David Allan
David Allan (13. februar 1744–6. august 1796) var ein skotsk målar på 1700-talet.
David Allan | |
Statsborgarskap | Kongeriket Storbritannia |
Fødd | 13. februar 1744 Alloa |
Død |
6. august 1796 (52 år) |
Yrke | kunstmålar |
Sjanger | historiemåleri |
David Allan på Commons |
David Allan var fødd i Alloa sentralt i Skottland på eigedommen til jarlen av Mar.[1] Han studerte målarkunst ved akademiet til Foulis i Glasgow. Med støtte frå jarlen av Mar og lord Cathcart drog han i 1764 til Roma, der han var i elleve år. Der studerte han under Gavin Hamilton og kopierte gamle meistrar.[1] Allan utvikla han ein nyklassisistisk stil med historiske motiv.
I 1771 sende han to måleri, Pompey the Great after his Defeat og Cleopatra Weeping Over the Ashes of Mark Antony (begge no tapte) til Royal Academy-utstillinga i London. I 1773 vann han gullmedalje frå Accademia di San Luca for Hector’s Farewell from Andromache og Origin of Portraiture.
Målaren vende tilbake frå Roma i 1777, og var ei stund i London, der han hovudsakleg måla protrett. I 1780 flytta han til Edinburgh, og etterfølgde Alexander Runciman som direktør for Kunstakademiet i Edinburgh i 1786.[1]
Allan blei ein etterspurd portrettmålar, og måla særleg skotske mesenar. Han måla også folkelivsskildringar, og var gjennom dette ein føregangar for David Wilkie. Dei humoristiske draga i Allan si kunst skaffa han tilnamnet «den skotske Hogarth», sjølv om han mangla den satiriske snerten til Hogarth.[2] Han laga illustrasjonar som Illustrations of the Gentle Shepherd til Allan Ramsay sitt dikt «The Gentle Shepherd»,[3] og James Macpherson sine Ossian-dikt.[2]
Ein av elevane hans var Alexander Carse, som viser påverknad frå Allen i dei tidlege verka sine.[4]
Han døydde i Edinburgh[2] og blei gravlagd ved Old Calton Burial Ground der. Royal Scottish Academy stod for gravsteinen hans, som har eit portrett i relieff av kunstnaren.
Galleri
endre-
Thomas Graham, Baron Lynedoch (ca. 1769)
-
Anne Forbes (1781)
-
William Inglis, c 1712 - 1792. Surgeon and Captain of the Honourable Company of Edinburgh Golfers (1787)
-
Catherine Bruce of Clackmannan (1790)
-
Children of Henry Dundas
-
The Black Stool, or Stool of Repentance
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 Chisholm, Hugh, red. (1911). «Allan, David». Encyclopædia Britannica (på engelsk) (11. utg.). Cambridge University Press.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 Peter Walch. "Allan, David." Grove Art Online. Oxford Art Online. 11 Apr. 2012.
- ↑ Duncan Macmillan, Scottish Art 1460-2000, Mainstream, 2000
- ↑ Lucy Dixon, ‘Carse, Alexander (bap. 1770, d. 1843)’, Oxford Dictionary of National Biography, Oxford University Press, 2004; online edn, Oct 2006 accessed 12 Oct 2013
- Denne artikkelen bygger på «David Allan» frå Wikipedia på svensk, den 14. januar 2020.
- Wikipedia på svensk oppgav desse kjeldene: Nationalencyklopedin multimedia plus, 2000
- Denne artikkelen bygger på «David Allan» frå Wikipedia på dansk, den 14. januar 2020.
- Wikipedia på dansk oppgav desse kjeldene:
- Denne artikkelen baserer seg heilt eller delvis på det danske Salmonsens konversationsleksikon 2. utgåve (1915–1930).
- Denne artikkelen bygger på «David Allan (painter)» frå Wikipedia på engelsk, den 14. januar 2020.