David Gilmour av David Gilmour

David Gilmour
Studioalbum av David Gilmour
Språk engelsk
Utgjeve 25. mai 1978
Innspelt Februar–mars 1978
Studio Super Bear Studios, France
Sjanger
Lengd 46:19
Selskap
Produsent David Gilmour
David Gilmour-kronologi 
David Gilmour About Face
(1984)


David Gilmour er det første soloalbumet til Pink Floyd-gitarist og vokalisten David Gilmour. Det kom ut i mai 1978 i Storbritannia og månaden etter i USA. Albumet nådde 17. plass på den britiske albumlista[1] og 29. plass på Billboardlista i USA, der det selde til gullplate. Albumet var produsert av Gilmour sjølv og består hovudsakleg av bluesaktige og gitarorienterte rockesongar, bortsett frå den meir pianodominerte balladen «So Far Away».

Produksjon og innspeling endre

Albumet vart spelt inn i Super Bear Studios i Frankrike i februar og mars 1978 med lydteknikar John Etchells.[2] Albumet vart så miksa i same studio i mars 1978 med Nick Griffiths. Av studiomusikarane på albumet finn ein bassisten Rick Wills og trommeslagaren Willie Wilson, som begge brukte å spele i Jokers Wild i lag med Gilmour, før han vart med i Pink Floyd.

Plateomslag endre

Plateomslaget vart laga av Hipgnosis og Gilmour, med Gilmour, Rick Wills og Willie Wilson på bileta. På omslaget av EMI-utgåva står det at Gilmour spelte klaverinstrument og song, men i røynda spelte han gitar. På CBS/Columbia-utgåva (som kom ut utafor Europa) står det at Gilmour spelte gitar, klaverinstrument og song. Kona til Gilmour på den tida, Ginger, er òg avbilda i omslaget

Singel og songar endre

Det vart gjeve ut ein singel frå albumet, «There's No Way Out of Here», som gjorde det dårleg i Europa, men særs bra på amerikansk FM-radio. Songen vart opphavleg spelt inn av bandet Unicorn (som Gilmour produserte) i 1976 som «No Way Out of Here» for albumet Too Many Crooks[3][4] og vart seinare spelt inn av Monster Magnet på albumet Monolithic Baby!.

Ein av songane Gilmour skreiv på denne tida, men som ikkje vart nytta på albumet, utvikla seg til den klassiske Pink Floyd-songen «Comfortably Numb» frå The Wall. Eine songen på albumet, «So Far Away» nyttar ein liknande progresjon som refrenget på «Comfortably Numb», men i ein annan toneart.[5]

Den instrumentale songen «Raise My Rent» inneheld bitar som seinare dukka opp i Pink Floyd-songane «What Do You Want from Me?», «Hey You» og «Keep Talking».

Ein noko anna versjon av songen «Short and Sweet» finst òg i eit samarbeid med Roy Harper i 1980 på albumet hans The Unknown Soldier. Musikalsk er «Short and Sweet» ein slags forgjengar for «Run Like Hell» (òg frå The Wall).[6]

David Gilmour kom ut på ny på EMI Records i Europa med ny digital lyd i 2006.

På liknande vis kan ein sjå «Short and Sweet» som ein musikalsk føregangar til «Run Like Hell» (òg frå The Wall), med dei skiftande akkordane over eit orgelpunkt i D og ein gitar med flange-effekt stemt i D.[7] «Short and Sweet» vart skriven i eit samarbeid med Roy Harper, som spelte inn sin versjon av songen i 1980 på albumet The Unknown Soldier.[8]

Marknadsføring endre

Ein promofilm med fem songar frå albumet vart nytta i marknadsføringa, framført live på The Roxy i London.[9] Bandet bestod av Gilmour sjølv på gitar og vokal, i tillegg til dei to musikarane på albumet, og broren til David, Mark, på rytmegitar og Ian McLagan på klaverinstrument. Dei framførte «Mihalis», «There's No Way Out of Here», «So Far Away», «No Way» og «I Can't Breathe Anymore». Det var to kvinnelege korvokalistar på «There's No Way Out of Here» og «So Far Away».

Gilmour marknadsførte òg albumet med dei første intervjua sine nokon gong for nordamerikansk media og FM-radiostasjonar.

