Dag og Tid

norsk avis
(Omdirigert frå DT)

Dag og Tid er ei nynorsk vekeavis. Utgjevarstaden er Oslo med adresse Pilestredet 8.

Dag og Tid
LandNoreg
TypeDagsavis
FormatTabloid
Grunnlagd1962
Språknynorsk
HovudkvarterOslo
Nettstadwww.dagogtid.no

Avisa kom med fyrste prøvenummer i 1962, med den kjende NRK-profilen Arthur Klæbo som redaktør. Det skulle gå så lenge som seks år før avisa klarte å etablere stabil drift med vekentlege ugjevingar. Det skjedde frå 1968. Dag og Tid hadde eit oppsving kring striden med EF. På siste halvdel av 1970-talet kom avisa med to nummer i veka.

Dag og Tid er politisk sjølvstendig, men med ein klår motstraums og målpolitisk profil. Ho legg vekt på stoff om kultur og politikk, og gjer plass for innlegg og artiklar som dekkjer eit breidt spekter av samfunnsoppfatningar. Eigarskapet er spreidd på rundt 1200 aksjonærar.

Kjende namn i Dag og Tid opp gjennom historia har mellom anna vore Herbjørn Sørebø, Ivar Eskeland, Per Øyvind Heradstveit, Daniel Liseth, Olav Rytter, Kristin Fridtun, Jon Hustad[1] og Agnes Ravatn.

Redaktørar

endre
Denne lista er diverre ufullstendig. Om du veit meir, kan du hjelpe Wikipedia ved å utvide henne.

Opplag

endre

Bekrefta netto opplagstal frå Mediebedriftenes Landsforening:[2]

  • 1993: 6 263
  • 1994: 5 886
  • 1995: 6 011
  • 1996: 6 375
  • 1997: 6 728
  • 1998: 6 766
  • 1999: 6 319
  • 2000: 6 318
  • 2001: 6 671
  • 2002: 6 519
  • 2003: 6 982
  • 2004: 7 029
  • 2005: 7 054
  • 2006: 7 206
  • 2007: 7 228
  • 2008: 7 233
  • 2009: 7 531
  • 2010: 8 338
  • 2011: 8 729
  • 2012: 9 132
  • 2013: 9 582
  • 2014: 10 778
  • 2015: 10 948
  • 2016: 11 211
  • 2017: 11 271
  • 2018: 11 720
  • 2019: 12 053
  • 2020: 12 904
  • 2021: 13 425
  • 2022: 13 758

Kjelder

endre
  1. Norsk presses historie 1660-2010, Bind 4, side 72. Universitetsforlaget 2010. ISBN 978-82-15-01604-7
  2. Aviskatalogen, tall fra nettsidene til Mediebedriftenes Landsforening, arkivert frå originalen 25. februar 2012, henta 9. mars 2013 

Bakgrunnsstoff

endre