Dafne av Jacopo Peri
Dafne er det tidlegaste kjende musikkverket, etter moderne standard, som kan reknast som ein opera.[1][2][3] Han vart komponert av Jacopo Peri i 1597, med ein libretto av Ottavio Rinuccini.
Opera av Jacopo Peri | |||
| |||
Sjanger | Opera | ||
---|---|---|---|
Periode | Barokken | ||
Komponert | 1597 | ||
Urframføring | 1597, 1598 1597 eller 1598 | ||
Publiseringsdato | musikken tapt |
Historie
endreDafne er instrumentert for eit mykje mindre ensemble enn dei litt seinare operaene til Claudio Monteverdi, nemleg cembalo, ein lutt, ein gambe, ein erkelutt og ei trippelfløyte.[4] Peri tydde til ei ny utvikling på denne tida og oppretta resitativ, melodisk tale sett til musikk, som ein sentral del av opera.[5]
Historia omhandlar Apollon som forelskar seg i nymfen Dafne. Jacopo Peri skreiv Dafne for ein elitesirkel av humanistar i Firenze, Florentine Camerata, mellom 1594 og 1597, med støtte og kanskje samarbeid, med komponisten og vernaren Jacopo Corsi.[5][6] Han vart truleg først framført anten 1597 eller 1598 ved Palazzo Corsi.[7] Det var eit forsøk på å gjenskape gresk drama,[4] men i følgje moderne lærde var det langt frå noko dei gamle grekarane hadde kjent att.[5] I staden oppretta dei ei heilt ny musikkform som skulle var dei neste 400 åra.
Det meste av musikken til Peri er gått tapt, trass i at han var populær og kjend i Europa då han vart publisert. Ein har hatt 455 linjer frå librettoen. Den herskande Medicifamilien i Firenze var så nøgd med Dafne at dei let det neste verket til Peri, Euridice, verte framført som ein del av bryllaupsfeiringa til Marie de' Medici og Henrik IV i 1600.[8][9]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Dafne» frå Wikipedia på engelsk, den 17. juli 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ JSTOR.org "Dafne", the First Opera. A Chronological Study
- ↑ ABC.net.au How the Quest Was Won
- ↑ NYTimes.com " TRAVEL ADVISORY; Opera's 400th Birthday Is Celebrated in Vienna"
- ↑ 4,0 4,1 NewAdvent.org
- ↑ 5,0 5,1 5,2 Jacopo Peri – Dafne
- ↑ JSTOR Peri and Corsi's "Dafne": Some New Discoveries og Observations, William V. Porter; Journal of the American Musicological Society, Vol. 18, No. 2 (Summer, 1965), s. 170–196
- ↑ NNDB's Jacopo Peri page
- ↑ News.com.au, arkivert frå originalen 28. juli 2007, henta 28. juli 2007
- ↑ MusicWithEase.com "Opera Before Gluck
Bakgrunnsstoff
endre- The Starry Messenger by Justin Fleming Arkivert 2006-10-01 ved Wayback Machine. A play about the first production of Dafne