Dark Was the Night, Cold Was the Ground
Dark Was the Night, Cold Was the Ground Song av Blind Willie Johnson | ||
Språk | angloamerikansk | |
Innspelt | 3. desember 1927[1] | |
Sjanger | blues spiritual | |
Lengd | 3:21 | |
Selskap | Columbia Records | |
Komponist | Blind Willie Johnson | |
Låtskrivar(ar) | Blind Willie Johnson |
---|
«Dark Was the Night, Cold Was the Ground» er ein gospel-blues-song skriven og framført av den amerikanske musikaren Blind Willie Johnson og spelt inn i 1927. Songen er hovudsakleg ein instrumental med Johnson sin slidegitar og plukkestil og Johnson som nynnar. Songen er ein av 27 musikklipp som finst på Voyager Golden Record, som vart sendt ut i verdsrommet i 1977 for å representere mangfaldet av liv på jorda. «Dark Was the Night, Cold Was the Ground» vart vald for å uttrykke einsemd.[2][3] Songen er hylla og spelt inn av mange musikarar og er nytta i mange filmar.
Bakgrunn
endreFødd i 1897, lærte Johnson seg sjølv å spele gitar og tileigna livet sitt til blues- og gospelmusikk, og spelte for folk på gatehjørne. Columbia Records hadde ei gruppe som reiste rundt til mindre byar for å spele inn lokale talent. Johnson spelte inn om lag 30 songar i løpet av fem omgangar mellom 1927 og 1930. Av dei første var «Dark Was the Night, Cold Was the Ground».[1]
Komposisjon og innspeling
endreTittelen på songen er lånt frå ein salme som var populær på 1800-talet i Sørstatane med fasola-songarar. «Gethsemane», skriven av den engelske presten Thomas Haweis i 1792, startar med linjene «Dark was the night, cold was the ground/on which my Lord was laid.»[4] Musikkhistorikaren Mark Humphrey skildrar komposisjonen til Johnson som ein impressjonistisk utgåve av «lining out», ein kall-og-svar-aktig syngestil som var vanleg i afroamerikanske kyrkjer i Sørstatane.[5][6][7]
«Dark Was the Night, Cold Was the Ground» er 3 minuttar og 21 sekundar av den unike gitarspelinga til Johnson i open D-stemming for slide. I følgje dei fleste forteljingane nytta Johnson ein kniv eller ein pennekniv for flaskehalsen.[8] Melankolien hans, den rue nynninga av gitaren, skapar eit inntrykk av ei «unison jamring», ein melodisk stil som var vanlege i baptistkyrkjene der, koret i staden for å harmonisere, song eller nynna same vokal, men med noko variasjon frå medlem til medlem.[9] Sjølv om vokalen til Johnson er umerkeleg, har fleire kjelder indikert at temaet i songen er krossfestinga av Kristus.[1]
Innspeligane hans vart selde av Columbia og Vokalion med andre bluesartistar som Bessie Smith, som Johnson selde meir enn i depresjonstida.[10] I 1928 hylla den viktige blueskritikaren Edward Abbe Niles Johnson i ein artikkel i The Bookman, og hylla hans «valdelege, torturerte og bunnlause rop og stønn, og den gudsbenåda gitarspelinga hans.».[11]
Ettermæle
endreMusikk
endreMusikken til Johnson vart på ny lagt merke til i 1960-åra takke vere bluesgitaristen Reverend Gary Davis. Som ein høgt akta person i visemiljøet i New York, gav David kopiar av platene til Johnson til unge musikarar og lærte dei å spele songane hans. The Soul Stirrers, Staples Singers, Buffy Sainte-Marie og Peter, Paul & Mary spelte alle Johnson.[8] I 1969 gav det engelske folkrockbandet Fairport Convention ut albumet What We Did on Our Holidays som inneheldt ein song inspirert av «Dark Was the Night, Cold Was the Ground» kalla «The Lord Is in this Place...How Dreadful Is this Place».[12] Ei samling kalla Dark Was The Night kom ut i 2009 på Red Hot Organization, ein veldedig organisasjon som spreiar viten om HIV og AIDS gjennom musikk. Kronos Quartet spelte inn ein versjon av «Dark Was the Night, Cold Was the Ground» på albumet.[13]
Gitaristen Jack White frå The White Stripes kalla «Dark Was the Night, Cold Was the Ground» «det beste dømet på slidegitar som nokon gong er spelt inn»[14] og nytta songen som ein standard for å måle ikonisk rockemusikk som følgde i kjølvatnet, som «Whole Lotta Love» av Led Zeppelin.[15] I 2003 skreiv John Clarke i The Times at «Dark Was the Night, Cold Was the Ground» var «den mest intense og beste bluesinnspelinga som var laga».[16] Francis Davis, forfattar av The History of the Blues er samd, og skriv «Berre med intensiteten aleine-den spirituelle smerten-er det ingenting anna frå denne perioden som kan samanliknast med Johnsons 'Dark Was the Night, Cold Was the Ground', der gitaren spelar rolla som predikanten og den ordlause stemma hans rolla til ein henført kyrkjelyd»[17]
Voyager Golden Record
endreI 1977 fekk Carl Sagan og ei forskingsgruppe oppgåva med å samle inn det som representerte jorda og menneskelege opplevingar på Voyager-sonden for andre livsformer i universitet.Dei samla lydar av froskar, sirissar, vulkanar, eit menneskeleg hjarte, latter, velkomstar på 55 språk og 27 musikkstykke på Voyager Golden Record. «Dark Was the Night, Cold Was the Ground» vart tekne med, i følgje Sagan, fordi «Songen til Johnson omfatta ein situasjon han møtte fleire gonger: natt og ingen stad å sove. Sidan menneske har eksistert på jorda, har natta aldri kome utan å røre ved mann eller kvinne i same naud»[2]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Dark Was the Night, Cold Was the Ground» frå Wikipedia på engelsk, den 10. mars 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 1,2 Bogdanov, et al, s. 284.
