Opna hovudmenyen

DS «Uranus» (1880)

norsk dampskip frå 1880
DS Uranus in 1905.jpg
DS «Uranus» i Oslofjorden i august 1905.
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Unita»
Eigar: M. Aug. Schjelderup med fleire
Verft: Bergen Mekaniske Verksted
Verftsnummer: 56
Jomfrutur: November 1880
Heimehamn: Bergen
Kjennemerke: JRCL
IMO-nummer: 5616768
Generelle mål
Tonnasje: 599 brt, 299 nrt
Daudvekt: 538 tdw.
Lengd: 49,3 m
Breidd: 7,4 m
Djupgang: 4,0 m
Installert effekt : 250 iHk, 50 nHk
Framdrift: 2Cyl. compound dampmaskin (BMV)
Fart: 8 knop
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Uranus»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Kjøpt: Februar 1894 for 76 333 kr.[1]
Heimehamn: Bergen
Lagnad: Opphogd 1924

DS «Uranus» (kallesignal JRCL) var eit dampskip bygt i 1880 som eit lasteskip for M. Aug. Schjelderup som «Unita» ved Bergen Mekaniske Verksted. I februar 1894 vart skipet kjøpt av Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS) og omdøypt.

BDS hadde som tradisjon å namngje skipa sine etter fenomen og objekt på nattehimmelen. Uranus er ein planet i solsystemet.

HistorieEndra

«Unita» vart levert i november 1880 for bergenske kjøpmenn. Ho vart kjøpt og omdøypt til «Uranus» av Bergenske i februar 1894 for 76 000 kroner.[1]

I 1901 vart det bygd overbygg forut og nytt jarnhus og overbygning midtskips. 2. juni 1908 vart «Uranus» det første skipet i den nye ruta Bergenske oppretta til Island frå Bergen. Sidan gjekk ruta frå Oslo eller Stavanger og hadde anløp i Thorshavn på Færøyane og så til alle hamnene på nordkysten av Island og til slutt Reykjavik. I 1909 havarerte skipet ved Hoversholmen og vart reparert.

Skipet vart selt til opphogging i 1924.

SkipetEndra

Tonnasjen til skipet var ved levering 599 bruttoregistertonn og 357 nettoregistertonn og lasteevna var 538 dødvekttonn. Volumet på lasteromma var 510 kubikkmeter. 976 . Hovudmaskinen var ein kolfyrt tosylindra compound dampmaskin, levert av Bergen Mekaniske Verksted. Oppgjeven yting var 250 iHk (indikerte hestekrefter) og 50 nHk (nominelle hestekrefter), noko som gav ein toppfart på 8 knop.

Etter ombygginga i 1901 var tonnasjen 601 brt og 426 nrt.[2]

Skipet fekk nye donkeykjele på 100 pund i 1903.

Sjå ògEndra

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 «D/S Venus». Sjøhistorie.no. Henta 12. mai 2019. 
  2. Skipshistorie.net

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: DS «Uranus» (1880)