DS «Vega» (1895)

norsk dampskip frå 1895
Karriere  Noreg
Namn: DS «Vega»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Verft: Joseph L. Thompson & Sons i Sunderland
Byggekostnad: 469 856 kr.[1]
Verftsnummer: 327
Jomfrutur: Mai 1895
Heimehamn: Bergen
Kjennemerke: JVTL
Lagnad: Krigsforlis i 1916
Generelle mål
Tonnasje: 1166 brt, 674 nrt
Daudvekt: 850 tdw.
Lengd: 71,0 m
Breidd: 9,8 m
Djupgang: 6,7 m
Installert effekt : 222 nHk, 1607 iHk
Framdrift: Triple 3 cyl. dampmaskin (John Dickinson, Sunderland)
Fart: 14 knop

DS «Vega» (kallesignal JVTL) var eit dampskip bygt i 1895 som passasjer- og lasteskip for Det Bergenske Dampskibsselskab ved Joseph L. Thompson & Sons i Sunderland. Skipet vart levert i mai 1895 og gjekk inn i turistruta til Bergenske frå England til fjordane på Vestlandet og nordover.

Dette var det første skipet til BDS av fleire som heitte «Vega». BDS hadde som tradisjon å namngje skipa sine etter fenomen og objekt på nattehimmelen. Vega er ei stjerne.

Historie endre

«Vega» vart bygt for ein kostnad på kring 470 000 kroner og gjekk i rute mellom England og Noreg og kvar sommar vart ho kvitmåla og gjort om til turistskip.[1] Då første verdskrigen braut ut i 1914 var «Vega» blant skipa som frakta turistar heim til England.

Seinare i krigen, 17. november 1916 vart skipet stogga, sprengt og skoten i senk i Nordsjøen sørvest for Håboen og Stavanger av den tyske ubåten U 78 og kapteinløytnant Otto Dröscher. Skipet var då på reise frå Bergen til Newcastle med hermetikk. Alle 16 om bord vart redda.[1]

Skipet endre

Tonnasjen til skipet var ved levering 1166 bruttoregistertonn og 674 nettoregistertonn og lasteevna var 850 dødvekttonn. Volumet på lasteromma var 870 kubikkmeter om vinteren og 743 . Hovudmaskinen var ein kolfyrt tresylindra ekspansjonsdampmaskin, levert av John Dickinson i Sunderland. Oppgjeven yting var 1 607 iHk (indikerte hestekrefter) og 250 nHk (nominelle hestekrefter), noko som gav ein toppfart på 14 knop.

Om sommaren var det køyeplass til 103 passasjerar på 1. plass (1. klasse) og om vinteren var det 20 køyeplassar på 1. plass, åtte køyer på 2. plass og 76 køyer på 3. plass.

I 1909 fekk skipet nye kjeler og i 1914 radio.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 «D/S Lofoten». Sjøhistorie.no. Henta 16. mai 2019.