Utgjeving og mottaking endre

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic     [10]
Tentative Reviews     [11]

Albumet kom ut i Storbritannia 25. mai 1978, og den 17. juni 1978 i USA på høvesvis Harvest og Columbia.

I eit intervju med Circus Magazine i 1978 sa Gilmour: «Dette albumet var så viktig for meg. Først visste eg ikkje om eg hadde eit stort nok namn til å bere det. Å vere i ei gruppe i så lang tid kan bli nokså klaustrofobisk, og eg trengde å stige ut av Pink Floyd-skuggen.»

Innhald endre

All musikk av David Gilmour utanom «There's No Way Out of Here» skriven av Ken Baker. All tekst av Gilmour, utanom der anna er nemnt.

Side ein
Nr.TittelTekstLengd
1.«Mihalis»Instrumental5:46
2.«There's No Way Out of Here»Ken Baker5:08
3.«Cry from the Street»Gilmour, Eric Stewart5:13
4.«So Far Away» 5:50
Side to
Nr.TittelTekstLengd
5.«Short and Sweet»Gilmour, Roy Harper5:30
6.«Raise My Rent»Instrumental5:33
7.«No Way» 5:32
8.«Deafinitely»Instrumental4:27
9.«I Can't Breathe Anymore» 3:04
2006-utgåva
Nr.TittelTekstLengd
1.«Mihalis»Instrumental5:55
2.«There's No Way Out of Here»Ken Baker5:20
3.«Cry from the Street»Gilmour, Eric Stewart5:13
4.«So Far Away» 6:06
5.«Short and Sweet»Gilmour, Roy Harper5:30
6.«Raise My Rent»Instrumental5:47
7.«No Way» 6:12
8.«Deafinitely»Instrumental4:27
9.«I Can't Breathe Anymore» 3:43

David Gilmour kom ut på EMI i Europa i 2006 med digitalt ommastra lyd. Legacy Recordings/Columbia Records gav ut denne utgåva i USA og Canada 12. september 2006. Denne versjonen har nokre utvida utgåver av somme spor.

Medverkande endre

Produksjon

Salslister endre

Liste Plassering
Den newzealandske albumlista[12] 22
Den svenske albumlista[13] 20
UK Albums Chart[1] 17
US Billboard 200 Chart[14] 29

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «David Gilmour | Artist». Official Charts. Henta 4. juli 2019. 
  2. 2,0 2,1 «David Gilmour | Music | David Gilmour | Official Website», www.davidgilmour.com, henta 29. mai 2023 
  3. «Unicorn official site». Unicornmusic.net. Henta 14. mai 2012. 
  4. Unicorn-diskografi på Discogs
  5. Carruthers, Bob (2011). «The Wall». Pink Floyd – Uncensored on the Record (E-book utg.). Cooda Books Ltd. ISBN 978-1-908538-27-7. Henta 11. oktober 2012. 
  6. Matt Resnicoff (August 1992). «Careful With That Axe David Gilmour Interview». Musician. Arkivert frå originalen 2. januar 2011. Henta 7. mars 2011. 
  7. Matt Resnicoff (August 1992). «Careful With That Axe David Gilmour Interview». Musician. Arkivert frå originalen 2. januar 2011. Henta 4. juli 2019. 
  8. Roy Harper - The Unknown Soldier Album Reviews, Songs & More | AllMusic (på engelsk), henta 29. mai 2023 
  9. David Gilmour: Wider Horizons. 14. november 2015. Henta 14. november 2015. 
  10. Raggett, Ned. «Allmusic review». Allmusic.com. Henta 4. juli 2019. 
  11. «Tentative review». Tranglos.com. 9. september 1997. Arkivert frå originalen 1. mars 2012. Henta 4. juli 2019. 
  12. Hung, Steffen. «David Gilmour - David Gilmour». charts.org.nz. Arkivert frå originalen 5. november 2013. Henta 1. november 2013. 
  13. Hung, Steffen. «David Gilmour - David Gilmour». swedishcharts.com. Henta 1. november 2013. 
  14. «David Gilmour - David Gilmour | Awards». AllMusic. Henta 1. november 2013. 

Bakgrunnsstoff endre