Løvstakken

Løvstakken (477 moh.) er eit av dei sju fjella kring Bergen. Det ligg mellom Fyllingsdalen og Bergensdalen. Fjellet gav namn til ein tidlegare bydel i Bergen (no del av bydelane Årstad og Fyllingsdalen). Løvstakken er eit populært turterreng, og Bergen Turlag sin årlege sjufjellstur går over Løvstakken. Det er då det tredje fjellet ein går over etter Lyderhorn og Damsgårdsfjellet. Turen går vidare til Ulriken, Fløyfjellet, Rundemanen og til slutt Sandviksfjellet.

Løvstakken
fjell
Lovstakken top north.jpg
Land Flag of Norway.svg Noreg
Område Bergen (Vestland)
Fjellkjede Dei sju fjella
Høgd 477 moh.
Koordinatar 60°21′38,3″N 05°19′08,8″EKoordinatar: 60°21′38,3″N 05°19′08,8″E

Løvstakken
60°21′41″ N 5°19′9″ E
Wikimedia Commons: Løvstakken

Sjå ògEndra