skipet). Volum 14: 34. Henta 4. januar 2020.