- ↑ 2,0 2,1 Nelson, Stephanie; Polansky, Larry (November 1993). "The Music of the Voyager Interstellar Record", Journal of Applied Communication Research, s. 358–375.
- ↑ Kraus, Nicole 11. november 2007. Disappearing Into the Desert, The New York Times. Henta 10. mars 2011.
- ↑ Humphrey, s. 126.
- ↑ Hill, et. all, s. 70-74.
- ↑ Humphrey, s. 126.
- ↑ Humphrey, Mark. «The Great Depression: Music from the Era». Blackside. Arkivert frå originalen 15. september 2010. Henta 10. mars 2011.
- ↑ 8,0 8,1 Obrecht, Jas (Juni 1998). "Can't Nobody Hide from God: The Steel-String Evangelism of Blind Willie Johnson", Guitar Player, 32 (6), s. 57–62.
- ↑ Dargan, s. 60.
- ↑ Harris, Jeff (May 2, 2010). «Times Is Hard (So I’m Savin’ for a Rainy Day) – The Year 1930 Pt. 1». Big Road Blues. Henta 27 September 2010.
- ↑ Hurwitt s. 131-134.
- ↑ Mitchner, Stuart (November 9, 2008). «Sounding the Sixties: It All Comes Round Again for Joe Boyd». Town Topics. Henta 10. mars 2011.
- ↑ Plagenhoef, Scott (26. februar 2009). «Album Review: Various Artists, Dark Was the Night». Pitchfork Media. Henta 10. mars 2011.
- ↑ Di Perna, Alan (August 2007). "Jack the Ripper", Gitar World, s. 78–94.
- ↑ Ordoña, Michael. (August 23, 2009). If guitar heaven exists, it's 'Loud', The San Francisco Chronicle. Henta 10. mars 2011.
- ↑ Clarke, John (December 6, 2003). A Director's Cut, The Times. Henta 10. mars 2011.
- ↑ Davis, s. 119.
Bibliografi
endre- Bogdanov, Vladimir; Woodstra, Chris; Erlewine, Stephen (2003). All Music Guide to the Blues: The Definitive Guide to the Blues, Hal Leonard Corporation. ISBN 0879307366
- Humphrey, Mark (1993). "Holy Blues: The Gospel Tradition". in Cohn, Lawrence. Nothing but the Blues: The Music and the Musicians, Abbeville Press. ISBN 0789206072
- Corcoran, Micheal (2005). All Over the Map: True Heroes of Texas Music, University of Texas Press. ISBN 0292709765
- Dargan, William T. (2006). Lining Out the Word: Dr. Watts Hymn Synging in the Music of Black Americans, University of California Press. ISBN 0520234480
- Davis, Francis (2003). The History of the Blues: The Roots, the Music, the People, Da Capo Press. ISBN 0306812967
- Hill, Samuel; Lippy, Charles; Wilson, Charles (2005). Encyclopedia of Religion in the South, Mercer University Press. ISBN 0865547580
- Hurwitt, Elliot (2008). "Abbe Niles, Blues Advocate". in Evans, David. Ramblin' on My Mind: New Perspectives on the Blues, University of Illinois Press. ISBN 0252074483
Bakgrunnsstoff
endreWhy Music Matters: Blind Willie Johnson Arkivert 2011-07-14 ved Wayback Machine.