Dale kyrkje i Vaksdal

Dale kyrkje står på Dale i Vaksdal kommune i Vestland fylke, og er ei langkyrkje frå 1956. Kyrkja er bygd i betong etter teikningar laga av Arnstein Arneberg.

Dale kyrkje
kyrkje
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Vaksdal
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Hardanger og Voss
Sokn Dale
Fellesråd Vaksdal
Stad Dale
Type Langkyrkje
Arkitekt Arnstein Arneberg[1]
Material Betong
Innvigd 16. desember 1956[2]
Sitjeplassar 600[1]
Kart
Dale kyrkje i Vaksdal
60°35′25″N 5°49′26″E / 60.5903°N 5.8239°E / 60.5903; 5.8239
Wikimedia Commons: Dale kirke (Vaksdal)

Dale er ein relativt ny kyrkjestad. Staden vart bygd opp kring tekstilverksemda Dale fabrikker, og fekk kapellkyrkje i 1896.[1] Før det sokna folk til Bruvik kyrkjeOsterøy, men då Vossebanen kom i 1883 vart det greiare å reise til Evanger kyrkje på Voss når det skulle haldast bryllaup eller barnedåp.

Dale kyrkje er soknekyrkje i Dale sokn i Hardanger og Voss prosti. Dale vart eige sokn ved kongeleg resulusjon av 16. mai 1911. Soknet høyrde til Bruvik prestegjeld til 1968. Då vart Vaksdal prestegjeld oppretta med sokna Dale, Vaksdal, Eksingedalen og Stamnes.[3] Prestegjelda vart fasa ut frå Den norske kyrkja frå 2004.

Gravstad endre

Kyrkjegarden på Stanghelle vart vigsla 22. mai 1882. Både Dale og Vaksdal sokn nytta Stanghelle-kyrkjegarden. Han er framleis i bruk, men det er sidan vigsla eigne kyrkjegardar både i Vaksdal og på Dale. Kyrkjegarden på Dale ligg på Børjelen på Dalegarden, og vart vigsla 23. november 1907.[1]

Kjelder endre

Fotnotar endre

Bakgrunnsstoff endre